Annonse

Treningsstudio for språkopplæring

Er du utlending og skal lære norsk? Eit nytt program for språktrening tek omsyn til kva for morsmål du har – og kva for dialektområde du skal bu i.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dyr er ein av dei mange kategoriane i språkprogrammet. Når du klikkar på biletet, får du høre korleis ordet vert uttalt på norsk. Du kan velje mellom åtte forskjellige lærarar med ulike dialektar. (Foto: (Illustrasjon: Calst))

Du skal lære deg eit heilt nytt språk. Gloser og grammatikk skal puggast, setningar byggast. Men korleis får du dreis på uttalen når det nye språket inneheld lydar du har aldri brukt eller høyrt før?

Det finst ingen mirakelknapp. Det handlar om øving, øving og atter øving. Men no har forskarar ved NTNU utvikla eit effektivt og enkelt virtuelt treningsstudio for deg som skal lære norsk.

Gjennom eit nytt språkprogram får du hjelp til å lære, og øve på, uttale. Tilpassa morsmålet ditt – og med tanke på at du skal bu i eit bestemt dialektområde.

Lydane er grunnmuren

Utfordringane du møter når du skal lære norsk, varierer med kva for morsmål du har. Kjem du frå Spania, kan dei lange norske vokalane være ekstra vrine å få tak på. Er du fransk, kan det være vanskeleg å skilje u frå y.

Er du frå Nord-Tyskland, kan den norske rullande r-en krevje eit par ekstra treningsrundar – medan dei harde norske konsonantane vil vere ein bøyg for ein kinesar.

For ein ting er å lære orda og bygge setningane. Men er ikkje lydane og lydkombinasjonane på plass, manglar grunnmuren til språket.

Språkkart med 500 språk

– Viss du ikkje kan uttale enkeltlyder, kan du heller ikkje snakke flytande, seier Jacques Koreman.

Han er professor i fonetikk og prosjektleiar for utviklinga av det virtuelle språkprogrammet Calst.

Bokstavane står for «Computer-assisted listening and speaking tutor». Og nøkkelen i programmet ligg nettopp her: Det tilpassar nemleg øvingsoppgåvene til morsmålet ditt.

Calst har kunnskap om andre språk, som ein ikkje kan forvente at norsklærarar skal ha. Gjennom ein database vil programmet identifisere kva for norske lydar som ikkje finst i ditt eige morsmål, og som du derfor vil trenge å trene litt ekstra på.

Språkkartet inneheld heile 500 språk. Det er utvikla som ein wiki, altså ein sosial samproduksjon, og vil bli bygd ytterlegare ut etter kvart.

Lærer dialekt

I Noreg brukar vi dialekt i nesten alle samanhengar. Det gjer det ekstra vanskeleg å lære seg norsk. Nederlandske Koreman opplevde dette sjølv da han kom til Noreg for nokre år sidan.

– Eg gjekk på norskkurs ved NTNU og opplevde å lære mykje på kort tid. Men då eg skulle ta bussen eller handle i butikkane, skjøna eg plutselig ikkje kva folk sa! Eg hadde jo lært austlandsk, hugsar han.

Nettopp denne dialektproblematikken er det teke høgd for i Calst. Alle ord og øvingar er spelt inn på åtte dialektar frå nord til sør: Oslo, Elverum, Stavanger, Bergen, Trondheim, Malm, Sandnessjøen og Tromsø. Dermed kan du velje kva for dialekt som er mest nyttig for deg å bli kjend med.

Koreman understrekar at programmet ikkje kan erstatte levande norskopplæring, altså norskkurs med lærar, men at det er eit utmerka supplement for å øve seg i språket.

Animerte lærarar

Calst er bygd opp i eit lett tilgjengeleg visuelt språk der lærarane er animerte figurar og orda kjem opp som bilete.

Programmet er todelt. Første del er innøving av eit grunnleggande vokabular på 1000 ord og uttrykk. Desse er fordelt på 40 ulike kategoriar. Dei fleste er tematiske kategoriar som mat, dyr, transport, fritid og liknande, medan nokre er baserte på ordklassar som verb, pronomen og adjektiv.

Lytteøvingar gjer deg kjend med uttalen av norske ord. I uttaleøvingane kan du også ta opp uttala di, slik at du kan høyre korleis du sjølv uttalar eit ord, og deretter samanlikne med den virtuelle læraren si uttale. I tillegg legg programmet til rette for å øve bokstavering av norske ord.

I del to ligg såkalla kontrastive øvingar med lydar og ord som kan være spesielt vanskelege for di språkgruppe. Denne delen handlar om lyttetrening for å kjenne att ord, og skilje mellom ord som liknar på kvarandre. Programmet bruker heile 78 000 forskjellige lydfiler for å trene alle mulege lydar.

Gratis programvare

Programmet er gratis og er tilgjengeleg for alle. Det kan lastast ned frå http://calst.hf.ntnu.no

Powered by Labrador CMS