Elektronisk litteratur

Musikk laga av trådlause signal i bybilete, dikt fortolka av datamaskiner og interaktiv poesi er ei verd få kjenner til, men som er fødd av vår nye digitale kvardag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Scott Rettberg)

Elektronisk litteratur stod på plakaten då ei uvanleg forsamling akademikarar og kunstnarar møttest ved Universitetet i Bergen for ein tre dagar lang konferanse 11. - 13. september.

Electronic Literature in Europe, som konferansen heitte, var eit diskusjonsforum for forskarar og ei scene for kunstnarar, og eit høve for begge partar å kunne utvikle sitt felt.

Med elektronisk litteratur meiner ein noko heilt anna enn litterære tekstar som vert publisert i elektroniske format på verdsveven eller som elektroniske bøker.

Fundamentalt elektronisk

For deltakarane på konferansen er det benemninga på litterære uttrykk som er fundamentalt elektroniske.

- Elektronisk litteratur er verk med viktige litterære aspekt, som utnyttar dei tekniske moglegheitene og kontekstane som er tilgjengeleg gjennom datamaskinar - i og utanfor nettverk, forklarar Scott Rettberg, og siterer definisjonen til The Electronic Literature Organization (ELO).

ELO er ein samlande organisasjon for både teoretikarar og utøvarar av litterær elektronisk kunst, som Rettberg sjølv var med og tok initiativ til å danne i 1999.

I dag er Scott Rettberg 1. amanuensis i Humanistisk Informatikk ved Institutt for Lingvistiske, Litterære og Estetiske Studium ved Universitetet i Bergen.

Han hadde hovudansvaret for å organisere konferansen som involverte 50 gjester frå heile Europa.

Endra seg

- Feltet utvikla seg frå slutten av 90-talet til i dag, særleg i breidda av kva folk gjorde, og det endra seg drastisk.

- Til å byrje med var det stort sett hypertekstromanar og liknande, men med verdsveven vart langt fleire verkty tilgjengeleg, og av dette kom interessa for å definere feltet meir presist.

- Definisjonen er framleis ganske brei, men hovudideen er at det er verk som er mogleggjort av datamaskiner og nettverkkontekster som ikkje var moglege berre i trykkformat, fortel Rettberg.

Han understrekar at det ikkje er nok at verket vert distribuert digitalt.

Elektronisk litteratur er verk som nyttar seg av datamaskina si reknekraft så vel som framstillingsevne, og som framleis har litterære sider i ein vid forstand av ordet.

Under kunstnarane si framføring av sine verk på konferansen, kom breidda i det heile klart fram. Frå romanar illustrert med google-map, til ein Nintendo DS som spelte musikk basert på signal frå trådlause nettverk i nabolaget

Språket

- Eit viktig element er at språket i seg sjølv endrar seg i kontekst av nettverka. Ein kan snakke om ein digital kontekstualitet. Alle skriv e-mail til dømes, påpeikar Rettberg.

"For den oppveksande generasjon er den digitale verda medfødd. Her er Scott Rettberg med dottera si under konferansen."

Han har sjølv skreve ein roman for e-mail, som vart distribuert per e-mail og hadde den stilistiske formen til e-mail.

Rettberg vart først involvert i miljøet gjennom ein annan roman han skreiv i lag med venner i 1998, The Unknown, som var ein hypertekstroman.

Sett frå ein tradisjonell ståstad kan det vere vanskeleg å forstå kva alt dette har med litteratur å gjere, eller kunst for den saks skuld.

- Alt som vert famna av feltet er til dels litterært, og språket står i fokus.

Det litterære

- Det er ei blanding av både tradisjonell og utradisjonell kunst og det litterære i verka som feltet famnar om, men det som bind det saman er at det omhandlar språk, poesi og narrativ, og slikt som ein vanleg knytt til litteratur, fortel han.

- Ein kan skilje mellom litteratur og det litterære. Det litterære viser til konteksten av litteratur, utan å vere litteratur i seg sjølv, forklarar Rettberg.

Han trekk fram eit døme som ikkje kan lesast som litteratur - ein film av koden bak eit jpg-bilete.

- Ein kan ikkje lese dette, ein kan ikkje lese hexadesimalkoder, men verket seier noko om det å lese, om ideen at språket vi bruker i den digitale verda alltid har tekst under seg - sjølv eit bilete. Og dette er interessant, sett frå eit tradisjonelt litterært perspektiv.

Grensene for kva som er litterært og kunstnerisk er noko av det Rettberg jobbar mest med, og finn mest interessant, men han meiner det er fordelaktig å jobbe med ganske opne termar.

Teori og praksis

Scott Rettberg er blant dei på konferansen som er både teoretikar og utøvar innanfor feltet, og han er ikkje åleine om det.

- Kanskje ein tredjedel av dei involverte er både akademisk interesserte og utøvarar sjølv, men det er ein del som berre er akademikarar eller berre kunstnarar.

- Det som er spanande er at vi møtast, og det var veldig vellukka på denne konferansen. Her var det forskarar frå humaniora som delte sine idear om verket, og ein hadde eit særs tett samspel.

Rettberg meiner at dette er ein karakteristikk ved feltet, og at ein vil finne at i dei fleste tilfeller av nye medium vil utøvaren vere langt meir reflektert over det han gjer.

