Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kroppen sitt immunsystem brukar lang tid på å godta ei transplantert nyre.

Nye målemetodar kan gje betre medisinering etter nyretransplantasjon

Immunsystemet hjå nyretransplanterte må hindrast i å støyta frå seg det nye organet. Men legemiddeldosen må tilpassast pasienten.

I lang tid etter ein nyretransplantasjon må pasienten bruka såkalla immundempande legemiddel. Men å setje forsvarssystemet til kroppen delvis ut av spel, fører sjølvsagt til uønskte biverknader. Derfor ønskjer forskarar å finne det riktige doseringsnivået hos den enkelte pasient.

– Innan fagfeltet mitt, terapeutisk legemiddelmonitorering, arbeider vi med å finne måtar å persontilpasse medisineringa på, forklarer farmasøyt Rolf Anton Klaasen, som disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo i slutten av mai. Til dagleg er han forskar ved Oslo universitetssjukehus.

Det er nemleg usikkert om dagens metodar gjev dei beste målingane for å vurdere legemiddelnivået. I forskinga si har Klaasen undersøkt dette og lagt grunnlag for arbeid med nye og betre metodar.

Konsentrasjon i blodet

Eitt av dei immundempande legemidla han har sett nærare på, er takrolimus. Dette er mykje brukt.

– Sjølv om det vert brukt etter nyretransplantasjonar, har det den nesten ironiske biverknaden at det er giftig for nyrene, seier Klaasen.

– Då er det viktig å passe på at du tek nok av legemiddelet til å oppnå den immundempande effekten, samstundes som du ikkje tek så mykje at det er skadeleg.

Klaasen har samanlikna to ulike målemetodar for takrolimus-nivået blant pasientar gjennom det første året etter ein operasjon. Den eine metoden måler nivået i blodet, medan den andre måler nivået i lymfocyttane, dei kvite blodcellene.

Det er i lymfocyttane legemiddelet skal gjere jobben sin, og det er derfor der det er viktig at nivået er rett. Men dag vert dosen tilpassa berre etter konsentrasjonen i blodet.

– Samsvaret mellom resultata ved dei to ulike metodane var berre sånn passe. Det var eigentleg ganske lågt, seier Klaasen om funna.

Svar etter nokre timar

– Ei fallgruve innan legemiddelmonitorering er å vurdera eitt legemiddel om gongen, seier Rolf Anton Klaasen.

Då skulle ein jo tru at saka var enkel og at ein gjekk over frå å måle nivået i blodet, som i dag, til å måla nivået i lymfocyttane. Så enkelt er det ikkje.

– Lymfocyttane utgjer berre 1 prosent av blodet. Vi må først skilje desse cellene frå resten av blodet, ekstrahere legemiddelet, plassere det i ei løysing og undersøke det med kromatografi og massespektrometri. Prosessen krev tid og ressursar, og det er først nyleg at dei fleste laboratorium har instrument som er sensitive nok til å køyre analysane.

Samanlikna med denne metoden, er det ein enkel prosess å analysere fullt blod, legg han til. Då får du også svaret etter nokre timar.

Klaasen har dermed vist at dagens metode med å måle i blod ikkje reflekterer konsentrasjonen av legemiddelet der det eigentleg fungerer, men at det trengst vidare forsking for å utvikle betre alternativ.

Utvikla ein målemetode for belatacept

Pasientar som får for sterkt nedsett nyrefunksjon av takrolimus, kan flyttast over til belatacept. Legemiddelet kom på marknaden for nokre år sidan, og til no har det ikkje eksistert nokon test for å overvake legemiddelnivået hos pasientane. Dei har blitt medisinerte nærmast etter «one size fits all»-prinsippet: 5 milligram pr. kilo kroppsvekt.

Fordi testar for belatacept ikkje finst frå før, la forskarane her vekt på å utvikle ein metode som ikkje skulle vere meir komplisert enn at det er realistisk å ta han i bruk. Det lukkast dei med.

Først blir prøva sentrifugert, noko som ofte gjerast med blodprøver for å presse dei tyngste partiklane ned i botnen. Så blir ho plassert i analysemaskinen.

– Etter det trykkjer du på ein knapp og resultatet er klart etter tre timar, seier Klaasen.

Legemiddel hindrar viktig enzym

Så står det att å tolke svaret ein får. Klaasen seier dette er ei fallgruve innan legemiddelmonitorering: Ein måler nivå og effekt av eitt legemiddel om gongen. Men ofte tek pasienten fleire legemiddel som ein må vurdere samla. Ved nyretransplantasjonar er det gjerne snakk om tre-fire ulike immundemparar åleine.

Ein av desse er mykofenolat, som ofte vert føreskrive saman med enten takrolimus eller belatacept. Her valde forskarane ei anna tilnærming: Som alternativ til å måle nivået av legemiddelet i blodet, målte dei effekten av det.

Klaasen forklarer:

– Når lymfocyttane i immunsystemet vert aktiverte av ein inntrengjar, deler dei seg og blir mange som tek opp kampen. For å få til denne delinga, må cella produsera DNA, og for å få til det, treng ho eit bestemt enzym.

Dette enzymet blir hindra av mykofenolat.

– Dermed kan ikkje lymfocytten produsere DNA, celledelinga kjem ikkje i gang, og immunsystemet er sett ut av spel.

Enzymet kan gje tidleg innsikt

Enzymet finst i ulike versjonar i lymfocyttar som er aktiverte av ein inntrengjar og dei som ikkje er det. Forskarane såg at effekten av mykofenolat var større på enzymet i aktiverte lymfocyttar, akkurat slik dei trudde.

– Vi såg òg at over det året vi følgde pasientane, vart verknaden jamt dårlegare, som om enzyma utvikla ei slags motstandskraft.

Denne metoden er også for ressurskrevjande til å ta i vanleg bruk, men Klaasen ser i alle fall eitt mogleg bruksområde:

– Like etter operasjonen var det lågare enzymaktivitet hos dei pasientane som seinare måtte redusere mykofenolatdosen. Ved å måle enzymaktiviteten før og like etter operasjonen, kan det difor vere råd å føresjå kva pasientar som kan klare seg med lågare dosar mykofenolat.

Powered by Labrador CMS