Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

I Danmark er Holger Danske ein nasjonalhelt, sjølv om han truleg aldri eksisterte i røynda. Men den første gongen han dukkar opp er det i gammalfranske tekstar.

Holger Danske levde i 300 år

Ein norsk professor har satt saman tekstane om mellomalderen sin eigen Supermann.

Nokre hugsar framleis «Holger Danske» som ein passasjerbåt til Danmark, altså verken spesielt heltemodig eller utanomjordisk.

Men ein svipptur tilbake til mellomalderen kan gje heilt andre assosiasjonar.

Trond Kruke Salberg, professor i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo, snubla over den danske segnhelten i samband med eit doktorgradsarbeid og skulle eigentleg berre finne ut av eit litteraturhistorisk spørsmål.

Resultatet vart fleire tiår med arbeid.

Ein viktig, gamal tekst fanst nemleg berre i eit gamalt papirmanuskript der store delar var nærast uleselege. Slikt kan gjere ein litteraturprofessor nysgjerrig.

– Eg fekk etter kvart den lyse ideen at eg skulle publisere manuskriptet. Det vart eit heilt spesielt prosjekt, fortel Salberg.

«Heltekvad» i holete dokument

I Danmark er Holger Danske ein nasjonalhelt, sjølv om han truleg aldri eksisterte i røynda. Men den første gongen han dukkar opp er det i gammalfranske tekstar.

I «La Chevalerie Ogier» frå 1100-talet er han hovudpersonen. Dette er såkalla chansons de geste, norsk heltekvad: episke dikt frå mellomalderen.

Originalmanuskriptet låg på det nasjonale biblioteket i Paris. Herifrå bestilte Salberg ein filmrull med fotografi av manuskripta. Bokstavane var sannsynlegvis skrivne med blekk meint for pergament, og blekket hadde reagert kjemisk med papiret. Resultatet var mange store hol, samt til dels svart skrift på mørkebrun bakgrunn.

Derfor skulle Salberg opphalde seg i Paris i mange somrar for å forsøke å tyde originalversjonane.

– Når ein kopierer analogt, blir kvar kopi dårlegare. Eg kunne lese mykje meir i Paris enn på filmen.

Kjernen av historia

Det vart eit skikkeleg pirkarbeid. Kunnskap om gammalfransken som tekstane vart skrivne på, kom etter kvart – orda kan vere svært forskjellige dagens fransk.

Merkelege forkortingar, manglande teiknsetting og ikkje minst alle hola i papiret var utfordrande. Han kunne sitje fleire timar med nokre få verselinjer.

Men han mangla ikkje motivasjon:

– Historiestudiar er i stor grad studiar av gamle dokument. Kan ein ikkje lese rett, kan ein ikkje forstå rett. Så utan publisering av gamle tekstar, får vi inga historie.

Professor Trond Kruke Salberg har fordjupa seg i gammalfranske manuskript i ein mannsalder.

Ein vakker helt

Franske heltekvad handlar ofte om kampar mellom frankarar og heidningar, men dei handlar òg om lojalitetsforhold innan det frankiske samfunnet, som forræderi overfor Karl den store – her ein fiktiv figur.

Holger Danske, også han ein fiktiv figur, var involvert i litt av kvart. Og det er denne historia som Salberg no, etter mange års arbeid, har tilgjengeleggjort i ein tekst på 30 502 verselinjer.

Teksten omfattar både «La Chevalerie Ogier» og eit langt framhald, som også vart skrive i mellomalderen.

Den danskfødde helten var svært vakker. Han hadde gyllent, krøllete hår og ein fot som er forma på ein vakker måte. Han var dessutan breiskuldra.

Tekstar frå mellomalderen legg ofte stor vekt på menn si skjønnheit, ifølgje Salberg.

Krig med Karl

Men her sluttar det vakre og harmoniske. Sonen til Karl den store tar nemleg livet av sonen til Holger Danske etter å ha tapt eit sjakkspel.

Resultatet er ein lang krig mellom Holger og Karl, der Holger får hjelp frå ulike partar – mellom anna lombardane i Nord-Italia.

– Holger Danske var ikkje berre vakker. Han var også veldig smart. For eksempel, når han på eit tidspunkt er åleine igjen i ei borg under krigen, lagar han tremenn og plasserer dei rundt omkring slik at det skal sjå ut som om han har folk der, fortel Salberg.

Til slutt må han likevel rømme frå borga og blir teken til fange. I mange år sit han i fangenskap, heilt til Karl den store finn ut at han treng hjelp frå han.

