Tjuvar fekk kontrollkoder til romstasjon

Ein laptop med kontrollkoder til Den internasjonale romstasjonen vart i fjor stålne frå NASA.

NASA har blitt utsett for svært mykje datakriminalitet dei siste åra. Blant anna har kontrollkodene til Den internasjonale romstasjonen blitt stelt. (Foto: Paolo Nespoli/ESA/NASA)
NASA har blitt utsett for svært mykje datakriminalitet dei siste åra. Blant anna har kontrollkodene til Den internasjonale romstasjonen blitt stelt. (Foto: Paolo Nespoli/ESA/NASA)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

I ei høyring i romfartskomiteen i den amerikanske Kongressen, fortalde NASA-inspektør Paul K. Martin at ein laptop vart strålen frå romfartsorganisasjonen i mars i 2011. Dette resulterte i tap av algoritmar som vart nytta til å kontrollere Den internasjonale romfartsstasjonen, skriv Huffington Post.

– Operasjonane ved romfartstasjonen har aldri vore i fare grunna datatjuveriet, forsikrar NASA i fagtidsskriftet SecurityNewsDaily.

Men datainnbrotet illustrerer likevel den aukande trenden om at NASA er eit ynda mål for hackarar.

 

________________________

 

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS