Annonse

Ørkenmaur luktar seg heim på anden til andre maur

Forskarar har funne at maur kan bruke vibrasjonar eller magnetisme for å finne vegen heim. Dei kan også lukte seg tilbake til heimen på anden til andre maur.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Maur kunne finne vegen heim når det einaste landemerket som fanst var vibrasjonar i bakken nær holet. (Foto: Elisa Badeke, Max Planck Institute for Chemical Ecology)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

For ørkenmaur er det å finne veg heim til rett hole i bakken eit spørsmål om liv og død. Om dei tar feil, risikerer dei nemleg å bli drepne av fiendtlege maur.

Derfor har ørkenmaur utvikla ekstremt gode evner til å finne tilbake etter at dei har vore på matsanking.

No har forskarar ved Max Planck Institute for Chemical Ecology i Tyskland oppdaga at maur kan nytte magnetiske og vibrerande landemerke for å finne vegen heim att.

I tillegg fann dei også at mauren kan lukte seg fram til heimen ved hjelp av karbondioksid frå pusten til sine kollegamaur. Resultata er nyleg publisert i tidsskrifta PLoS ONE og Current Biology.

Sjå video som viser korleis forskarane sette opp duftforsøk i ørkenen i Tunisia:

 

 

_____________________________

Les hele saken på NRK.no
 

 

Powered by Labrador CMS