Klimaendringane er 10 gongar raskare enn på 65 millionar år

Ein ny studie gir grunn til bekymring for om dyr og plantar klarar å tilpasse seg i takt med dei raskaste klimaendringane jorda har sett.

Isbjørnen er berre ein av mange artar som i dag er trua av dei raske klimaendringane. (Foto: Alan D. Wilson/Wikimedia Creative Commons)
Isbjørnen er berre ein av mange artar som i dag er trua av dei raske klimaendringane. (Foto: Alan D. Wilson/Wikimedia Creative Commons)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Jorda vår opplever for tida dei største klimaendringane sidan dinosauranes tid. Men vel så stor bekymring er det for farten på klimaendringane.

I ein artikkel i tidsskriftet Science åtvarar klimaforskarane Noah Diffenbaugh og Chris Field frå University of Stanford i USA om at klimaendringane i løpet av det neste hundreåret vil bli minst 10 gongar raskare enn nokre klimaendringar kloden har sett dei siste 65 millionar år.

Dersom endringane held fram med dagens fart, fryktar forskarane at det vil føre til eit betydeleg stress for dei landbaserte økosystema jorda rundt, og mange artar vil bli tvungne til å endre seg i takt med klimaet.

– Vi veit frå tidlegare endringar at økosystem har svart på nokre få graders global temperaturendring over tusentals år, seier klimaforskar Noah Diffenbaugh ved Stanford University til Physorg.

– Men den kursen vi er på no tvingar denne endringa til å skje over tiår. Det er mange gongar raskare, og vi ser allereie at nokre artar er utfordra ved denne farten.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS