Ein kreftsvulst er ikkje berre ein klump av farlege kreftceller (kulerunde celler), men inneheld også andre celletypar, slik som blodårer (raude), immunceller (blå, turkis og lilla) og celler frå bindevevet (grøne). (Illustrasjon: Frå: Junttila mfl: Influence of tumour micro-environment heterogeneity on therapeutic response, Nature 2013)

Slik utnyttar kreftceller naboane sine

Dei siste åra har forsking vist at kreftceller utviklar seg i eit samspel med dei friske nabocellene sine. Her er nokre eksempel på korleis kreftcellene utnyttar samspelet med nabolaget for å vekse fortare.

Det er ikkje berre mutasjonar i kreftcellene som er årsaka til kreftutvikling. Samspelet mellom kreftceller og naboane deira er også ein viktig faktor.

Å stoppe kreftceller frå å kommunisere med friske naboceller krev andre typar behandling enn når ei enkelt kreftcelle skrur på gassen og deler seg i superfart.

Mikromiljø

Forskarane nyttar omgrepa «mikromiljø» eller «nisje» for å beskrive at kreftceller utnyttar samspelet med naboane sine for å vekse, spreie seg og lure seg unna immunforsvaret i utvikling av ein kreftsvulst.

Her er fire eksempel:

1. Får vekstsignal frå naboen

Nokre kreftceller kan påverke naboane sine til å auke mengdene vekstsignal dei sender ut. I staden for å skru på sin eigen gasspedal, ber kreftcellene naboen om å gjere det i staden. Resultatet er at dei friske nabocellene hjelp kreftcellene til å vekse fortare.

2. Nye blodårer gir meir energi

Kreftcellene kan også påverke blodårene i nærområdet og auke produksjonen av nye, små blodårer som forsyner svulsten med næring. I konkurransen om energi og signalstoff i blodet stimulerer kreftcellene blodårene og aukar forsyninga til seg sjølv.

3. Lurer seg unna immuncellene

Med auka tal blodårer i nærområdet kjem det også immunceller symjande i blodet. Immuncellene har mange strategiar for å oppdage at kreftceller veks utan kontroll, og vil ofte drepe celler som ikkje oppfører seg som dei skal. Kreftcellene er derimot ikkje heilt forsvarslause og nyttar ulike teknikkar for å dempe, utsette og minimere immunresponsen i nærområdet.

4. Planlegg spreiing

Også når kreftcellene spreier seg i kroppen, påverkar dei andre celletypar til sin eigen fordel. Til dømes kan nokre brystkreftceller sende ut eit signal til skjelettet om å lage plass til kreftcellene. Resultatet er små hol i skjelettet, og eit slikt porøst skjelett vert ein bra plass å busette seg for kreftceller på vandring.

Tilpassa behandling

For desse fire eksempla finst det ulike typar legemiddel som kan stoppe kreftcellene frå å utnytte samspelet med naboane sine. Utfordringa er å vite kva for pasient som treng kva for behandling til rett tid.

Treng pasienten medikament mot vekstsignal, behandling som hindrar framvekst av blodårer, legemiddel som hjelp immunforsvaret eller stoff som hindrar at kreftcellene spreier seg?

Ny kunnskap om korleis ein kreftsvulst utviklar seg gir også kunnskap om kva behandling som vil fungere best for kvar pasient. Det totale biletet av kreftutvikling vert meir komplekst, men detaljane er viktige for å tilpasse og målrette behandlinga for kvar enkelt. Slik bygger forskarane stein på stein i kreftforskinga.

Powered by Labrador CMS