Kva skulle barnet heite i norrøn tid?

Året er 1337. Sigríðr, Gudrún og Ingibjǫrg er dei tre mest populære jentenamna. Sigurdr, Jón og Óláfr utgjer topp tre blant gutane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Han skal heite Þorbiǫrn! Nei, Þorbrandr, eller kanskje Ásbrandr. (Foto: (Montasje: Oscar Wergeland/Colourbox/Per Byhring))

I byrjinga var tydinga av namnet viktig.

- Namneledda i dei gamle nordiske personnamna er opphavleg namn eller ord med eit spesielt innhald. Tydinga har vore kjent og tiltenkt frå namngjevarane si side:

- Dei har gjerne ønskt at namneberaren skulle få dei positive eigenskapane som er nemnde, fortel professor Inge Særheim ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Særheim har forska på namn og har skrive om personnamn og stadnamn i Handbok i norrøn filologi som kom i ny utgåve i januar 2013.

- Kanskje kan ein rekna med ein magisk namnefunksjon. Men etter kvart har slike tydingar vorte utviska, og namna har blitt laga utan at innhaldet synest å ha spela noka særleg rolle.

- Namn som Hallsteinn der begge ledda tyder «stein» og Hildigunnr og Gunnhildr der båe ledda tyder «kamp», «strid» er døme på det, seier Særheim.

- Gutar har også fått namn som Finnr og Halfdanr utan at namngjevarane har tenkt over – eller vore klar over – at desse namna tyder «finn», altså «same», og «halvdansk», held han fram.

Oppkalling

Den eldste namgjevingsmåten ein kjenner frå nordisk og germansk språkområde er oppkalling av ein av foreldra etter det såkalla variasjonsprinsippet. 

Det vil seie at ein i samansette namn tek med eitt ledd frå namnet til den eldre personen som ein kallar opp, og varierer det andre leddet. 

Slik kan ein i norrønt få generasjonsrekker som Þorbjǫrn - Þorbrandr-Ásbrandr-Vébrandr. Også usamansette namn kan nyttast, som til dømes Geirr-Þorgeirr.

Å kalla opp med fullt namn etter ein eldre slektning, såkalla fullnamnsoppkalling – helst av besteforeldregenerasjonen, var den vanlege namngjevingsmåten i vestnordisk område frå og med vikingtida. Men opphavleg skulle ein ikkje kalla opp nyfødde etter levande personar.

Heilt fram til nyare tid har det vore vanleg å gje namn på denne måten her i landet – etter visse reglar. Ofte får den eldste sonen namn etter farfaren, den nesteldste etter morfaren, den eldste dottera etter farmora og den nesteeldste dottera etter mormora.

Importerte namn

Også oppkalling ved bruk av like førebokstavar er kjent hjå germanske folk langt attende i tida, særleg i fyrsteætter, men i Norge fekk ikkje dette gjennomslag blant folk flest i mellomalderen.

Fullnamnsoppkaling førte til at somme namn gjekk att og gav dermed liten variasjon i namnebruken. Variasjonsprinsippet gav meir rom for originale kombinasjonar og førte til at fleire namn kom i bruk.

Kontakten med kristen kultur og innføringa av kristendommen førte til at ei rad nye ord og namn vart vanlege og ein fekk nye namneskikkar.

For mange av namna som kom med den kristne kulturen, gjerne gjennom helgennamn, vart det utvikla særgermanske og særnordiske former, som Páll av Paulus, Pétr av Petrus, Jón(n) av Johannes, Anders av Andreas, Birgit og Brit(a) av Birgitta, Margrét, Margit og Marit av Margarita.

Namn av denne typen har særleg komme gjennom kulturpåverknad frå engelsk og tysk.

Fleire kom til å bli blant dei mest populære manns- og kvinnenamna og skulle dominera norske namnetopplister frå før reformasjonen og heilt fram til den nordiske namnerenessansen, som tok til på slutten av 1800-talet.

Keltisk kontakt

Det kom inn personnamn frå andre germanske språk før vikingtida. Men namneimport frå nærskylde språk er ofte vanskeleg å oppdage på grunn av den nære slektskapen mellom språka.

- Eit døme er mannsnamnet Hloðvér, Lodve, som svarar til det tyske Ludwig, truleg eit førhistorisk lån av gamalfrankisk Chlodowich, forklarar Særheim.

Skipsferder og utflytting i viking- og landnåmstida førte til samkvem med keltisktalande folk.

I denne tida kom det inn fleire personnamn frå keltisk språk, særleg på Island, til dømes mannsnamna Njáll og Kjartan og kvinnenamnet Birgitta. Det siste er omlaging av det keltiske Brigit som tyder «den høge».

Gresk og latin

Også frå gresk og latin kom det inn personnamn: Det greske Alexander skriv seg frå Alexander den store, og latinske Magnus, som tyder «stor», frå frankarkongen Carolus magnus, det vil seie Karl den store.

Desse namna skulle bli brukt gjennom fleire hundreår, mellom anna i former som Sander og Mons.

Namnemoter fanst også i eldre tid. Nokre namn vart i mellomalderen hovudsakelig nytta av fyrste- og kongeættar, til dømes mannsnamna Haraldr, Halfdanr og Rǫgnvaldr, dessutan kvinnenamna Ragnhildr og María.

Seinare spreidde desse namna seg til breiare lag av folket. I høvdingætter var det elles mykje bruk av samansette førenamn, medan dei usamansette namna var meir vanlege blant lågare samfunnslag.

Geografiske skilje

Ein finn også geografiske ulikskapar i namnebruken i norrøne kjelder. Til dømes stod Hallvarðr sterkt på Austlandet og Sunniva på Nordvestlandet, altså i område som desse helgenane var knytte til.

- Dette er ikkje overraskande, men det er noko påfallande at Óláfr ikkje hadde tilsvarande stilling i Trøndelag på 1300-talet. Det var meir populært i andre landsdelar.

- Dette har kanskje samband med at Olav den heilage ikkje var så høgt verdsett blant trøndske bønder. Den sterke stillinga namnet Olav seinare skulle få i heile landet, har bakgrunn i det store oppsvinget i olavskulten i seinmellomalderen, seier Særheim.

Den nordiske namnerenessansen

Den sterke framveksten av namn som kom med den kristne kulturen og ved tysk handelsverksemd, som Didrikr, Friðrekr, Heinrekr, Hermann, Magnhildr og Valborg, og som særleg gav seg utslag i Bergen, førte til at stillinga til dei nordiske namna vart svekt, særleg i siste delen av mellomalderen.

Denne utvikinga galdt for heile landet, heilt fram til sist på 1800-talet, då ein nordisk namnerenessanse tok til.

I første halvdel av 1900-talet dominerte personnamn av nordisk opphav både blant manns- og kvinnenamn. Det vart også laga nye kombinasjonar med dei gamle nordiske namneledda, som Oddvar, Magnar, Torfrid og Ingrun.

Powered by Labrador CMS