Grønlands issmelting har liten effekt på havnivå i Noreg

Smeltevatnet frå Grønland vil gi høgare havstand andre deler av verda enn i Noreg. – Når vi tar omsyn til endring i gravitasjon, vil havnivået langs norskekysten bli lågare enn det vi tidlegare sa, fortel klimaforskar.

Publisert
Vatnet frå Grønlands smeltande isbrear vil gi havstiging i andre deler av verda, ikkje i Noreg, ifølgje klimaforskarar. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Vatnet frå Grønlands smeltande isbrear vil gi havstiging i andre deler av verda, ikkje i Noreg, ifølgje klimaforskarar. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Issmeltinga på Grønland vil ha mindre å seie for havstiging i Noreg enn det klimaforskarane tidlegare har trudd.

Mens ein tidlegare meinte at havet kunne stige så mykje som 60-110 centimeter i løpet av dette århundret, snakkar forskarane no om heilt andre storleikar for havstiging i Noreg.

Dette kjem fram i ei oppdatert framskriving av havnivået frå Bjerknessenteret for klimaforskning.

– Kor mykje havet vil stige i Noreg kjem an på kor rask klimaendring vi får. Men vi kan seie ein stad mellom 25-35 centimeter i løpet av dette århundret, på grunn av denne effekten, seier klimaforskar Helge Drange ved Bjerknessenteret til NRK Schrödingers katt.

_____________________

Les hele saken på NRK.no