– Såpestykket kan vere ei smittekjelde

Mikroorganismar kan gro godt på såpestykket ditt. Her er tipsa til den beste handvasken

Publisert
 (Foto: Colourbox)
(Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Oppskrift på god håndvask:

Fukt hendene med vatn. Bruk lunka vatn, det løyser opp skit betre enn kaldt vatn.

Tilfør nok flytande såpe til å dekke overflatene på begge hender.

Gni handflatene mot kvarandre.

Gni høgre handflate over venstre handbak, inkludert mellom fingrane og motsett.

Gni handflatene mot kvarandre med fingrane fletta.

Gni baksida av fingrane mot motsett handflate, med samanslåste fingre.

Grip med høgre hand rundt venstre tommal, og gni med roterande rørsler, og motsett.

Legg fingrane på høgre hand i venstre handflate, og gni i roterande rørsler, og motsett.

Skyll hendene under rennande vatn.

Tør hendene grundig med eingangshandle.

Bruk handkledet til å skru av vatnet.

Du har reine hender!

Å vaske seg på hendene er det enklaste og beste tiltaket for å motverke mange sjukdommar, som blant anna omgangssjuke.

Likevel slurvar svært mange av oss med handvasken.

– Undersøkingar viser at berre om lag 40 prosent av helsearbeidarar i Noreg vaskar hendene sine i dei situasjonane der dei eigentleg skulle ha gjort det, som før og etter pasientbesøk, fortel Nina Kristine Sorknes som er seniorrådgivar ved avdeling for infeksjonsovervåkning ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Når helsearbeidarar slurvar såpass mykje, kva då med oss andre?

– Det er i alle fall ikkje betre i den generelle befolkninga, sjølv om vi ikkje har så mange mål på dette, fortel Sorknes.

    Les også: 95 prosent vasker hendene feil
    Les også: Papir fjerner flest bakterier

Berre 40 prosent av helsearbeidarar vaskar hendene sine når dei skal. (Foto: Colourbox)
Berre 40 prosent av helsearbeidarar vaskar hendene sine når dei skal. (Foto: Colourbox)

Flytande såpe er best

Når ein skal vaske hendene ordentleg, er det ikkje slik at ei såpe er ei såpe. Det gode, gamle såpestykket er nemleg ikkje særlig hygienisk, ifølgje Sorknes.

– Eit såpestykke blir forureina når vi tar på det med skitne hender. Viss mange gjer det, kan såpestykket blir ei smittekjelde i seg sjølv, fortel infeksjons-eksperten.

Sorknes forklarer kva det er som blir liggande på såpestykket:

– Vi har uendeleg mange mikroorganismar på hendene. Når vi tar på handtak eller helsar på folk kan vi til dømes få overført smitte frå folk som kan ha oppkast og diaré i familien. Det kan vere snakk om mage- og tarmbakteriar, stafylokokkar, liknande. Desse Når såpestykket ligg opent, og blir sølt vatn på, eller det ramlar ned hudpartiklar frå lufta, fungerer såpestykket som eit vekstmedium der bakteriar kan vekse og gro.

– Flytande såpe er derfor best til handvasken, seier Sorknes.

    Les også: Dette kan unngås med såpe og vann

Godre rollemodellar er viktig viss barn skal lære å vaske hendene riktig. (Foto: Camilla Hatleskog/NRK)
Godre rollemodellar er viktig viss barn skal lære å vaske hendene riktig. (Foto: Camilla Hatleskog/NRK)

Dine bakteriar ikkje nødvendigvis bra for andre

Vi har jo høyrt at det er bra med litt skitt og bakteriar, så er det eigentleg så farleg om vi har litt bakteriar på hendene?

– Alle har sin eigen normalflora av bakteriar på hendene. Normalfloraen er ein del av menneskets naturlege immunforsvar. Men det er ikkje gitt at dine bakteriar er bra for andre, fortel Sorknes.

– Når vi etterpå tar oss i nasen, i munnen, i håret kan mikroorganismane som høyrer til på hendene komme til andre stader og forårsake for eksempel oppkast og diaré.

For samfunnet er det også pengar å spare på at folk vaskar hendene.

– Ein studie frå Stockholm viste at sjukefråveret hos barna gjekk ned i barnehagar som hadde fokus på handhygiene. Friske barn betyr foreldre på jobb, så dette er samfunnsøkonomisk viktig, fortel Sorknes.

Barn er i det heile tatt ei veldig viktig målgruppe, både fordi sjuke barn fører til foreldre som er heime frå jobb, men også fordi dei blir vaksne med meir eller mindre gode vaskerutinar.

Egga til barnemarken Enterobius vermicularis kan smitte til andre ved dårleg handhygiene. Egga er om lag 0,0006 centimeter lange, og er berre synlege under mikroskop. (Foto: Wikimedia Commons)
Egga til barnemarken Enterobius vermicularis kan smitte til andre ved dårleg handhygiene. Egga er om lag 0,0006 centimeter lange, og er berre synlege under mikroskop. (Foto: Wikimedia Commons)

– For at barn skal lære å vaske hendene ordentleg, er det viktig med gode rollemodellar. Viss mor, far og søsken synest det er viktig å vaske hendene før ein et og etter toalettbesøk, vil barnet også lære det, seier Sorknes.

Barnemark

Det er ikkje berre usynlege mikroorganismar som kan smitte ved dårleg handhygiene, det kan også den ufarlege, men irriterande invollsormen barnemark som mange barnefamiliar har stifta eit lite hyggeleg kjennskap med.

Barnemarken lever i tarmen, og kryp ut av endetarmsopninga om natta for å legge egg, noko som fører til kløe i rumpa. Når barna klør seg, legg egga seg under neglene.

– Hendene er eit viktig ledd for å sikre at barnemark ikkje spreier seg vidare i miljøet. Då er det viktig å ha korte neglar, og ha fokus på fingertuppane. I slike situasjonar er det best med handvask, og ikkje spriting, fortel Sorknes.

Frykt hjelper

For helsearbeidarar ser ein at den delen som svarar at dei vaskar seg stig til kanskje opptil 70 prosent etter kampanjar, men så går det ned igjen etter ei stund.

– Kvifor det er slik, er vanskeleg å svare på, fortel Sorknes.

 (Foto: Folkehelseinstituttet)
(Foto: Folkehelseinstituttet)

– Men det er mange faktorar som er involvert, både kor enkelt det er å få gjennomført handvasken, men også utdanningsnivå og kultur og ikkje minst tilgjenglegheit.

– Det har vist seg å vere svært tung materie å få endra dette for helsearbeidarar, fortel Sorknes.

Men frykt hjelper tydelegvis på viljen til å vaske hendene:

– Når folk blir litt engstelege, så vaskar dei hendene. Under svineinfluensapandemien for nokre år sidan, såg ein at sjukefråveret gjekk ned i mange kommunar i landet, fortel Sorknes.