Arktis blir mørkare og tar opp meir varme

Tap av havis i Arktis har ført til minke i refleksjon av sollys og meir oppvarming enn det tidlegare berekningar har tyda på, viser ny studie. – Som å slå på ein billion 100 Watts-pærer over det arktiske hav.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når kvit is blir erstatta av mørk havoverflate aukar varmeopptaket i Arktis. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Albedo

  • Albedo er mengda energi som blir reflektert tilbake til rommet frå jordoverflata. Effekten har verknad på klima og vêr.
  • Ei perfekt svart flate vil ha ein albedo på null prosent, mens ei perfekt kvit flate reflektere alt sollyset, og har ein albedo på 100 prosent.
  • Nysnø har ein albedo på mellom 80 og 90 prosent , mens ei mørk havoverflate har ein albedo på om lag 20 prosent.
  • Jordkloden har ein gjennomsnittleg albedo på om lag 30 prosent.

Kjelde: Wikipedia

Sjøisen i Arktis om sommaren har blitt 40 prosent mindre i løpet av dei siste tretti åra, og dette gjer at kvit, reflekterande is blir erstatta med ei mørk havoverflate som kan ta opp meir varme.

I ein ny studie har amerikanske brukt målingar frå NASAs jordobservasjons-satellittprogram CERES til å måle nøyaktig kor mykje refleksjonen frå Arktis har endra seg. Dette melder nettstaden Phys.org.

Forskarane fann at det vart reflektert om lag 8 prosent mindre sollys frå Arktis i 2011 samanlikna med 1979.

Kristina Pistone. (Foto: Scripps Institution of Oceanography)

Dette er ein større nedgang enn tidlegare berekningar har tyda på.

Auka oppvarming

Mindre refleksjon frå overflata har samtidig betydd eit auka varmeopptak i det arktiske havet som svarar til 6,4 watt per kvadratmeter, ifølgje den nye studien.

– Dette er omtrent så mykje energi som å slå på ein billion (1012) 100 watts-glødelyspærer fordelt over det arktiske havet, fortel forskar Kristina Pistone ved Scripps Institution of Oceanography i USA på e-post til NRK.no.

Illustrasjonen viser den rekordlåge havisutbreiinga i Arktis 26. august 2012 samanlikna med gjennomsnittleg sommarutbreiing dei siste 30 åra (gul linje). (Foto: Scientific Visualization Studio, NASA Goddard Space Flight Center)

– Viss ein fordeler denne ekstra absorberte energien globalt, svarar det til 0,21 watt per kvadratmeter, noko som utgjer om lag ein firedel av den totale oppvarmande effekten av karbondioksid i atmosfæren i same periode, så dette er ei vesentleg ekstra mengde varme, seier Pistone.Ifølgje forskarane bak studien tyder dette på at den minkande arktiske sjøisen har vore ein viktig faktor i den globale oppvarminga dei siste tiåra.

Fall frå 52 til 48 prosent

Fargen på jordoverflata har svært mykje å seie for om sollys blir reflektert frå overflata, eller om det blir tatt opp av overflata og fører til oppvarming.

Reflektering frå ei overflate blir kalla albedo (sjå faktaboks), og blir målt i prosent, der nysnø har opp mot 90 prosent albedo, og mørkt hav har om lag 20 prosent albedo.

Forskarane fann at albedo frå overflata i Arktis under skyfrie forhold falt frå 37 til 31 prosent frå 1979 til 2011. Når ein også tar med effekten av albedo frå skyer, minka den totale refleksjonen frå Arktis frå 52 til 48 prosent i same tidsperiode.

Mens tidlegare studiar har basert seg på datasimuleringar for å berekne endringar i albedo i Arktis, er denne studien den første som har basert seg på direkte satellittmålingar.

Det har vore diskutert om nyleg opna havområde ville kunne føre til meir skyer, som igjen kunne gjere opp for minka albedo frå sjøis. Men Scripps-forskarane fann ingen slik effekt. Dei fann i staden at delen skyer held seg ganske konstant.

– Dobbel så rask oppvarming

– Vi veit frå før at klimamodellar underestimerer smeltinga av sjøisen i Arktis. Denne studien har brukt to store datasett frå satellittar for å berekne kor mykje mørkare Arktis har blitt som følgje av issmeltinga, og den viser at Arktis sannsynlegvis tar opp endå meir varme enn tidlegare berekna, kommenterer Cicero-forskar Maria Sand.

– Den minkande albedoen i Arktis har ein forsterkande effekt på oppvarminga. Jo varmare Arktis blir, jo meir sjøis smeltar, jo meir varme blir tatt opp i havet, og det blir varme opp endå meir og så bortetter. Dette er ein av grunnane til at Arktis blir varma opp dobbelt så fort som resten av verda, fortel Sand.

Powered by Labrador CMS