1000 år gamle jødiske skrifter oppdaga i hole i Afghanistan

Unikt skriftfunn dokumenterer eit jødisk samfunn i Afghanistan på 1100-talet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette lovdokumentet i judeo-persisk frå år 1005 er blant dokumenta som er oppdaga i ei hole i Afghanistan. (Foto: Israel National Library)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Nasjonalbiblioteket i Israel har offentleggjort eit viktig funn av jødiske manuskript som gir det første beviste for eit gammalt jødisk samfunn i Afghanistan, melder Associated Press.

Dokumenta vart funne i ei hole i Afghanistan som har fungert som ei såkalla genizah, eit lagerrom for hebraiske bøker og papir med hovudsakleg religiøse emne, men der også sekulære skrifter har blitt lagra.

Dette er eit ekstremt viktig funn, som gir eit unikt innblikk i den kulturelle historia til eit jødisk samfunn i eit område som i det 11 hundreåret hadde svært viktige politiske, kulturelle og økonomiske senter, skriv Israel National Library på sine nettsider.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS