Tolvte band av Norsk Ordbok. – Vi har svært mange ord som seier noko om ulike måtar å arbeide på. Eit søk på verbdefinisjonar som inneheld ordet «arbeida», gir meir enn 1200 tilslag. Verb for å arbeide slurvet, klønet, keivelig er til dømes: bengla, dalka, fluskra, frulsa, fumsa, hamstra, klafsa, klakka, klossa, nurva, revla, sleiva, spritla, tvagla, tvirla, vasa, vondla, våma, seier Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo. Ho er ein av hovudredaktørane for ordboka.  (Foto: NTB Scanpix)
Tolvte band av Norsk Ordbok. – Vi har svært mange ord som seier noko om ulike måtar å arbeide på. Eit søk på verbdefinisjonar som inneheld ordet «arbeida», gir meir enn 1200 tilslag. Verb for å arbeide slurvet, klønet, keivelig er til dømes: bengla, dalka, fluskra, frulsa, fumsa, hamstra, klafsa, klakka, klossa, nurva, revla, sleiva, spritla, tvagla, tvirla, vasa, vondla, våma, seier Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo. Ho er ein av hovudredaktørane for ordboka. (Foto: NTB Scanpix)

Norsk Ordbok viser at nordmenn er intenst opptekne av arbeid

Oppslagsverket med over 300 000 ord fortel mykje om nordmenns sjølvbilete. Mellom anna syner ordboka at nordmenn er spesielt opptekne av arbeid og effektivitet.

Published

Norsk Ordbok

  • Norsk Ordbok gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk.
  • Til kvart ord finn ein grammatiske opplysningar, tyding, ordhistorie og døme på korleis ordet blir brukt. I tillegg får du også eksempel frå litteratur og dialektar og geografisk utbreiing.
  • Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca. 1600 til i dag og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt.
  • Arbeidet med verket starta hjå Det Norske Samlaget i 1930. Det vart etablert ein liten fagredaksjon, og utover 1930-tallet bidrog rundt 550 frivillige med å samle, registrere og forklare dialektord frå heile landet.
  • I 1950 blei det første heftet gjeve ut, og i 1966 det første bandet. Drifta vart gradvis profesjonalisert og i 1972 lagt under Universitetet i Oslo. Første band av Norsk Ordbok kom i 1966, det siste i 2016.
  • I mars 2012 lanserte prosjektet ei nettutgåve av ordboka. Nettutgåva har likevel berre oppslagsord frå og med I, fordi A-H ikkje er digitaliserte.

Norsk Ordbok er komplett. Arbeidet har halde på heilt sidan 1930. No, etter 86 år, er siste punktum endeleg sett.

Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo er ein av hovudredaktørane for ordboka. Ho er både sliten og lykkeleg etter å ha fullført det som kan kallast eit filologisk maratonløp: 12 band, 9600 sider og meir enn 300 000 oppslagsord.

KOMPLETT: – Det er herleg endeleg å vera ferdig med Norsk Ordbok, seier redaktøren Oddrun Grønvik. Ordboka er ei gåve til det norske folket i høve 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Det er Universitetet i Oslo og Kulturdepartementet som har finansiert storverket. (Foto: Ola Sæther)
KOMPLETT: – Det er herleg endeleg å vera ferdig med Norsk Ordbok, seier redaktøren Oddrun Grønvik. Ordboka er ei gåve til det norske folket i høve 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Det er Universitetet i Oslo og Kulturdepartementet som har finansiert storverket. (Foto: Ola Sæther)

– Framleis står det rettnok att å digitalisere dei første fire banda – dei blei nemleg skrivne før digitaliseringa si tid. I tillegg er det også behov for å revidere dei første banda. Eit ord som bil viser tydeleg at det trengst ei revidering. Det står så vidt oppført i band 1, då under ordet automobil, peikar forskaren på.

Men alt dette blir no ei oppgåve for Universitetet i Bergen, som tek over ansvaret for og det vidare arbeidet med Norsk Ordbok.

Nasjonal dugnad

Mykje av ordboka har blitt til takka vere ein nasjonal dugnad utan sidestykke. Sidan 1930 har frivillige eldsjeler landet rundt sendt inn sine bidrag.

– På den måten har dei sytt for at Norsk Ordbok har så mange dialektord. Til saman har arkivet 3,2 millionar ordsetlar som folk har sendt inn. Også kronprins Haakon har bidrege, med uttrykket «morningen» (morgonen) frå Asker, fortel Grønvik.

Men den største eldsjela av dei alle er Bergit Rike frå Valle i Telemark. Ho har sendt inn heile 50 000 setlar.

– Bergit Rike sende blant anna inn ei dokke med bunad. Til denne hadde ho fest lappar med forklaring på kvar einaste saum, tråd, stoff og plaggdel. Ho sende også inn ein utskoren hest med kløv, som også hadde små lappar med ordforklaringar på.

– Enorm forskingsressurs

Redaktøren er også oppteken av at Norsk Ordbok gir eit godt grunnlag for vidare forsking. Særleg er det mange moglegheiter til å forske på norsk som samansetjingsspråk – at vi lagar nye ord ved å setje saman dei orda vi treng.

– Ein slik komplett database er ein enorm forskingsressurs, som gir heilt nye høve til å forske vidare på til dømes ordlaging. Eit spennande felt er for eksempel overgangen frå prefiks til sjølvstendig ordform. Vi kan samanlikne bruken av trans i transaksjon og transperson. I transperson har prefikset trans fått ein sjølvstendig status. Norsk Ordbok gir mange høve til å forske på samansetjingsledd og sjølvstendige ledd, seier ho.

Ordbøker kan seie mykje om menneske, kultur og haldningar. Grønvik hentar eit eksempel frå Dr. Johnsons Dictionary of the English Language (1755).

– I definisjonen for «havre» står det: eit kornslag som i England blir gitt til hestar, men i Skottland før (ernærer) folket, seier ho.

– Dette vert vanlegvis tolka som ein nedsetjande kommentar, og er dermed ikkje eit eksempel å følgje.

1200 treff på «arbeid»

Men kva seier så Norsk Ordbok om oss? Er det nokon ord her som røpar den norske folkesjela? Og har det noko med forsking å gjere?

Oddrun Grønvik peikar på at Norsk Ordbok inneheld mykje stoff som er relevant i kulturstudium i brei forstand. Eitt trekk som redaksjonen har lagt merke til, er nordmenns forhold til arbeid.

– Ordboka avslører at nordmenn er intenst opptekne av arbeid og effektivitet. Dette er ein gjennomgangstråd, vil eg seie. Det går rett og slett på korleis vi skal overleve i denne steinrøysa.

No når Norsk Ordbok er ferdig, kan ein ta til å utforske innhaldet frå omgrepssida, altså gjennom definisjonane.

– Vi har svært mange ord som seier noko om ulike måtar å arbeide på. Eit søk på verbdefinisjonar som inneheld ordet «arbeida», gir meir enn 1200 tilslag. Verb for å arbeide slurvet, klønet, keivelig er til dømes: bengla, dalka, fluskra, frulsa, fumsa, hamstra, klafsa, klakka, klossa, nurva, revla, sleiva, spritla, tvagla, tvirla, vasa, vondla, våma.

– Norsk Ordbok har ei mengd personord som er knytte til mangel på effektivitet. Ta berre ord som «dragver», «morgonrugg» «sinke» og «slams». Alle gjeld personar som er seine og trege i det som skal gjerast.

Eta meir!

Grønvik synest også det er svært interessant å sjå på kva for nye ord som vert verande i det norske språket – og kva ord som forsvinn ut. Det seier noko om samfunnet vi lever i.

– Då glasnost kom inn i det norske språket på 1980-talet, så trudde vi at det var eit ord som var kome for å bli. Men no er dette eit ord som dagens ungdom ikkje kjenner til. Det same gjeld ordet askefast. Det var eit nytt ord som oppstod i samband med vulkanutbrotet på Island i 2010. Men sidan det var knytt til eit nokså sjeldent fenomen, så har det vore lite i bruk etterpå, forklarar hun.

Mange ord går også ut etter kvart som skikk og bruk endrar seg.

– Eit døme er ordet nøyding eller nauding. Skikken med å nøyde gjester til å ete meir, er på veg ut, og dermed også ordet. Unge i dag veit vel ikkje kva dette ordet betyr, seier Grønvik og fortel denne muntre anekdoten: Ein mann klaga over at han hadde vore på besøk hjå nokon utan å få mat. Han utdjupa det med følgjande forklaring: «Dæm ba mæ, men dæm naua mæ itj!»

Gamle og korte forsvinn ikkje

Men kva ord kan vi vere trygge på at vi får behalde, i ei tid der språket utviklar seg fort og påverknaden frå engelsk er stor?

– Dei orda som blir i språket vårt over tid, er dei gamle, korte orda. Dei blir ikkje borte. Desse finn vi igjen i alle nordiske og germanske språk. Dei utgjer det såkalla kjerneordtilfanget på rundt 10 000 ord, forklarar ho.

Forsking kan også vise at skiljet mellom by og land ikkje er så sterkt som ein skulle tru. I ein by som Oslo er dei aller fleste innflyttarar. Det påverkar også språket. Slangord blant ungdommar i byen har ofte vist seg å vere gamle dialektord.

– For ti år sidan snakka ungdom i Oslo mykje om loking. Å loke blei brukt om å hengje på T-bana og rundt senter. Dei kunne seie slikt som «Vi dreiv og loka i to timer». Men ordet stammar frå norrønt, der lok er nemninga på ein treg, dorsk og lat person.