Annonse

Havtemperaturen har aldri stige raskare dei siste 10 000 år

Delar av Stillehavet tar opp varme 15 gongar raskare enn ved nokon periode i løpet av dei siste 10 000 år, ifølgje ny studie. – Stadfestar kor uvanleg oppvarminga er i historisk samanheng, seier norsk klimaforskar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein ny klimastudie viser at temperaturauken i havet aldri har gått raskare dei site 10.000 åra. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

I ein rekonstruksjon av temperaturen i eit område av Stillehavet har amerikanske forskarar funne at havtemperaturen på midtre djup, frå 450-900 meters djup, har blitt varma opp 15 gongar raskare i løpet av dei siste 60 åra enn ved noko liknande hending i dei siste ti tusen åra.

– Vi kan ha undervurdert rolla hava har med å lagre varme og energi, seier klimaforskar Yair Rosenthal ved Rutgers University i ei pressemelding. Rosenthal er hovudforfattar bak studien som er publisert i Science i dag.

– Det kan kjøpe oss noko tid, sjølv om det er usikkert kor mykje tid. Men det vil ikkje stoppe klimaendringar, seier han.

– Studien gir endå ei stadfesting på kor uvanleg den pågåande oppvarminga er i historisk samanheng, seier CICERO-direktør og oseanograf Cecilie Mauritzen til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS