Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Brudefølge der Oskeladden har vunnet «prinsessa og halve kongeriket».

Eventyr om Oskeladden kan vere mytar om guden Loke

Den eine har status som norsk folkehelt, og den andre ber eit evig skurkestempel.

Dei er to mannsfigurar som lever i djupna av vårt kollektive medvit.

Som nordmann veks du opp med forteljingane om Oskefisen – det frekkare, opphavlege namnet for Oskeladden – husmannsguten som stadig kaprar prinsessa og halve kongeriket gjennom metodar som er alt anna enn A4.

Du veks også opp med mytane om Loke, han som kan omskape seg til kvinne, hoppe og fleirfaldige andre vesen, og som stadig gjer ugagn oppe i gudeverda.

Begge er ringeakta, lågt på rangstigen, men likevel, uovervinnelege.

– Desse to tvitydige mannspersonane er i røynda tvillingar. Mytane om Loke og eventyra om Oskefisen har store overlapp. På Island og Færøyane hender det til og med at hovudpersonen i dei klassiske Oskefisen-eventyra heiter Loki eller Lokji, fortel Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

– Guden og guten er mykje den same. Men måtane dei to blir tolka på moralsk, er stikk motsette.

Forsker Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Dei som ingen vil vite av

Så kven var dei to? For å starte med Oskefisen er han husmannsguten som sit og rakar i glørne. På tida då maten blei laga over levande eld, var det viktig at elden brann passeleg sterkt. Då måtte det nokon til som jamleg kunne legge ved på bålet, bere ut oske og rake att og fram for å få varmen til å vere på det nivået den skulle.

– Skal du til dømes steikje flatbrød på takke, må varmen vere jamn. Det blir fort for varmt, ikkje varmt nok eller for varmt på ein del av takka og kaldt på ein annan, fortel Heide.

– Jobben med å passe elden kunne eit lite barn gjere som ikkje dugde til å hogge tømmer eller køyre med hest.

Oskefisen i eventyra er nettopp denne guten frå husmannskår. Iblant får han sjansen til å komme seg av garde for å prøve lykka si, og då viser det seg igjen og igjen at han har hjartet på rette staden.

Nett som Jesus, torer han å menge seg med dei som ingen andre vil vite av. På veg til kongsgarden er han snill mot alle slags utstøytte: trollkjerringa som har sett nasen sin fast i stubben, mannen som er så kjøtsvolten at han et gråstein, mannen som er så høg og tynn at han rekk heilt til himmels, samt ulike dyr og overnaturlege vesen. Han deler av nista si sjølv om han er svolten.

Guten kan også finne på å ta med seg alt slags søppel, til dømes på veg til å målbinde prinsessa: ein utgått skosole, ein blei, vengjene til ei daud skjor. Når han kjem fram til kongsgarden, ligg han gjerne i gangen eller uthuset, mens brørne Per og Pål er inne og bur herskapeleg.

Mest skadeleg og mest nyttig

Superkrafta til Oskefisen er ikkje fysisk styrke – tvert imot blir han gjerne skildra som ein hengslete ungdom som ikkje dug til mannfolkarbeid.

Talentet hans handlar snarare om ein type snarrådigheit, og heilt sentralt: evna til å bryte med tabu og konvensjonar. Han sigrar ved å gjere ting på sitt eige vis, utan å bry seg om kva andre tenkjer.

Nett slik er det også for Loke, ein puslete, liten gud i den norrøne mytologien. Han står utanfor folkeskikken, sånn som ein skal oppføre seg, og nett difor klarer han alle oppgåvene som ingen andre klarer.

Men for forskarar har Loke vore sett på som eit problem. Han har vore vanskeleg å få tak på, synest dei.

– Blant gudane er han både den mest skadelege og den mest nyttige. Korleis kan dette henge saman? Det har eg lurt mykje på, seier Heide.

Denne dekorerte steinen viser kanskje Loke som ligg og bles på glørne, slik som Oskefisen i barndomen. Blåsebelgfront frå ei smie i Snaptun på Jylland, rundt år 1000.

Bryt med kjønnstabu

Noko av det mystiske ved Loke er kor flytande og ustabil identiteten hans verkar å vere. Han kan til dømes gå over i ei kvinnerolle, noko som blei rekna som forakteleg i eldre tider. Utruleg nok er denne mannlege guden mor til Sleipne, ein av hestane til Odin.

Slik kjønnstvitydigheit er typisk for Loke, og han bruker dette som eit våpen. Ein gong har gudane gjort avtale med ein jotun om å byggje ei mur for seg. Viss han fullfører arbeidet innan ein viss frist, har dei lova at han skal få Frøya, sola og månen.

Denne prisen vil dei helst sleppe å betale, dermed går dei til Loke. Og Loke veit råd – den siste natta før fristen er omme, skaper han seg om til ei hoppe som lokkar bort hingsten byggmeisteren treng til å slepe fram stein til muren. Han blir ikkje ferdig i tide.

Ein type revolusjonære

Mange av dei nyttige gjerningane til Loke skjer i forlenginga av at han har gjort ugagn – eller så er ugagn bakt inn i måtane han utfører gjerningane sine på.

På eit tidspunkt klypper han av håret til Siv, kona til Tor. Dette er Tor særdeles lite nøgd med, men i retur erstattar Loke den opphavlege hårprakta hennar med noko endå betre: gullhår.

– Slik er Loke ein uberekneleg skikkelse, knytt til både vondt og godt. Eg meiner at Oskefisen er nøkkelen til å forstå han, seier Heide.

I tillegg til at både guten og guden er ukonvensjonelle i sin natur, er dei også revolusjonære – dei trugar den etablerte ordenen. Under Ragnarok er Loke på parti med jotnane og med på styrte veldet til gudane, ein katastrofe i mytologien.

I eventyret skjer mykje det same: Kongen taper og må gi frå seg både dottera og halve kongeriket til ein forakta, sotsvart, mager og fillete guteslamp.

– Men her synest vi det er flott. I eventyra er vi på parti med den underlegne, seier Heide.

– Grunnen til at vi tolkar Loke og Oskefisen så ulikt, er synsvinkelen i forteljinga. Mens mytane blir sett frå gudane sin ståstad – frå ovan, den rådane klassa – blir eventyra sett frå synsvinkelen til husmannsguten. Han er helten vår.

Trøyst mot eit klassedelt samfunn

Slik Eldar Heide ser det, kan Oskefisen-eventyra rett og slett vere Loke-mytar i ny ham.

Mest sannsynleg har mytane og eventyra levd side om side i lange tider. Mytane om gudane oppstod gjerne ut ifrå fenomen i naturen, slik som lyn og torevêr gav opphavet til Tor. Men i kristen tid blei dei forsøkt sensurert på grunn av det heidenske innhaldet. Dermed kan eventyra delvis ha erstatta dei, som ein ny, folkeleg måte å forstå og tolke samfunnet på.

– På 1800-talet, då dei blei nedskrivne, var det mange husmenn i bygdene, og desse levde ofte på sveltegrensa. Vestpå levde småbrukarane også ekstremt tøffe liv, seier Heide.

– Under slike forhold, fungerer eventyra som ein tryggingsventil – noko som gjer det lettare å godta å leve på eit eksistensminimum. Du kan drøyme deg bort i husmannsguten som svingar opp med alle og tenkje at vi fattige er dei som veit å oppføre oss realt her i verda.

Passa inn i nasjonsbygginga

Sjølv om vi brukar å rekne Oskefisen som norsk kulturarv, er han ikkje vår aleine: på Island heiter han Kolbítur, på tysk Aschenpuster, Askeladden på dansk og Askfisen på svensk.

Historiene har vandra i heile Nord-Europa. Likevel var det i Noreg dei fann størst gjenklang.

– Her til lands er Oskefisen ein nasjonalhelt, og folkeeventyra generelt står mykje sterkare her enn i nabolanda vore. Grunnen til dette er samansett, seier Heide.

Delvis handlar det om eigedomsstrukturen.

Opp gjennom historia har norske bønder i stor grad vore sjølveigande, medan Sverige og Danmark har hatt godsherrar og leiglendingar, og ei mykje hardare kuing av folk.

Med bakgrunn i kolonitida under Danmark, passa Oskefisen-figuren dessutan veldig godt inn i nasjonsbygginga då eventyra blei nedskrivne av Asbjørnsen og Moe på 1800-talet. Vi skulle reise oss, vise at vi var ein nasjon som dugde på linje med andre.

– Eventyra formidlar ei individualistisk ånd. Konvensjonar og autoritetar blir sette på prøve – bodskapen er at du skal gje blaffen i dei, seier Heide.

– Følg ditt eige kompass, ha tru på deg sjølv. Dette er jo kjernen av vår moderne ideologi. Men tankegangen er mindre ny enn det vi gjerne trur.

Dei magiske tinga

Loke har aldri fått ein slik heltestatus som er Oskefisen forunnt. Likevel er framgangsmåtane hans så godt som dei same, og resultatet også: Begge skaffar kongefamilie og gudar heilt eineståande eller magiske gjenstandar.

I ein myte der han liknar spesielt mykje på Oskefisen, er Loke ein omstreifande tenestekar som søker teneste hos Odin. Hos guden får han ei rekkje oppgåver som i utgangspunktet er umoglege å løyse: mellom anna, oppdraget å bryte seg inn i huset til Frøya og stele halsringen hennar.

Om natta skapar han seg om til ei fluge og kryp inn gjennom ein sprekk i veggen. Så skapar han seg om til ei loppe og bit henne i kinnet, slik at ho snur hovudet sitt på puta. Dermed kjem han til hekta og får av henne smykket.

På same vis med Oskefisen: På kongsgarden kan det til dømes hende det finst ei svær eik som skuggar for sola – men den er umogleg å hogge ned, for viss du høgg ei flis, kjem det to andre i staden. Jo fleire friarar som prøver seg, jo tjukkare blir stamma.

Men fordi Oskefisen har stelt pent med dei utstøytte, har han fått ei øks som høgg av seg sjølv, lynraskt. Dermed greier han oppgåva. Duken som dekkjer seg sjølv og kanna som skjenker av seg sjølv, er andre variantar av det same.

I nokre eventyr hentar han tilbake kongsdøtrer som er bortførte eller bergtekne ved hjelp av nordavinden, eller eit skip som kan segle både til sjøs og på land. Nett same typen skip skaffar også Loke til Frøy frå nokre dvergar som kan smi kva det skal vere, men som gudane sjølve ikkje vil ha noko med å gjere. Dessutan skaffar han både spjutet til Odin og hammaren til Tor.

Men alt dette har sin pris.

Tilgang til den andre sida

– Det som er tydeleg her, er at kongen og gudane ikkje berre kan få det dei ønsker seg. Det dei ikkje ønsker seg, følgjer med på kjøpet. Dei kan ikkje få det eine utan å få det andre, seier Heide.

Kongen får ein fantegut til svigerson og må ofte gje frå seg halve eller heile riket. Ein av dei lågaste i samfunnet kjem til toppen, og samfunnet blir snudd opp-ned. Gudane mister ein bit av makta si til dvergar, jotnar og troll.

Dette skjer fordi Loke og Oskefisen står på grensa til dei andre, dei som anten er motstandarar av gudane eller utstøytte frå samfunnet. Slik er dei begge i stand til å oppheve dei vanlege skilja vi opererer med: mellom høgt og lågt, innanfor og utanfor, kvinne og mann, fattig og rik. Og nettopp då kan det magiske skje.

– Det er randsstatusen som set desse to i stand til å få til det ingen andre klarer. Det er å vere på grensa, på alle slags vis, som gjev dei potensialet.

Vil du vite meir om Loke og Oskefisen? Høyr episode 19 av podkasten Tru og meining i gammal tid av Eldar Heide. Den er å finne på Spotify og dei fleste andre podkastplattformer.

Referanse:

Eldar Heide: Loki, the Vätte, and the Ash Lad: A Study Combining Old Scandinavian and Late Material. Viking and Medieval Scandinavia, 2011. 106. DOI: 10.1484/J.VMS.1.102616

Powered by Labrador CMS