Teoretikarane vil òg vere meir interessert i dei tekniske sidene ved det heile. Ein får ikkje det same skarpe skiljet mellom akademikarar og utøvarar som kjenneteiknar mellom anna litteraturkritikken.

Når ein publikum?

- Det var produktivt, og absolutt nødvendig med denne konferansen. Dette er eit felt for både teori og praksis, og ein kultur der kultur og humaniora møtast, fortel Talan Memmott.

(Foto: Scott Rettberg)

Memmott er ein av dei meir profilerte kunstnarane som deltok på konferansen, og han har utmerka seg som kunstnar på ulike felt, så vel som teoretikar. Til dagleg underviser han ved Blekinga Tekniske Högskola i Sverige.

Han uttrykkjer ein sterk tru på at kunsten kan nå ut til folk, og gjer det, då den er hovudsakleg basert på verdsveven.

- Elektronisk kunst er ikkje så sjeldan, eller obskurt. Berre sjå på den eksisterande remix-kulturen, på populære “mashups” eller youtube. Folk deltek i den nye digitale verda gjennom web 2.0, og det krev berre ei interesse for poesi.

Rettberg støttar han i at internetter viktig for å introdusere folk for verka. Han trur derimot ikkje at dei har eit potensial til å nå dei heilt store mengder.

- Samanlikna med Harry Potter det lite, men interessa er global, og det i seg sjølv er interessant, fortel han.

- Det essensielle ved verdsveven er at alt skjer samstundes over heile verda, og det tillet at transnasjonale utøvande miljø kan vekse fram. Det er truleg første gong i den litterære historia at ein sjanger veks fram globalt, før det utviklar seg lokale miljø.

Og publikum er veksande, og ulike miljø er interessert i ulike sider ved dette, meiner han.

Målet for konferansen

Rettberg hadde tre hovudmål ved Electronic Literature in Europe. For det første ville han ha ein tradisjonell og streng akademisk prosess, tilsvarande den ein finn ved andre konferansar, der ein oppfordrar til debatt rundt ulike teoretiske perspektiv.

Innlegga er tilgjengeleg online, og vil danne basis for ein publikasjon i framtida. For det andre ville han samle folk frå vidt ulike område geografisk og fagmessig, og han ville samle både teoretikarane og kunstnarane, for å unngå ein altfor abstrakt debatt.

Det tredje målet var å skape eit nettverk, eit forretningsmøte som han kallar det, der ein kunne drøfte forholdet mellom dei to partane.

- Eg trur konferansen var vellukka på alle dei tre punkta. Og eg ønskjer at Bergen skal vere eit sentrum for dette, då Skandinavia generelt er bra posisjonert for eit slikt arbeid.

- Eg var gledeleg overraska over den høge kvaliteten på framsyningane, og debattane var gode. Den var både seriøs og vennlegsinna, og interessenivået var høgt.

Finne seg sjølv?

Feltet har sett ein tydeleg vekst dei siste åra, og Rettberg var sjølv overraska over responsen på konferansen, og det arbeidet som var gjort i ulike europeiske land som han ikkje hadde visst noko om.

Han trur og at publikum vert meir mottakeleg for denne type uttrykk, etterkvart som våre lesevaner vert endra av nettverksmedia.

- Eg trur ikkje folk vert dummare, og eg trur ikkje at behovet for det litterære vert mindre, men eg trur folk les på nye vis, og at dei gjer det i ein nye kontekst, fortel han.

- For meg handlar det mykje om å utvikle ting for ein ny type lesar, som har opplev det tekstuelle i ein nettverkskontekst. Den første generasjonen som ikkje kjenner til ei verd utan datamaskiner og nettverk.

Tidleg

Dette er framleis eit veldig tidleg stadium for forma.

- Folk har jobba med dette i 20 år, noko som er ganske så kort tid sett i samanheng med andre former.

- Det har utvikla seg som ein kunstform og akademisk disiplin, og det er eit stort steg. Men vi har ikkje funne ei bestemt form, og vi har heller ikkje fått noko meisterverk.

- Det skjer ein del interessant arbeid, noko av det på designnivå og andre ting på eit meir teknisk nivå. Det er mykje som er interessant på ulike nivå, men ingenting ein enno kan samanlikne med Shakespeares samla verk eller Ulysses.

Rettberg trur at det er etterkvart vil verte meir faste former for denne type uttrykk, men at det spanande ligg i at det akkurat no er så mange ulike perspektiv og framgangsmåtar i feltet, i motsetnad til disiplinar der grensene er sett for lenge sidan.

Talan Memmott meiner denne formen for kunst held på å finne sin plass, og held på å utvikle sitt eiga språk, både kunstnerisk og teoretisk.

I denne prosessen er Electronic Literature in Europe ein viktig del, og han er ikkje åleine om å uttrykkje eit håp om at fleire slike konferansar og samlingar vil finne stad framover. Rettberg er sikker på at konferansen har skapt eit bra grunnlag for vidare arbeid i det europeiske nettverket.

Nyttige lenkjer:

http://elitineurope.net/
http://eliterature.org/
http://collection.eliterature.org/1/
http://www.unknownhypertext.com
 

Powered by Labrador CMS