Kraftig oppvarming i arktisk Canada

Issmelting på Baffin Island i Canada avdekker plantar som ikkje har vore framme frå isen på mange tusen år. – Dette viser at dagens oppvarminga er klart utanfor grensene for naturleg klimavariasjon, ifølgje forskarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På Baffin island i Canada avdekker smeltande is plantar som har vore under isen i opptil 44.000 år. (Foto: INSTAAR/ YouTube)

I samarbeid med:


 

Datering av mose som er smelta fram frå isen på Baffin Island i Canada tyder på at det austlege kanadiske Arktis er varmare no enn nokon gang dei siste 5000 åra, og at nokre område har ikkje opplevd liknande temperaturar som dagens i løpet av dei siste 44 000 åra.

Dette kjem fram i ein ny studie som er gjort av blant anna professor Gifford Miller ved University of Colorado, Boulder i USA.

Utanfor grensene for naturleg variasjon

Lufttemperaturen over Arktis har stige dei siste tiåra, med etterfølgjande reduksjon i sjøis, isbrear og snødekke.

Miller og kollegaene hans ville undersøke kor uvanleg desse temperaturendringane var i forhold til naturlege klimavariasjonar.

Forskarane bak studien som er publisert i Geophysical Research Letters samla inn prøvar av bjørnemose som nyleg var smelta fram på 110 ulike stader på Baffin Island.

Mosane var samla inn frå ulike høgder over havet. Karbondateringar av 145 innsamla moseprøvar tyder på at dei fleste av dei sist var eksponert for vêr og vind for 5000 år sidan, då Arktis gjekk inn i ein kuldeperiode med påfølgjande isbrevekst.

Men forskarane fann også døme på mosar som vart dekka av snø for 24.000 til 44.000 år sidan, og som ikkje har vore avdekka sidan.

Observasjonane viser at sommartemperaturane vi ser i Arktis i moderne tid er klart utanfor grensene for det ein skulle vente å sjå basert på naturleg variasjon, konkluderer forskarane i ei pressemelding.

– Varmaste sidan siste istid

Professor Atle Nesje ved Bjerknessenteret for klimaforskning. (Foto: Bjerknessenteret for klimaforskning)

– Desse funna viser at dagens temperaturar nærmar seg det varmaste klimaet vi har hatt sidan siste istid, som tok slutt for om lag 10 000 år sidan, fortel bre-ekspert Atle Nesje til NRK.no. Nesje er professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen og Uni Klima ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Nesje fortel at funnet på Baffin Island er på linje med det ein finn ved enkelte isbrear i Noreg, der det framme i kanten av isbreane smeltar ut materiale som er fleire tusen år gammalt.

– Det som er unikt frå Baffin Island er desse dateringane av godt bevarte moserestar som er 44.000 år gamle, dette har vi ikkje sett før, seier Nesje.

Naturlege variasjonar

Nesje forklarar at det er hovudsakleg tre naturlege syklusar som verkar inn på klima. Det er variasjon i jordbana sin form som endrar seg frå å vere sirkulær til meir oval i ein 100 000 år lang syklus. Ein annan variasjon er jordaksen sin hellingsvinkel som varierer med ein periode på om lag 41 000 år, og den tredje syklusen er variasjon i kva retning jordaksen heller (presesjon) som har ein syklus på 21-23 000 år.

I tillegg til dette verkar også solaktivitet og vulkansk aktivitet inn på klima, men i mindre grad enn dei tre jordbanesyklusane.

Ifølgje dei amerikanske forskarane ville ikkje temperaturen vore så høg og breane så små som i dag dersom det berre hadde vore naturlege klimapådriv.

– Det som gir grunn til bekymring er at temperaturauken vi ser no ikkje berre skuldast naturlege variasjonar, men i tillegg menneskelege utslepp, seier Nesje.

– Temperaturen stig svært raskt i Arktis, meir enn andre stadar, og dette vil bety at både sjøis og landis mest truleg vil minke dei neste tiåra.

Powered by Labrador CMS