Annonse

Svake lesarar har mindre motivasjon og leselyst

Svake lesarar les mindre på fritida enn gode lesarar, og dei les sjeldnare for moro skuld.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Motivasjon er viktig for kor mykje elevane les og om dei oppnår gode leseferdigheiter, viser Pirls-undersøkinga. Foto: Kjersti Ludetræ/Lesesenteret (Foto: Kjersti Ludetræ/Lesesenteret)

– Passe vanskelege bøker som engasjerer kan hindre at elevar kjem i ein vond sirkel, meiner førsteamanuensis Kjersti Lundetræ ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Den internasjonale leseundersøkinga PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study) viser at det i Noreg var færre svake lesarar på fjerde trinn i 2011 enn i 2006.

Likevel viser undersøkinga at det framleis er mange norske skuleelevar som slit med lesing. Tala viser at rundt 18 000 elevar på fjerde trinn har det som blir definert som svake leseferdigheiter.

Les ikkje for moro skuld

Lundetræ har saman med førsteamanuensis Egil Gabrielsen undersøkt samanhengen mellom ferdigheiter og haldningar til lesing.

PIRLS-undersøkinga viser at svake lesarar les mindre på fritida enn gode lesarar, og dei les sjeldnare for moro skuld.

– Det er sterk samanheng mellom leseferdigheiter og motivasjonen for å lese. Medan nærare 70 prosent av dei svake lesarane svarar at dei les berre når dei må, er det berre rundt 20 prosent av dei gode lesarane som har denne haldninga, seier Lundetræ.

Tre kategoriar

Ut frå resultat i undersøkinga er lesarane plassert i tre kategoriar: svake leseferdigheiter, middels gode leseferdigheiter og gode leseferdigheiter.

Rundt halvparten av elevane er i kategorien i midten, medan rundt 25 prosent av elevane er i kvar av dei to andre kategoriane. Det er dei i kategoriane svake leseferdigheiter og gode leseferdigheiter som er samanlikna her.

Motivasjon har stor betyding for kor mykje elevane les og om dei oppnår gode leseferdigheiter. Manglande leselyst kan føre til at eleven kjem inn i ein dårleg sirkel med lite lesing og påfølgande lite utvikling av ferdigheitar og manglande motivasjon.

Om ein skal oppnå så gode leseferdigheiter at ein kan gjenkjenne orda og ikkje treng å lydere seg gjennom dei, krevs det trening.

– Derfor er det viktig at ein tidleg gir elevane tilpassa tekstar som er engasjerande og spennande. Lærarar bør leite etter litteratur som kan trigge lysten til å lese. I tillegg er det viktig at ein set av tid til lesing på skulen, seier Lundetræ.

På same måte spelar foreldra ei viktig rolle med tanke på å hjelpe barna i gang med bøker heime. Lundetræ viser til at leseglede og positive opplevingar knytt til lesing er viktig heilt frå starten når eleven knekk lesekoden og skal vidareutvikle ferdigheitar.

Vond sirkel

– Derfor bør ein gjere noko tidleg dersom elevar strevar med bokstavlæringa eller lesinga, før dei opplever nederlag. Om ein lukkast tidleg, får ein trena meir på ferdigheita og oppleve meir leseglede.

– Ved å sette inn tiltak tidleg, kan ein hindre at elevane kjem i ein vond sirkel, seier Lundetræ.

I undersøkinga vart og foreldra spurde om deira haldingar til lesing. Langt fleire av foreldra til svake lesarar svarar at dei les berre når dei må, samanlikna med foreldre til gode lesarar.

Kor vidt foreldra er positivt innstilt til lesing og om det er kultur for lesing i heimen har og samanheng med barna sine ferdigheiter og haldningar.

– Vi kan anta at barn av foreldre som berre les om dei må, blir lest mindre for og har mindre tilgang på eiga lesestoff. Det kan og tenkast at ein del av foreldra i denne gruppa sjølv strevar med lesing og at desse problema gjer at dei unngår leserelaterte situasjonar, seier Lundetræ.

Referanse:

Lundetræ og Gabrielsen: «Hva gjør skolen i møte med svake lesere?», i Gabrielsen og Solheim: Over kneiken? Leseferdighet på 4. og 5. trinn i et tiårsperspektiv, Lesesenteret 2013.

Powered by Labrador CMS