Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Ei temperaturlinje gjennom dei siste 600 åra som først går svakt nedover før ho får ein knekk rundt 1900-talet gjer at ho ser ut som skaftet og bladet på ei hockeykølle.

Hockeykølla – grafen som endra kvardagen for klimaforskarar

PODCAST: I 1998 ble klimaforskarar kasta brått ut i offentlegheita. Orsaka var ein graf.

- Om eg ser tilbake 20 år, så er dette noko både klimaforskinga og samfunnet har tent på, seier Øyvind Paasche. Han er seniorrådgivar og seniorforskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Hockeykurven, «the hockey stick graph», Hockeykøllegrafen, – kjært barn har mange namn.

Namneopphavet er openbert om du ser på han, ei temperaturlinje gjennom dei siste 600 åra som først går svakt nedover før ho får ein knekk rundt 1900-talet – som gjer at den ser ut som skaftet og bladet på ei hockeykølle.

Fekk stor betydning og møtte stor motstand

Kurva dukka opp i 1998, i tidsskriftet Nature i artikkelen «Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries», og fekk stor betydning for klimaforskinga som felt.

Ho møtte også stor motstand. Paasche var blant dei som fekk e-postane sine stelt i 2009 som ein del av det såkalla Climategate, noko han beskriv som eit strategisk angrep.

– Men det var jo eit liv før hockeykurven kom også! seier Paasche,

Korleis var det før kurva kom? Kva førte til at ho dukka opp, og kva betydning har ho fått seinare?

Øyvind Paasche tek oss i denne episoden med gjennom historia til hockeykøllegrafen – ei reise han sjølv har teke del i.

Frå eitt til mange nøkkelhol

At det finst ein samanheng mellom auka CO2 og auka temperatur på jorda, fann svensken Svante Arrhenius ut i 1896. Teorien om drivhuseffekten – eller «hot house theory» som Arrhenius snakka om då, har blitt ytterlegare forsterka dei neste åra.

Men i paleoklimatologien var data framleis forskansa på kvar sine akademiske øyer.

Paleoklimatologi er læra om rekonstruksjonen av fortidsklima gjennom til dømes iskjernar eller sediment.

– På éin måte var det som at alle såg gjennom kvart sitt nøkkelhol og forsøkte å rekonstruere den delen av huset som du ser gjennom det éine nøkkelholet. Om du jobba med å rekonstruere til dømes ein isbre i Nord-Noreg, då blei du eksperten, og du eigde den staden, seier Paasche.

På denne tida arbeidde han på hovudoppgåva si på Svalbard. Kort tid etter blei han med i det som seinare skulle bli Bjerknessenteret.

Michael Mann er ein av tre forskarar som i 1998 lanserte hockeygrafen.

På University of Massachusetts og University of Arizona sat tre menn som forsøkte å få eit samlande overblikk – Michael Mann, Raymond Bradley og Malcolm Hughes.

– Det dei tenkte var 'Vi har alle desse nøkkelhola, kanskje vi kan kombinere dei og ikkje berre sjå korleis ting såg ut i eitt rom – men ei større flate, ein større region'.

Dei sette dette saman i ei statistisk tilnærming som laga ei løpande kurve som viser temperaturendringane på den nordlege halvkulen dei siste 600 åra.

Klimaforskar Øyvind Paasche fortel om utviklinga på forskingsfeltet dei siste 20 åra.

Skapte ny etterspørsel

Resultatet kom så i 1998 med den nemnde artikkelen i tidsskriftet Nature. Namnet «hockey stick graph» kom frå professor Jerry Mahlman ved Princeton University og slo an.

Kurva markerer ei endring i korleis ein såg samla på fortida – og fann også vegen inn i IPCC, FNs klimapanel, sin tredje hovudrapport i 2001.

– Dei tok alle desse ulike typane data og sat dei saman med det overordna spørsmålet: 'Kor uvanleg er dette?' Då fekk ein svaret: 'Det er heilt unikt!'. Det er dette som utløyser ein storm av reaksjonar.

Artikkelen vart følgt opp året etter med ei ny kurve, som dekte dei siste 1000 åra. Og fleire spørsmål vart stilt. Fleire data, fleire iskjernar, sampling av ein større del av verda. For paleoklimatologien førte det også til ein trong etter fleire haldepunkt å feste historia i.

