- Vi har fleire bransjar på Vestlandet som eigentleg ikkje er så langt frå kvarandre kompetansemessig, men som sjølv ikkje ser det. Vår oppgåve er å utfordre desse til å tenke breiare, seier Stig-Erik Jakobsen. (Foto: HiB)

- Bedriftene må tenke breiare, meiner prisvinnar

Nyleg vart Stig-Erik Jakobsen ved Senter for nyskaping tildelt Høgskulen i Bergen sin FoU-pris for forsking og formidling knytt til innovasjon og regional næringsutvikling.

I ei utfordrande tid for næringslivet på Vestlandet jobbar Senter for nyskaping jamt og trutt med det dei har gjort mykje av dei siste åra: Å få bedrifter og FoU-miljø til å samarbeide for å bli betre rusta i ein stadig tøffare internasjonal marknad. 

– Tenk breiare er mantraet vårt, seier senterleiar og professor Stig-Erik Jakobsen.

– Dersom ein skal vere innovativ og konkurransedyktig, er ein avhengig av å sjå utanfor «eigen» bransje både når det gjeld kunnskap, marknad og organisering. For å møte desse utfordringane har politikarar, regionale utviklingsaktørar og bedrifter hatt særleg fokus på oppretting og vidareutvikling av regionale næringsklynger, forklarer Jakobsen.

Powered by Labrador CMS