Annonse

2013 på god veg til å bli blant ti varmaste år

Fleire tropiske stormar i det vestlege Stillehavet og varmerekord i Australia. Dette er status for klimaet i 2013.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

2013 er på veg til å bli blant dei ti varmaste åra sidan målingane starta i 1850, ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon, WMO.

I dag la organisasjonen fram ei førebels kunngjering av status for det globale klimaet på FNs klimakonferanse, COP19, i Warszawa.

Januar til desember 2013 hadde ein global temperatur over land og hav som var 0,48 grader over gjennomsnittet for åra 1961 til 1990, ifølgje WMO.

WMO-kunngjeringa gir eit augeblikksbilete av regionale og nasjonale temperaturar, samt detaljar om nedbør, flaumar, tørke-episodar, tropiske orkanar, isutbreiing og havnivå. Kunngjeringa er lagt fram som kunnskapsgrunnlag for deltakarane på FNs klimakonferanse.

Oppsummeringa er berre førebels fordi ein berre har data for dei ni første månadane av 2013. Den endelege kunngjeringa kjem i mars.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS