Kronikk: Er Bitcoin framtidas betalingssystem?

Bitcoin kan visa seg å bli ein alvorleg utfordrar til dei dominerande betalingssystema på nettet i dag. Det bør interessera både myndigheiter og finansinstitusjonar, skriv Svein Ølnes i denne kronikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Pengeseddelen er en illustrasjon. Bitcoin eksisterer bare som bits, krypterte data, på internett. Sender og mottaker er anonyme, og alle transaksjoner føres i en logg som er distribuert på nettet. (Foto: (Illustrasjon: CASASCIUS, Creative Commons))

”Bitcoin er verre enn tulipan-hysteriet på 1600-talet. Den gangen sat du i det minste att med ein tulipan. Med Bitcoin risikerer du å sitja att med ingen ting”.

Det sa den tidlegare presidenten for den Nederlandske sentralbanken, Nout Wellink i fjor haust.

Det europeisk banktilsynet åtvarar også mot Bitcoin fordi det medfører stor risiko for brukarane. Det siste er jo nesten rørande omtenksamt av tilsynet for ei næring som har køyrt nesten heile verdsøkonomien i grøfta, med dei følgjer det har fått for vanlege folk.

Kva er Bitcoin?

Bitcoin er digitale pengar som berre eksisterer på Internett. I motsetning til vanlege pengar som også har ein fysisk representasjon i form av myntar og sedlar, er Bitcoin berre 0 og 1.

Bruken av Bitcoin er elles om lag som å bruka ein nettbank, med ei digital Bitcoin-lommebok som er ganske lik ein vanleg nettbank. Bitcoin kan kjøpast for vanleg valuta, og vekslast inn att i vanleg valuta. Det finst etter kvart mange ”Bitcoin-bankar” som tilbyr slike tenester, også norske (t.d. Justcoin.com).

Bitcoin – Internettpengar fødde av mistillit

Men Bitcoin må først og fremst forståast i lys av finanskrisa. Valutaen er ein direkte reaksjon på den misbruken av tillit finansnæringa over heile verda har gjort seg skuldig i. Pengar er baserte på tillit; både til finanssystemet og til myndigheitene.

Denne tilliten er sett på ein kraftig prøve etter 2008, og Bitcoin er basert på at du ikkje bør ha tru på at finanssystemet ryddar opp og oppfører seg greitt i framtida. I Bitcoin er det tillit berre til matematikk og programvare, ikkje til myndigheiter og finanssystem.

Anarkistiske pengar

Den viktigaste skilnaden på Bitcoin og ”vanlege” pengar er at Bitcoin ikkje er kontrollert av myndigheiter og sentralbank, men berre av programvare.

Bitcoin er ein fullt ut desentralisert valuta der sikkerheit skjer i samspelet mellom nettverket av brukarar. Det betyr at myndig¬heiter berre kan påverka gjennom eventuelle restriksjonar på bruken.

Men det vil vera vanskeleg å stoppa bruken av Bitcoin sidan det ikkje er nokon sentral organisasjon som står bak. Bitcoin kan ikkje stoppast, men myndigheitene kan stikka kjeppar i hjula for bruken av valutaen.

Slik sett minner Bitcoin-systemet mykje om sjølve Internett, særleg i den tidlege fasen av nettet.

Den mystiske Satoshi

Bitcoin-systemet vart første gang presentert i ein 8-siders artikkel forfatta av Satoshi Nakamoto på slutten av 2008. Ingen veit kven som skjuler seg bak dette namnet og det er med på å auka mystikken rundt valutaen.

I 2009 vart systemet sett i drift på Internett, og frå å ha ein verdi på 1-2 øre per Bitcoin har kursen auka kraftig slik at den i skrivande stund er over kr 5 000,-.

Eit ope system som likevel er stengt for manipulering

Ein viktig grunn til kursstigninga er at pengemengda er endeleg bestemt. Det blir ikkje meir enn 21 millionar Bitcoin når alle pengane er ”sleppte fri”. Det skjer først i år 2140. Fram til den tida vil det komma stadig mindre nye Bitcoin i sirkulasjon. Alt no er meir enn halvparten av alle Bitcoin i sirkulasjon.

Utan å gå inn på den teknologiske oppbygginga av Bitcoin, kan det seiast at den på same tida er både eit komplisert og eit uhyre elegant system. Det er basert på opne standardar og open kjeldekode og slik sett fritt fram for alle å studera og eventuelt kopiera.

Forsking på Bitcoin

Bitcoin byggjer på tidlegare gjennombrot i forsking innan kryptografi, ikkje minst offentleg nøkkel-kryptografi og digitale signaturar (Public Key Infrastructure – PKI) som vart funne opp på midten av 1970-talet.

Bitcoin bidreg på si side med eit viktig gjennombrot på eit langvarig problem: Korleis skapa tillit i eit distribuert system mellom aktørar som ikkje kjenner kvarandre og som ein i utgangspunktet ikkje kan stola på? Bitcoin løyser dette på ein elegant måte gjennom ein open transaksjonslogg kombinert med løysing av vanskelege krypteringsoppgåver (Proof of Work), litt enkelt sagt.

Det er publisert ein del artiklar med utgangspunkt i Bitcoin-systemet. Ein del av dei analyserer graden av anonymitet, andre har sett på svake sider ved systemet og kjem med forslag til forbetringar.

Ikkje minst er artikkelen Bitter To Better – How To Make Bitcoin a Better Currency av S. Barber et al. interessant og også pedagogisk godt oppbygd.

Myndigheiter viser interesse

Etter at Bitcoin har levd i det stille i 3-4 år, har systemet i løpet av 2013 fått fleire myndigheiter på bana. Dei har sett at dei ikkje kan stilla seg likegyldige til den digitale valutaen.

I USA har det vore høyringar der konklusjonen har vore at fenomenet må undersøkjast nærmare. Dei er likevel moderat positive til Bitcoin. I Kina stramma myndigheitene inn omsetninga av Bitcoin med det resultatet at kursen fall kraftig. Etterpå har den teke seg opp att. India har også gjennomført liknande innstrammingar.

Ï Norge har myndigheitene så langt ikkje uttalt seg om Bitcoin.

Bitcoins reelle verdi

Bitcoin er ikkje det einaste virtuelle og digitale pengesystemet, men det er i særklasse det viktigaste.

Den kraftige kursauken kombinert med kurssvingingar er likevel ikkje bra for Bitcoin. Ein valuta skal helst vera stabil for å vera eit effektivt betalingsmiddel. Med kursauke følgjer også deflasjon, noko økonomar fryktar mest av alt. Det meste av Bitcoin-omsetjinga i dag er difor investeringar og ikkje som betalingsmiddel, noko som kan vera øydeleggjande for valutaen.

Den største verdien av Bitcoin er at systemet har vist at eit heildigitalt pengesystem bygd på Internett-teknologi og –filosofi er muleg. Det er konstruert for å fungera friksjonsfritt på nettet og er slik sett eit veldig interessant alternativ for nettbetalingar.

Det er konstruert for å handtera ørsmå beløp og svarer dermed på eit av dei store problema med pengeoverføring på nettet: det er for dyrt å krevja inn små beløp. Det er samstundes ein global valuta som flyt fritt mellom land, også det ein føresetnad for å fungera som eit effektivt betalings-middel på nettet.

Bitcoin eller eit liknande system bygd på same teknologien, kan visa seg å bli ein alvorleg utfordrar til dei dominerande betalings¬systema på nettet i dag. Bitcoin har vist at transaksjonskostnadene bør vera  langt lågare enn det dagens dominerande aktørar opererer med. Det bør interessera både myndigheiter og finansinstitusjonar. Bitcoin har vist oss eit glimt av framtidas betalingssystem på nettet.

Powered by Labrador CMS