null (Foto: David Gray, Reuters)
null (Foto: David Gray, Reuters)

Kronikk: Avslører falske vitnemål med Bitcoin

Offentleg sektor kan ha nytte av smarte nyvinningar frå Bitcoin-teknologien.

Publisert

Forrige veke fekk eg vitnemål frå universitetet i Nicosia om gjennomført og bestått kurs i digitale valutaer, eit såkalla Massive Open Online Course.

Det er ikkje noko spesielt med det; det spesielle er at vitnemålet også ligg lagra ein trygg og ope tilgjengeleg stad på nettet, nemleg det som kallast Bitcoin-blokkjeda. Denne bruksmåten er ein forsmak på kva den nye Bitcoin-teknologien kan føre med seg av smarte nyvinningar, også i norsk offentleg sektor.

Bitcoin har så langt fått mest merksemd som ein valuta, eller Internett-pengar om ein vil. Men gradvis veks det fram nye bruksområde for teknologien, på grunn av eit særeige fortrinn som få andre nett-teknologiar kan skilte med.

Dokumentasjon til evig tid

2015 var året då blokk-kjeda og teknologien som ligg til grunn, for alvor vart interessant for mange. Dei fleste større utanlandske bankar og finansaktørar har saman med dei største IT-selskapa sett i gang utprøving av teknologien. Dei har stor tru på blokk-kjeda, men er skeptiske til valutaen Bitcoin.

Men kva er så denne «blokk-kjeda»? Jo, ein stor, open database på nettet der alle gjennomførte transaksjonar er dokumenterte. Som namnet tilseier, er det snakk om ei lang kjede av blokker som inneheld transaksjonar. Nye blokker blir lagt til gjennom ein intrikat prosess der stor reknekraft er nødvendig for å unngå at dei same pengane blir brukte to ganger («double-spending»). Alle kan lesa ut informasjon frå blokk-kjeda, men ein kan ikkje utan vidare leggja til nye transaksjonar. Det er det berre dei med stor reknekraft som kan løysa ei vanskeleg matematisk oppgåve, som kan gjera.

Den store nyvinninga med denne kjeda, er at ho gjer det enkelt å bevisa eigarskap til noko utan bruk av ein tredjepart. Det høyrest kanskje ikkje så imponerande ut, men viss ein tenkjer over kva og kven tiltrudde tredjepartar er, blir det klarare kor store konsekvensar teknologien kan få; bankar og andre finansverksemder er dei vanlegaste eksempla på slike aktørar.

Nytte i  offentleg forvaltning

Også offentlege verksemder har ein viktig funksjon som tiltrudde tredje­partar som går god for eigarskap til ulike ting – pengar, vitnemål, sertifikat, diverse løyve og mykje meir. Bitcoin ber i realiteten bod om ei fullstendig automatisering av omfattande fysiske prosessar og rutinar i dagens samfunn. Blir teknologien teken i bruk i stort omfang, vil det kunna føra til store endringar i mange næringar.

Så langt er det ikkje så mange som har sett på potensialet for bruk av Bitcoin i offentleg sektor, utanom på området regulering. Av vitskaplege artiklar om temaet Bitcoin som er publiserte fram til no, er det så langt ingen som har teke opp potensialet for teknologien i offentleg sektor. Publiseringa av artikkelen denne kronikken byggjer på, er så langt eg har kunna registrera den første.

Bitcoin mot forfalsking

Tilbake til vitnemålet eg fekk frå universitetet i Nicosia. Sidan kurset handlar om digitale valutaer, og spesielt Bitcoin, var det naturleg at universitetet tok eigen medisin. Ved å leggja eit «fingeravtrykk» av vitnemålet (teknologisk blir dette kalla ein «hash») frå kurset på blokk-kjeda, har universitetet elegant gardert seg mot forfalsking. Falske vitnemål er eit stort problem over heile verda, og noko av problemet er at det tek tid å kontrollera om papira er ekte. Det ville difor vera ein stor fordel om nokre tastetrykk var alt som skulle til for å verifisera vitnemål – og eksempelet frå universitetet i Nicosia viser nettopp det.

På CV-en min vil eg føra opp det nemnde kurset i digitale valutaer og inkludera ein enkel instruks om korleis andre kan verifisera at vitnemålet er ekte og samsvarer med kopien universitetet har, og at eg ikkje har endra noko i etterkant. Den viktigaste eigenskapen med ei blokk-kjede som Bitcoin, er at det som blir lagra der etter kort tid (i realiteten ein time) blir umuleg å endra. Etter kvart som nye blokker blir lagt på toppen av dei eksisterande vil blokkene bli tryggare og tryggare dess fleire som blir inkluderte. Det er om lag som når elvar avset sediment på sjøbotnen og avleiringar djupt nede i sedimenta blir vanskelegare å grava fram enn dei som ligg på eller nær overflata.

Norske universitet og høgskular må komma etter

Ein slik bruk av Bitcoin-teknologien ville opna for ei omfattande rasjonalisering av rutinar knytte til å sjekka at vitnemål og andre dokument er autentiske. Bitcoin-teknologien opnar for første gang for å bevisa eigarskap utan bruk av ein tredjepart.

Det er flott at universitetet i Nicosia går føre og viser veg, men norske utdanningsinstitusjonar bør også få auga opp for denne viktige teknologien og starta eksperimentering. Sikker lagring av vitnemål er berre eitt av mange bruksområde.

Referanse:

Svein Ølnes: Beyond Bitcoin – Public Sector Innovation Using the Bitcoin Blockchain TechnologyNOKOBIT - Norsk konferanse for organisasjoners bruk av informasjonsteknologi 2015 ;Volum 23. (1).