Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kva slags roller kvinner har i moskeane og i muslimske land, vitnar om kor demokratiske dei er.

Unge muslimar krev jamstilling og demokrati

Den unge generasjonen muslimar får støtte frå reformrørsler og storsamfunnet, meiner forskarar.

I ein ny rapport undersøkjer førsteamanuensis i religionsvitskap, Nora Stene rolla til kvinner i fem av dei største moskeane i Noreg. Ho slår fast at kvinner er naudsynte i drifta og leiinga av desse.

Dette er kanskje overraskande for somme.

Komplekse maktstrukturar i moskeane

I 2019 publiserte NRK ei undersøking som viste at det i sju av ti moskestyre i Noreg ikkje er kvinner i det heile. Dette talet ser slåande ut og er under kravet om minimum 40 prosent kvinner, som den nye lova om tru og livssynssamfunn krev. Men, kor presist er det?

– Som organisasjonar er moskear komplekse. Dei har mange forskjellige styre, råd og komitear. Om ein vil vite korleis kvinner er involvert, må ein sjå på eit mykje større bilete, forklarer Nora Stene.

I NRK-rapporten forheldt dei seg berre til det styret som er registrert i Brønnøysundregisteret og ikkje til den breiare organisasjonsstrukturen. Stene har oppdaga at kvinner speler viktige roller, både i organisasjonen og som religiøse lærde.

– Eg vart ganske overraska, seier Stene.

Eit stykke igjen til kvinnelege imamar

Det viste seg nemleg at langt fleire kvinnelege lærde er tilsette i moskeane. Desse har relevant utdanning, nyt høg status internt og heldt undervisning og sjelesorg.

– Det er lite kjent i Noreg, men det finst fleire kvinnelege lærde her. Då storsamfunnet i stor grad er oppteken av imam-rolla, får desse likevel lite merksemd. Det er ho som teller mest, medan dei kvinnelege lærde blir anonyme.

– Trur du me snart kjem til å sjå kvinnelege imamar i Noreg?

– Dette ligg nok lenger fram i tid. Kvinnelege imamar finst i dag, men først og fremst i mindre miljø. Ein god parallell er å sjå til prestar i katolsk og ortodoks tradisjon. Der er forventninga framleis at dette skal vera mannlege personar, seier Stene.

Nora Stene seier at kvinner er viktigare for drifta av norske moskeaer enn det ein tidlegare har trudd.

Endring skjer utanfrå og innanfrå

Kva slags roller kvinner har i moskeane vitnar om kor demokratiske dei er. Vegen til meir demokrati i eit trussamfunn kan gå både utanfrå og innanfrå.

– Utanfrå ser ein at moskeane er i dialog med storsamfunnet. Eit resultat av den dialogen er at dei har tatt til seg ideal som jamstilling, når det kjem til leiaransvar. Dei moskeane eg har studert, gir rom for denne typen demokratiske prosessar, seier Stene.

– Det er også press innanifrå. Det kjem delvis frå reformmiljø og frå den yngre generasjonen. Sistnemnde er oppvaksen med og forventar demokrati. Me ser at dei nyttar islam og moskeane for å få til nettopp dette.

Kombinert trur Stene dette kan gjere moskear til stader kor demokrati går føre seg i praksis. Den auka graden av kvinneleg deltaking i norske moskear er også del av ei større internasjonal utvikling.

Den lange arabiske våren peiker mot demokrati

Trua på demokratisk framgang var stor under Den arabiske våren i 2011. I ettertid var mange skuffa og trua vart til hildringar, då borgarkrig, totalitære regime og undertrykking tok over i fleire arabiske land.

Samstundes meiner Bjørn Olav Utvik, professor i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo (UiO), at me må hugse på at demokrati ikkje kjem over natta.

Trua på demokratisk framgang var stor i land som Egypt under Den arabiske våren.

– Noko er forandra. Demokratiske ambisjonar er i dag haldne under lokk i fleire land, som i Egypt, men tanken om fridom og demokrati lev stadig vidare.

Den vedvarande vilja til forandring viser kontinuiteten i det som kan omtalast som «Den lange arabiske våren». Det er ikkje enkelt å seie kor lang tid det vil ta, men dei demokratiske tendensane er der.

– Folk har i dag meir utdanning og informasjon, og auka levestandard. Det er ikkje ekstrem naud som skaper opprør, men snarare ei befolkning som har ressursar, organisering og vil ha eit ord med i laget, seier Utvik.

Bjørn Olav Utvik seier at Vestens bilete av islamisme ofte er dreidd mot terrororganisasjonar.

Islamisme er meir enn terrorgrupper

I Midtausten er nokre av dei viktigaste drivarane bak ynsket om forandring, fleire islamistiske parti. Likevel er sjølve ordet «islamisme» ganske betent i vesten.

– Fokuset på islamisme i vestlege media er ofte dreidd mot terror. Men, islamistiske terrororganisasjonar utgjer berre ein liten fraksjon av islamismen som heilskap.

Den islamistiske ideologien framhevar gjerne islamske omgrep som «Shūrā» som kan omsetjast til «medbestemming».

Leiande islamistorganisasjonar som Det muslimske brorskap har med utgangspunkt i dette gått inn for demokrati som styreform.

Islamismens syn på kvinner og jamstilling har vore mykje prega av konservative patriarkalske haldningar.

Men ein sentral tanke hjå grunnleggjaren av Det muslimske brorskap Hassan al-Banna er at for å leve som ein god muslim, må ein engasjere seg for den gode saka.

Og interessant nok, så er ikkje den saka kjønnsbestemt.

– Dette har blitt ein slags push-faktor innanfrå, for at Brorskapet må gi kvinner ei større rolle, påpeiker Utvik.

Sjølv om ikkje krava til kvinnene om medbestemming var dei mest prominente under den arabiske våren, meiner Utvik opprøra utløyste noko som etter kvart har løfta likestillingsspørsmålet høgare opp.

– Med tida har enda fleire kvinner tatt utdanning. Dette gjer også at dei tenker nye tankar og vil bidra. Det gjer dei også, mellom anna, med utgangspunkt i trua si, seier Utvik.

Referanse:

Nora Stene: Endring i det stille. Kvinner i drift og ledelse av norske moskeer. Rapport skrevet på oppdrag fra Muslimsk Dialognettverk (MDN), 2020.

Demokratidagene – Humaniorafestivalen 2022

Fra 21. mars til 2. april inviterer Universitetet i Oslo hele byen til samtaler, bokbad, filmvisning, byvandring, med mer – på store og små Deichman-biblioteker. Alle arrangementene er gratis og åpne for alle.

Les mer om Demokratidagene.

Panelsamtale: Demokrati og islam

Vil du vite meir om forholdet mellom demokrati og islam? Bli med på panelsamtale med Bjørn Olav Utvik, Nora Stene, Faten Al-Hussaini og Mona Abdel-Fadil på Deichman Stovner 22. mars kl. 18.00.

Du kan også følgje arrangementet på nett.

Les mer om arrangementet.



Powered by Labrador CMS