Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ubemanna skip som sprøyter sjøsaltpartiklar inn i skyene kan bli nytta til å dempe global oppvarming i framtida. (Foto: John MacNeill, University of Washington)
I samarbeid med:
Denne saken er produsert av NRK.
I ein ny artikkel skildrar forskarar korleis ein kan teste ut innsprøyting av sjøsaltpartiklar i skyer, ein metode som kan komme til nytte for å kjøle ned jorda og såleis dempe global oppvarming.
Metoden går under namnet «marine cloud brightening», og går ut på å auke skyenes refleksjon av solstråling ved innsprøyting av sjøsaltpartiklar (sjå faktaboks).
Til saman er 25 forskarar med på den vitskaplege artikkelen som er publisert i
Philosophical Transactions of the Royal Society A.
– Dette er ein idé for ei kjapp løysing på eit problem som vi eigentleg burde løyse ved å leggje om til ein økonomi basert på låge karbonutslepp. Men dette har vist seg å vere ein langsam prosess. Eg synest vi bør kjenne til moglegheitene vi har dersom det skulle bli behov for det, seier ein av artikkelforfattarane, atmosfærefysikar Rob Wood, i ei pressemelding frå University of Washington.