Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
I Noreg finst det fleire tilbod som tar i bruk musikk for å gjere innsette betre rusta til å meistre kvardagsliv etter lauslating. Her frå ein konsert med prosjektet Musikk i fengsel og frihet (MIFF).(Foto: Heiko Junge / NTB)
Musikk knyt innsette i norske fengsel til verda utanfor
I norske fengsel føregår det eit kulturelt prosjekt som få veit om. Musikken kan bli ei livline når folk skal ut i samfunnet igjen, meiner musikkforskar.
Då musikkforskar Áine Mangaoang var i starten på doktorgraden sin, skulle ho eigentleg skrive om popmusikk på internett. Så kom ho over ein video på YouTube der 1.500 fengselsinnsette i Filippinane dansa til Michael Jackson.
– Var dette verkeleg? Korleis hadde det skjedd? Korleis fekk dei så mange til å danse saman i ein fengselsbakgard? Eg vart nysgjerrig, fortel den irsk-filippinske forskaren.
Temaet for doktorgraden vart endra. Ho brukte tre år på å utforske den videoen som hadde fascinert henne.
1.500 fengselsinnsette i Filippinane danser til Michael Jackson.
Noreg er langt framme
Då ho kom til Noreg i 2016, var det naturleg å bli kjent med landet gjennom nettopp fengsla og musikken. Det skulle vise seg at Noreg er langt framme.
– Det er musikk i fengsel i mange land. Men Noreg har mange lokale fengsel der dei innsette får sone nært heimstaden sin. Dette er kanskje noko nordmenn tar for gitt, men slik er det ikkje alle stader.
Nettopp dette opnar opp fleire moglegheiter for musikk, meiner ho.
– Musikken blir ein del av bandet dei innsette har til nærmiljøet. Viss dei blir med i eit kor eller eit band, kan det bli ei livline når dei skal ut i samfunnet igjen.
Jamt over er ho begeistra over det ho har sett i Noreg. Funna hennar frå Filippinane var meir delte: Doktorgraden resulterte i boka «Dangerous Mediations: Pop Music in a Philippine Prison Video». Her skreiv ho mellom anna at dansinga den gongen ikkje var frivillig, men at mange av dei innsette vart tvungne til å vere med.
– Musikk kan vere eit effektivt maktmiddel, seier ho.
Tilgangen på utstyr varierer
I norske fengsel kjem det nokre gonger artistar eller grupper utanfrå og held konsertar. Andre gonger blir musikken til på innsida; både innsette, tilsette og folk utanfrå kan vere med.
For eksempel har Trondheim fengsel eit kor der tilsette ved musikkmuseet Rockheim syng saman med innsette.
Fleire av dei norske fengsla har verkeleg gode studio. Eitt av desse er i Halden fengsel, som har blitt kalla «juvelen i krona» i det norske fengselssystemet. I Halden er det også eit kor for dei fengselstilsette.
– Generelt blir det skapt mykje musikk i norske fengsel. Men tilgangen på studio og utstyr varierer. Dei små fengsla kan gjerne ikkje tilby dei same fasilitetane, men store fengsel som Bastøy fengsel, Trondheim fengsel og enkelte fengsel på Vest- og Austlandet har gode fasilitetar. Her kan folk spele inn musikk og lage noko unikt.
Halden Fengsel Choir synger «We Are The World».
Organisasjonar hjelper til
I Noreg finst det også organisasjonar som jobbar med å få musikken inn i fengsla. Ein av desse er Musikk i fengsel og frihet (MIFF): eit landsomfattande tilbod om musikkopplæring og -aktivitetar under og etter soning.
Målsetjinga er å gjere dei innsette betre rusta til å meistre kvardagslivet etter lauslating.
Annonse
Ein annan organisasjon er Blues Factory AS, som tilbyr musikkopplæring til innsette, lauslatne, ungdom som har problem med utdanning og arbeidsliv og også andre kursdeltakarar. Bjørn Andersen, mannen bak denne organisasjonen, er også koordinator for scena for fengselsband på Notodden bluesfestival.
I pågåande forsking samanliknar Mangaoang norske fengsel med irske og islandske. Noko som ser ut til å skilje Noreg ut, er nettopp at landet har denne typen organisasjonar.
– Dei gjer ein fantastisk jobb. Mellom anna hjelper dei til med å organisere band for folk som har blitt lauslatne, slik at dei ikkje blir overlatne til seg sjølve, men får halde fram med musikken, seier Mangaoang.
Konsertar på innsida
Nokon gonger i året blir norske fengsel gjort om til musikkarenaer der band, kor og orkester kjem utanfrå og held konsertar. Det kan vere fengsla sjølve som inviterer, andre gonger kjem initiativet frå musikarane sjølve.
– Slike konsertar er godt produserte, så sjølv om publikumet er relativt lite, får dei ei musikkoppleving av høg kvalitet. For innsette kan det å kome saman og oppleve ein konsert vere som eit sosial lim.
I Noreg er grunntanken at dei fleste innsette skal attende til samfunnet. Mangaoang meiner at musikken kan hjelpe til med nettopp dette.
– Dette ser ut til å vere ein stor del av det musikken tilbyr. Det er ein sosial greie. Folk kan spele saman, lære å lytte til kvarandre, men dei kan også bli kjende med folk på utsida.
– Folk bryr seg meir om kvarandre
At musikken kan bli ei livline når folk skal attende til samfunnet, er eit funn Mangaoang førebels ikkje har publisert, men det vil kome. Internasjonalt har både forskarar, musikklærarar og aktivistar peika på det same.
Mellom anna har den amerikanske forskaren og aktivisten Shana Redmond skrive om korleis musikken kan bli ei livline, ei slags flukt.
I Pakistan har innsette sjølve skildra musikklæring og diverse kunstkurs som ei livline.
Annonse
I ein ny studie publisert i tidsskriftet Musicae Scientiae har Áine Mangaoang intervjua personar som har lagt til rette for musikkaktivitetar i norske fengsel.
Funna tyder på at musikk i fengsel kan medverke til at dei som tar del, bryr seg meir om kvarandre.
– Både fengselstilsette og andre som legg til rette for musikk i fengsel får nye perspektiv. Dei tenkjer langt meir kritisk og nyansert enn før, til dømes om korleis folk endar opp i fengsel: at livet er urettferdig, og at mange hendingar som ligg utanfor kontrollen til folk, kan gjere at livet tar ei slik retning.
Slike innsikter kjem gjerne når folk treffer kvarandre og snakkar saman, legg ho til.
– Mange utanfrå sa at dei, ved å få kontakt med folk i fengsel, forstod at dette like gjerne kunne ha vore dei sjølve. Når folk spelar og syng saman, viskast grensa mellom «oss» og «dei» ut.
Men: Ikkje alle blir inkluderte
Studien reiser likevel nokre spørsmål: For det ser ut til at ikkje alle har det same tilbodet. Spesielt gjeld dette kvinner og innsette med utanlandsk opphav.
Norske kvinnefengsel er ofte eldre enn andre fengsel, noko som kan prege fasilitetane. Nokre stader, som i Trondheim fengsel, finst det initiativ retta spesielt mot kvinner for å styrke det manglande tilbodet.
Kongsvinger fengsel er retta spesielt mot utanlandske innsette, og her finst det ingen musikktilbod, ifølgje Mangaoang sine kjelder.
– Dei som legg til rette, forstår musikken både som ein innebygd praksis mange stader og som ein gode som blir ulikt fordelt og praktisert, seier Mangaoang.
Heller ikkje ressursane som trengst, skal takast for gitt, påpeikar ho.
– Organisasjonar som legg til rette for musikk i fengsel, opplever usikker finansiering og dette gjer at slike aktivitetar er vanskelege å planlegge.
Annonse
Referanse:
Áine Mangaoang: Dangerous Mediations: Pop Music in a Philippine Prison Video. Bok utgitt på Bloomsbury forlag, 2019. Sammendrag.
Shana L. Redmond: Song Uncaged: Prison Temporality and Black Pop Culture Escape.Souls, 2014. Samandrag. DOI: 10.1080/10999949.2014.968976
Áine Mangaoang er forskar ved Institutt for musikkvitenskap på Universitetet i Oslo. Ho forskar på korleis musikk blir brukt, opplevd og formidla i kvardagslivet, og er spesielt oppteken av dei som lev på samfunnets ytterkantar. Hun leiar forskingsprosjektet