Dødeleg einsemd

Einsame sjukeheimspasientar dør tidlegare enn dei som ikkje er einsame.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Istockphoto)

- Forskinga mi indikerer at einsame sjukeheimspasientar dør tidlegare enn andre sjukeheimspasientar, fortel førsteamanuensis Jorunn Drageset ved Høgskolen i Bergen.

Ho har følgt fleire kognitivt klåre sjukehemspasientar over tid. For nokre år tilbake intervjua ho over 200 bebuarar på ulike sjukeheimar i Bergen kommune.

No har ho gjort eit oppfølgingsstudie fem år etter, for å finne ut om det er ein samanheng mellom einsemd og død.

- 56 prosent av sjukeheimsbebuarane rapporterte om einsemd. Studien min viser at dei einsame døde tidlegare enn dei som ikkje kjende seg einsame, fortel Drageset.

- Men kan einsemd i seg sjølv føre til tidlegare død? Vil det ikkje vere andre faktorar som spelar inn?

- Det er klart at andre forhold også spelar inn, som nettverkskontakt, fysisk fungering og andre forhold som det ikkje er tatt omsyn til i denne studien. All forsking har sine begrensningar og studien kan heller ikkje påvise kausale årsaksforhold. Her trengs det meir forsking, understrekar ho.

To former for einsemd

Dragset fortel at de finst to former for einsemd. Det eine er den sosiale einsemda, som handlar om mangel på fellesskap der ein deler felles interesser.

Den andre forma kallast emosjonell einsemd og handlar om mangel på den nære tilknytinga til ein annan person, som til dømes barn, ektefelle, eller andre slektningar og venner.

- Det er spesielt viktig å vere merksam på den emosjonelle einsemda. Det å ha ein nær fortruleg er viktig. Kven som er den nære fortrulege for ein person er individuelt.

- Difor er det viktig at helsepersonellet er merksam på kven denne nære fortrulege er og legg forholda til rette for kontakt, kommenterer Dragset.

Jorunn Drageset. (Foto: Mauricio Pavez/Høgskolen i Bergen)

Ho meiner også at funna bør ha følger for måten å organisere arbeidet på i sjukeheimane.

- Problemet er at dei tilsette manglar tid og ressursar til den psykososiale omsorga. Men det å ha færre pleiarar rundt seg, er også noko bebuarane rapporterer om som viktig.

- Når pasienten stadig må forholde seg til nye pleiarar, kan det også føre til einsemd, understrekar ho.

Lite forsking på kognitivt friske

Det er gjort lite forsking på kognitivt friske sjukeheimsbebuarar. Det er også få kognitivt friske som bur på norske sjukeheimar. Så mange som 70- 80 prosent har demens.

- At dei “klåre” utgjer eit mindretal, gjer også sitt til at dei føler seg einsame. Mange er også fysisk skrøpelege.

- Kort sagt treng dei som skal jobbe på norske sjukeheimar i dag ha god fagkunnskap, ikkje minst når det gjelder psykososiale forhold, oppsummerer Drageset.

Referanse:

Drageset m.fl.: Emotional loneliness is associated with mortality among mentally intact nursing home residents with and without cancer: a five-year follow-up study, Journal of Clinical Nursing, Article first published online: 9 AUG 2012, doi: 10.1111/j.1365-2702.2012.04209.x.

Studien er finasiert av Kreftforeningen og er et samarbeid med Kavli forskningssenter for aldring og demens.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS