Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– 10-12 prosent av Noregs statsbudsjett går til vegbygging, infrastruktur og vedlikehald. Då er det viktig at dette blir gjort med minst mogleg utslepp og avfall, seier O’Born.

Smartere vegbygging for eit betre klima

Statens vegvesen skal redusere CO2-utslippa når dei bygger veg. No får dei hjelp av ny database utvikla av ein forskar ved Universitetet i Agder.

Publisert

Vegbygging kan medføre store klimagassutslepp. No skal eit nytt verktøy gjere det mogleg å lage veg på ein meir miljøvennleg måte.

Førsteamanuensis Reyn O'Born har i samarbeid med Statens vegvesen utvikla ein database som skal gjere det lettare for entreprenørar å velje miljøvennleg. Samtidig vil databasen hjelpe Vegvesenet i anbodsfasen.

– Informasjonen i databasen gjer at Vegvesenet får eit betre grunnlag for å vurdere og samanlikne kor klimavennlege tilboda frå entreprenørane er, seier O’Born, som er tilsett ved Institutt for ingeniørvitskap på Universitetet i Agder (UiA).

Viser total miljøpåverknad

Databasen gjev ei oversikt over livsløpssyklusen til material og prosessar. Dette inneber ei innsikt i den totale miljøpåverknaden: frå råvareutvinning, via produksjonsprosessar og bruk, til avfallshandtering, transport og energibruk.

Slik vil databasen vise kva arbeidsprosessar og materialval som gir mest miljøgevinst over tid.

– 10-12 prosent av Noregs statsbudsjett går til vegbygging, infrastruktur og vedlikehald. Då er det viktig at dette blir gjort med minst mogleg utslepp og avfall, seier O'Born.

Førsteamanuensis Reyn O’Born har samarbeidd med Statens vegvesen om tiltak for å redusere utslepp ved bygging og vedlikehald av veger i Noreg.

Medan databasen er nyttig for å kalkulere miljøavtrykket til vegprosjekt, er livsløpsanalysane foreløpig ikkje robuste eller brukarvennlege nok til å bli brukt i sjølve vegplanlegginga, ifølgje forskaren.

Skal redusere utslepp med 40 prosent

Samarbeidet med O’Born er ein del av Statens vegvesen sin innsats for å ta i bruk og utvikle reinare teknologi, drivstoff, material og metodar.

Innan år 2030 skal Vegvesenet redusere klimagassutsleppa sine med 40 prosent. Dei største utsleppa er knytt til store vegprosjekt.

– På eit typisk prosjekt vil omkring ein tredjedel av klimagassutsleppa komme frå bruk av diesel i anleggsmaskinar og transport av material og massar. To tredjedelar kjem frå produksjon av material, til dømes betong, stål og asfalt, seier O'Born.

– Må leggje til rette for innovasjon

Ved å velje entreprenørar som bruker riktige material og arbeidsprosessar kan Statens vegvesen bidra til at Noreg klarer å nå dei nasjonale klimamåla.

– Vi kan nå Norges klimamål med enkle tiltak. Men vi må vere smartare med planlegging av infrastruktur og ha ei betre oversikt tidleg i prosessen, seier O'Born.

Han meiner dessutan at styresmaktene må leggje betre til rette for innovasjon i entreprenørbedriftene. Til dømes bør styresmaktene gje bedriftene fleire intensiv til å ta meir miljøvennlege val, ifølgje O'Born.

Referanse:

Reyn O'Born: Strategies and solutions for including life cycle emissions in planning Norwegian road infrastructure, Doktorgradsavhandling, Universitetet i Agder, 2019. DOI: 10.13140/RG.2.2.18629.19686

Powered by Labrador CMS