– Det sat i gang ein ny type etterspørsel. Det sat også i gang ei rørsle innanfor klimamodellering og den statistiske delen. I åra som følgde vart det produsert ein heil serie med liknande type kurvar. Det er jo også noko av styrka i denne utviklinga, at dei fleste rekonstruksjonane, nær sagt alle, har stadfesta hockeykurve-utviklinga sidan den gong då.

Ein ny kvardag for klimaforskinga

Dette endra kvardagen for klimaforskarar og kasta klimaforskinga ut i offentlegheita, fekk dei til å bryte overflata.

– Eg meiner det er denne artikkelen som gjer det. Klimaforskarar blei anten dei ville det eller ikkje, trekte inn i dette. Og dette er noko både klimaforskinga og samfunnet har tent på, seier Paasche.

– Det har skapt ei merksemd rundt, og forståing for, formidling av kunnskapen i ein breiare forstand. Å drive med forsking er først og fremst eit privilegium, så kjem all moroa etter det. Å vere med å bringe innsikta ut til samfunnet er faktisk superviktig.

I 2007 var Bjerknessenteret framleis det einaste nordiske senteret som leverte data og til AR4, den fjerde hovudrapporten til FNs klimapanel.

Rapporten er ei viktig årsak til at FNs klimapanel og Al Gore same året fekk Nobels fredspris «for deres innsats for å skape og spre større kunnskap om menneskeskapte klimaendringer, og å legge grunnlag for de tiltak som er nødvendig for å motvirke disse endringene». Kva betydde det?

Ole Danbolt Mjøs, formann i Nobelkomiteen 2007 presenterer Nobelprisen til IPCC og Al Gore.

– Det vart skapt ei stemning politisk der vi var kome til eit punkt at vi skulle handtere CO2-utfordringa, den globale utfordringa. Dei som stod i førstelinja då fekk føle på eit trykk som få hadde erfaring med frå før.

Climagate og stolne e-postar

Climategate i 2009 blei eit vendepunkt tilbake. Over 1000 e-postar og 3000 dokument vart stolne frå klimaforskingseininga ved University of East Anglia, og delt på internett.

Øyvind Paasches e-postar var også blant desse, og han såg diskusjonar han hadde deltatt i bli trekte frå kvarandre på internett.

– Det var inga god kjensle. Ikkje fordi det som står der ikkje toler dagens lys, men det er uansett ubehageleg. Blant anna blei det referert til eit 'triks' for korleis ein handterte data i ei statistisk øving – som blei forstått som at ein utnytta data på ein måte dei ikkje skulle utnyttast, ein slags form for svindel. Fleire slike fraser kom opp.

Kva skjer i dag?

Paasche meiner at dei som benektar menneskeskapte klimaendringar har fått mindre kraft i kvardagens politiske sfære. Samstundes ser han utviklinga i land som Ungarn, Tyrkia og også USA – der fagfelt eller heile universitet får avgrensingar på kva dei kan seie.

– Det einaste positive med den utviklinga er at forskarmiljø sjølve har blitt veldig bevisste på at dei må hegne om verdien av å ha forskarar som kan snakke fritt og uhilda om det dei observerer. Det har på mange måtar sementert, styrkt og konsolidert det amerikanske forskingsmiljøet, til dømes. Vi er meir og meir integrert i samfunnet rundt oss – vi må vere både forskarar og borgarar samtidig.

Så kva må forskarane kunne i framtida? Kva skal framtidas klimaforskarar ha kontroll på? Og er det universiteta og høgskulane si rolle å lære bort om denne nye verkelegheita som klimaforskinga har teke steget inn i sidan 1998?

– Universiteta har oppgåve med å utdanne studentar, og i den danningsprosessen er éin del å lære eit fag, men også korleis dei studentane kjem inn på andre sida. Kanskje endå meir bør vi bruke tida på å snakke med unge.

Så no, 22 år etter artikkelen til Michael Mann og medforfattarane, 20 år etter Bjerknessenterets oppstart, og 19 år etter tredje hovudrapport frå IPCC – kva seier oppdaterte data i dag?

– Det er interessant å sjå kor lite enkelte av projeksjonane har endra seg dei siste 10–15 åra. Sameleis med hockeykurva – trass regionale skilnader, meir data, og så vidare – den overordna forma på kurva, hockeykølla, forblir den same.

Referansar:

Michael Mann, Raymond Bradley og Malcolm Hughes: Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries. Nature, 1998. (Samandrag). Doi.org/10.1038/33859

Johan Rockström mfl.: Planetary boundaries:exploring the safe operating space for humanity. Ecology and Society, 2009.

Powered by Labrador CMS