«La Chevalerie Ogier» har ein lykkeleg slutt: Holger får store len av Karl den store og blir gift med dottera til kongen av England.

Helten vart ikkje eldre

Men historia om Holger sluttar ikkje her. Ho held nemleg fram i riddarromanane som kom på 1300-talet.

Her hamnar Holger i byen Acre i Israel/Palestina etter kampen mot Karl den store.

Dette var den siste staden dei kristne korsfararane hadde makta over i Israel etter at dei hadde mista Jerusalem. I Acre blir Holger forrådt av dei berykta tempelriddarane.

Seinare går turen til Eventyrland. Der blir han kjærast med Morgane, søstera til den fiktive kong Arthur. Holger bur i Eventyrland i 300 år utan å bli ein dag eldre, før han igjen vender attende til Frankrike for å hjelpe ein fransk konge.

Sterk, sta og einsam

Det vart fortalt historier om Holger Danske i fleire hundre år, både sør og nord i Europa.

– Kvifor fekk Holger Danske den heltestatusen han fekk?

– Først og fremst er han veldig stor og sterk. I tillegg har du alle dei fantastiske elementa. Når både Holger Danske og kong Arthur vart nemnde i same tekst, fekk middelalder-folket både i pose og sekk.

Men Holger er ikkje berre ein positiv helt, legg Salberg til. Han er både sta og eigenrådig.

I nokon episodar er han også ein einsam helt, som blir forrådt av alle eller mistar alle kameratar i kamp.

– Kor populær vart han?

– Det veit vi ikkje. Sannsynlegvis har det eksistert mange tapte manuskript og mange tapte versjonar. Chansons de geste og dei tidlege riddarromanane var høglitterære former, men etter kvart vart det skrive meir populære former. Vi snakkar nok om den same fascinasjonen som for moderne såpeoperaer.

Dansk-norsk versjon vart mykje lest på 1800-talet

Mot slutten av mellomalderen, på 1400-talet, kom dei første prosaversjonane, ikkje på verseform.

Dansken Christiern Pedersen kom til Paris på 1500-talet og vart kjent med historia om denne danske helten som han aldri hadde høyrt om. Han tenkte som Salberg: Dette måtte han gjere noko med.

– Pedersen kunne ikkje gamalfransk, men han sytte for at den franske prosaversjonen vart omsett til latin, som han sjølv omsette til dansk. Dette er bakgrunnen for den dansk-norske Holger Danske-tradisjonen, fortel Salberg.

Pedersen kalla verket «Olger Danskes krønike», ei bok som vart trykt ei rekkje gonger til langt utpå 1800-talet og lesen av mange i Danmark-Noreg.

– I Noreg blir vi jo ganske stolte viss ein nordmann blir kjend i utlandet?

– Ja og slik tenkte nok Christiern Pedersen òg. Her var det ein danske som folk la merke til. Eg trur at Pedersen la til noko her og der i krøniken sin, for her blir det lagt meir vekt på Danmark enn i dei franske versjonane.

Også tidleg i mellomalderen hadde Holger Danske vore innom dei nordiske landa. Under namnet Oddgeir er han ein helt i Karlamagnus saga, ein norsk-islandsk saga om den fiktive Karl den store.

Skribenten henta stoffet sitt frå dei franske heltekvada og gjorde namnet meir nordisk-klingande.

Viktig inspirasjon for Tolkien

Ifølgje Salberg hadde ikkje den nyare «sword and sorcery»-litteraturen (sverd og trolldom), av til dømes J.R.R. Tolkien, vore mogleg utan dei gamle riddarromanane og chansons de geste.

Dei spelar på mange av dei same elementa. Tolkien var sjølv mellomalderfilolog.

Alle desse historiene ber preg av at folk av og til ønskte og framleis ønskjer, å flykte frå røynda, meiner Salberg.

I litteraturen kom ein til ei verd der ein vart frigjord frå økonomiske suter. Det var krig, kjærleik, slåsting og duellar – sjølv om Holger Danske kom til Acre utan pengar og måtte pantsette skjoldet sitt for å få husrom.

– Kanskje ligg det ei slags trøyst i å førestille seg nokon som kan løyse alle problem? At det finst nokon som er så sterke at berre vedkomande kjem på scena, vil alt gå bra? Slik var det med Holger, seier Salberg.

I Danmark vart Holger ein nasjonalhelt som ville stå fram og redde Danmark når det var i naud.

– Holger Danske hadde ikkje berre vore i Frankrike, Italia og Israel/Palestina. Han hadde vore i Eventyrland, òg. Han hadde styrke, mot og alle dei tradisjonelle heroiske eigenskapane.

Powered by Labrador CMS