Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Norske styresmakter har fått ros for sin openheit om handteringa av pandemien. Her er Espen Nakstad frå Helsedirektoratet, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol og Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet på ei pressekonferanse.

Norske styresmakter har vore meir opne om det uvisse i pandemien enn Sverige og Danmark

Klar tale om covid-19 kan ha redda liv.

Når ein pandemi inntreff, setjast tillita på spel: både tillita folk imellom og folks tillit til styresmaktene, ifølgje Øyvind Ihlen, medieforskar ved Universitetet i Oslo.

God kommunikasjon blir prekært.

Hausten 2019 hadde Ihlen og kollegaene starta eit forskingsprosjekt om kommunikasjon om risikoen for ein pandemi.

Kunne forskarar frå deira felt hjelpe styresmaktene med å kommunisere godt viss ein slik situasjon skulle inntreffe? Covid-19 gjorde prosjektet høgaktuelt.

Ihlen har førebels lite å kritisere norske styresmakter for.

– Dei gjer mykje riktig, seier han.

Forskinga pågår, og etterkvart ventar Ihlen og kollegaene å kunne peike på klare forbetringspotensial. Men når det gjeld openheita i covid-19-kommunikasjonen har norske styresmakter kome godt utav det, meiner han.

Covid-19 har gjort professor i medievitskap Øyvind Ihlen si forsking om risikokommunikasjon høgaktuell.

Openheit er ikkje berre å vise fram

Å vere open og ærleg har blitt etablert som eit ideal for demokratisk styring. Dette har også kjenneteikna pandemikommunikasjonen i Noreg. Folkehelseinstituttet vart i 2020 tildelt openheitsprisar både frå Norsk presseforbund og Kommunikasjonsforeningen.

Ihlen og kollegaene ønska å sjå på kva openheit inneber. Dei ønska også å studere openheita i Noreg og dei andre skandinaviske landa.

– Vi har ofte ei førestelling om at openheit betyr at ein ikkje skjuler noko, som at ein viser det ein har av data. Men det er ei ufullstendig forståing, seier Ihlen.

Viss ein berre frigjer data, kan dette føre til forvirring og uro, påpeikar han. Openheit heng nemleg saman med:

  1. om folk forstår dataa
  2. at kommunikasjonen er ansvarleg, for eksempel at ein presenterer motførestillingar og aksepterer kritikk
  3. dialog med omgivnadene

I si pågåande forsking diskuterer forskarane korleis desse tre punkta har blitt ivaretekne av helsestyresmaktene i Skandinavia under covid-19. Forskinga byggjer på intervju med kommunikasjonspersonar hos helsestyresmaktene, observasjonsdata, analysar av tv-opptredenar og fokusgruppeintervju.

Meir varsemd i Sverige

Forskarane har sett at det er skilnader på den openheita som har blitt vist i Noreg, Sverige og Danmark, under pandemien. Der norske styresmakter har fått ros, har svenske styresmakter blitt kritiserte for manglande openheit.

På ein pressekonferanse i mars 2020 fekk den svenske statsepidemologen Anders Tegnell spørsmål om kvifor styresmaktene ikkje kunne vere opne om tal slik som andre land.

– Då svarte han at dei som trong tala, ville få dei. Dette indikerer eit litt anna syn på openheit i deler av det svenske statsapparatet enn i Noreg, seier Ihlen.

Ihlen og kollegaene si forsking tydar på at svenske styresmakter på eit tidleg stadium, før pandemien kom til landet, var engstelege for å skape frykt. Dette kan ha gjort dei meir forsiktige med å gå ut med scenario for sjukdomsutviklinga, trur Ihlen.

Ulike talspersonar

Forskarane har også sett andre skilnader på pandemikommunikasjonen i dei skandinaviske landa. For eksempel har ulike instansar uttalt seg i ulike land.

I Sverige trådte statsministeren til side, og helsestyresmaktene handterte kommunikasjonen. Den faglege ekspertisen fekk altså meir ansvar. I Danmark tok statsministeren styringa, medan helsestyresmaktene vart sett på sidelinja. I Noreg snakka både fagfolk og politikarar, men politikarane hadde det siste ordet.

I enkelte tilfelle ga det norske Folkehelseinstituttet faglege råd som politikarane valde ikkje å følgje. Dette gjaldt til dømes valet om å stenge skular og barnehagar i mars 2020.

– I desse tilfella var det viktig for Folkehelseinstituttet å kommunisere at råda dei hadde gitt, var annleis. Dei understreka også at dette var greitt: at det var politikarar som skulle stå ansvarlege for handteringa av pandemien.

Opne om usikkerheit

Den norske koronakommisjonen heidra i 2021 norske styresmakter for å vere opne om usikkerheit og usemje.

– I litteraturen er det delte meningar om slik kommunikasjon. Han kan vere risikabel, men han treng ikkje nødvendigvis ha negative effektar på folks tillit til dei som kommuniserer. Det kan heller ha heilt motsett verknad, nemleg auke truverdet. Det ser vi iallfall i det norske tilfellet, seier han.

Også i Sverige og Danmark var talspersonane opne om usikkerheit og usemje. Men medan dette først og fremst kom fram gjennom intervju, stilte norske talspersonar hyppig opp i debattar. Dei var ekstremt tilgjengelege for media, ifølgje Ihlen.

Sverige sin statsepidemiolog Anders Tegnell blir interjua utanfor Karolinska institutet i Stockholm.

Tillit gjer land betre rusta

I alle dei tre skandinaviske landa hadde styresmaktene høg tillit i folket då pandemien starta. Ifølgje Ihlen gjorde dette landa betre rusta til å handtere ein pandemi enn mange andre.

Men han peikar på at det er minst to faktorar til som avgjer tillita til styresmakter under ein pandemi: kommunikasjonen deira og at pandemien blir tilfredsstillande handtert på andre måtar.

I Noreg seier omtrent 80 prosent at dei har stor eller svært stor tillit til at helsestyresmaktene har handtert pandemien på ein tilfredsstillande måte, ifølgje Helsedirektoratet.

Talet har vore relativt stabilt under pandemien, med unntak av ein dipp på rundt 20 prosent i februar 2020, før innføringa av strenge tiltak.

Også i Danmark har tillita vore høg, men meir prega av politiske skandalar og svingingar. I Sverige har tillita falle nokså kraftig sidan mars 2020, men ho er framleis høg når ein samanliknar med land som Storbritannia, Frankrike og Sveits.

Kan ha redda liv

Alle dei skandinaviske landa har vektlagt openheit i pandemikommunikasjonen, særleg når det gjeld å frigje tal og informasjon, ifølgje Ihlen. Intervju med svenske kommunikasjonpersonar tydar likevel på at ulike svenske instansar tenkjer litt forskjellig om openheit.

Det ser ut til at Sverige har hatt ein mindre open pandemikommunikasjon enn Danmark, som igjen har hatt ein mindre open kommunikasjon enn Noreg.

Er det så slik at norske styresmakter har handtert pandemien betre enn styresmaktene i nabolanda?

– Tala er jo tydelege i si tale. Det er færre døde i Noreg per million innbyggjarar enn i nabolanda. Det får oss til å tenkje at Noreg ikkje har gjort det så verst, seier Ihlen.

Han understrekar at desse tala ikkje berre heng saman med styresmaktene sin kommunikasjon. Til dømes bur nordmenn spreitt, noko som kan ha bremsa smittespreiinga.

– Men det har vore ganske god oppslutnad om råd og anbefalingar frå styresmaktene, også. Her har også tillit ei vesentleg rolle. Så at kommunikasjon kan ha redda liv, er mogleg, seier han.

Referanser:

Truls Strand Offerdal mfl.: Public Ethos in the Pandemic Rhetorical Situation: Strategies for Building Trust in Authorities' Risk Communication. Journal of International Crisis and Risk Communication Research, 2021. Doi.org/10.30658/jicrcr.4.2.3

Jens Elmelund Kjeldsen mfl.: Expert ethos and the strength of networks: negotiations of credibility in mediated debate on COVID-19. Health Promotion International, 2021. Doi.org/10.1093/heapro/daab095

Om forskinga

Øyvind Ihlen leiar to forskingsprosjekt om pandemikommunikasjon. Les om prosjekta på nettsidene:

Powered by Labrador CMS