Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Demonstrantar og mot-demonstrantar under ein konservativ demonstrasjon på Blågårds Plads i København, 29. september 1935.

Gatekampar var del av den politiske kulturen i Danmark

Danskane var meir prega av konflikt enn politisk semje i 1930-åra, hevdar forskar.

– Demonstrasjonar og gatekampar i 1930-åra var vanlegare enn forskarane tidlegare har meint. Valdelege konfrontasjonar var ikkje knytte til politisk ekstremisme, men ein del av den offentlege politiske debatten, seier Charlie Krautwald.

Den danske historikaren har dei siste åra budd i Kristiansand kor han har tatt ein doktorgrad på Universitetet i Agder (UiA).

Der viser han korleis marsjar i gater, plakatar på husvegger, appellar på torg og attpåtil slåsting mellom ungdommar frå ulike politiske parti var ein integrert del av dansk politikk i 1930-åra.

Charlie Krautwald har òg studert fotografi frå gateslaga. Dei viser at både kvinner og menn tok del i gatekampane.

Valkamp på gata

Bakgrunnen for gatedemonstrasjonane var utviklinga av demokratiet. Det var ungt og hadde enno ikkje funne forma si i Danmark og andre europeiske land. Historikaren minner om at demokratiet mista taket i Italia og Tyskland.

– Tida var prega av nye ideologiar, økonomiske kriser, massepolitikk og spørsmålet om demokratiet ville overleve. Gatepolitikken var ein viktig del av kampen om veljarane og førte med seg valdelege konfrontasjonar mellom politiske ungdommar på høgre- og venstresida i politikken, seier Krautwald.

Politirapportar, politiske program frå ulike parti og plakatar med propaganda er blant kjeldene Charlie Krautwald har nytta i forskinga si. Han har òg studert fotografi frå gateslaga. Dei viser at både kvinner og menn tok del i gatekampane.

Gatene var sosial og offentleg arena

Han samanliknar gater og torg i 1930-åra med dagens sosiale medium.

– I dag diskuterer vi i sosiale kanalar. Den gongen var gata den viktigaste offentlege og sosiale arenaen der du trefte flest folk. Mellomkrigstida var første gongen i historia at fleirtalet av folket kunne stille til val. Demokratiet inviterte så å seie folk ut på gata, seier Krautwald.

Han understrekar at det ikkje var bermen som møttest til gateslag.

– Dei politiske partia hadde gatedemonstrasjonar som ein del av eigen strategi. Gatemarsjane var ein del av den politiske forhandlinga om makt og innflytelse, seier Krautwald.

Arbeidarklassen mot borgarskapet

Ifølgje forskaren var ikkje gatedemonstasjonar eit nytt fenomen i 1930-åra. Heilt tilbake på 1800-talet var det vanleg at danskane gjekk ut på gatene for å markere standpunkta sine.

– Å erobre gatene med plakatar og protesttog dreier seg òg om å få symbolsk makt over uteområda. Det dreier seg om å vise omgivnadene kven som har rett til gata og ulike område i byen, seier Krautwald.

Avhandlinga hans viser at arbeidarklassen mot slutten av 1800-talet fekk hevd på gater og torg i København. Utover 1930-åra prøvde den politiske høgresida å vinne tilbake gatene.

Symbolsk makt

– Både høgre- og venstresida ønskte å provosere ved å demonstrere i kjerneområda til dei politiske motstandarane sine. Dei hadde ein bevisst strategi om dette, seier historikaren.

Nørrebro var raudt område i København. Dit strena dei konservative. Fredriksberg var konservativt område. Dit fór dei raude.

– Desse områda vart omdreiingspunktet for demonstrasjonane. Men det var ikkje berre nazistar mot kommunistar på gatene. Alle politiske parti frå venstre til høgre var representert her, både konservative som ikkje var nazistar og sosialdemokratar som ikkje var kommunistar, seier Krautwald.

Konservativ Ungdom marsjerer i København i mars 1933.

Kritiserer historikarar

Når den nyslåtte doktoren i historie får spørsmål om kva som er nytt i avhandlinga hans, kjem det kontant:

– Det nye er at eg har undersøkt det.

Han peiker på at tidlegare historikarar har konkludert utan å undersøke den politiske mobiliseringa på gata. Han seier standpunkta frå Politiken Forlags Danmarks historie i 14 band av John Danstrup og Hal Koch i 1965 har vorte reprodusert om 1930-åra heilt fram til i dag.

Han stiller seg kritisk til den tradisjonelle skandinaviske forskingstradisjonen som framstiller den politiske kulturen i Skandinavia som særleg prega av semje eller konsensus.

– Historikarane har reprodusert konsensustenkinga om at vi er særleg flinke til å inngå kompromiss i Skandinavia. Forskinga mi viser at høgre- og venstresida også stod kraftig mot einannan i 1930-åra. Dei var langt frå samde om i kva retning samfunnet skulle ta, seier Krautwald.

Referanse:

Charlie Emil Krautwald: Kampen om gaderne : Gadepolitik og rumlige krav i 1930'ernes politiske kultur. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2021.

Powered by Labrador CMS