Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Multidose er legemiddel i porsjonsposar som hjelper eldre og helsepersonell med kontroll på medisinering.

Piller i porsjonsposar løyser ikkje alle problem med feilmedisinering

Å pakke pillene til eldre i porsjonsposar hjelper heimesjukepleia å gje medisin slik legen har bestemt. Men det hjelper ikkje å fylgja føreskrivinga dersom ho er feil.

Ein del pasientar, ofte eldre, kan ha vanskar med å ta medisinane sine til riktig tid og i riktig mengde. Dei kan bruka det som heiter multidosemedisinering eller berre multidose, der legemiddel vert pakka i porsjonsposar og merka med innhald og når det skal takast.

– Dermed får vi fjerna ein stor del av feil medisinbruk, men kanskje har vi samstundes auka risikoen for feilmedisinering på ein annan måte, seier Anette Vik Jøsendal ved Nasjonalt senter for e-helseforsking.

Jøsendal tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo, og har gått gjennom medisinlistene til 45 000 norske multidosebrukarar over 70 år som har heimesjukepleie.

Det er om lag halvparten av alle multidosebrukarar i landet. Samstundes er det ein tredjedel av alle som har heimesjukepleie.

Studien er ein del av forsking som skal gje kunnskap om korleis multidose skal vere ein del av e-resept, på ein måte som er trygg for pasientane.

Potensielt uhensiktsmessige føreskrivingar

– Pasientane i utvalet brukte mange faste medisinar, fleire enn i den eldre befolkninga generelt. Snittet låg i overkant av ti. Av desse vart seks gjevne som multidose, fortel Jøsendal.

Ho har ikkje grunnlag for å seia at multidosebruk er meir utbreidd blant eldre som tek såpass mange medisinar, men seier at det ikkje er urimeleg å anta det.

– Samstundes kan det jo faktisk vera slik at det er noko ved sjølve multidosesystemet som gjer at pasientane brukar fleire medisinar.

27 prosent av pasientane hadde det som vert kalla «potensielt uhensiktsmessige føreskrivingar». Døme på dette kan vera legemiddel som fortrinnsvis berre bør gjevast til yngre pasientar.

MULTIDOSE: I posar merka med namn og tidspunkt får pasienten medisinane sine frå apoteket.

Alternativ med nesten tilsvarande effekt

Heile 59 prosent fekk kombinasjonar av medisinar som påverka kvarandre anten ved å forsterka eller utlikna verknadar eller ved å utløysa biverknadar. Men berre 3 prosent av desse var alvorlege.

– Det er viktig å understreka at i ein del av desse tilfella vil legen ha vurdert at behovet for desse legemidla er større enn dei moglege ulempene av bruken. Desse opplysningane finst ikkje i datagrunnlaget mitt, seier Jøsendal.

– Men tala er likevel så høge at det verkar som at ein del av dette kunne vore unngått. I mange tilfelle finst det alternative legemiddel med nesten tilsvarande effekt, men utan dei uheldige følgjene.

– Og for ein god del av dei nesten 1000 pasientane med tre eller fleire potensielt uheldige legemiddel kvar, vil eg tru at det ville vera råd å gjera noko med medisineringa.

Potensial for samarbeid

I studien har Jøsendal altså avgrensa seg til pasientar som har heimesjukepleie. Årsaka er at dei har ein meir fullstendige medisinlister for, som i tillegg til faste, inkluderer både kosttilskott og medisinar som vert tekne ved behov.

Det er i motsetning til kva ein har for multidosebrukarar som er innlagde på sjukeheim, eller som administrerer legemidla sine sjølve.

– Samstundes må vi òg ta omsyn til at studien berre baserer seg på medisinlistene. Vi veit ingenting om nokon av pasientane har opplevd problem som følgje av føreskrivinga, og som nemnt veit vi heller ikkje kva vurderingar legane kan ha gjort, seier Jøsendal.

– Eg meiner likevel det er eit unytta potensial her for samarbeid mellom heimesjukepleie, pasient, apotek og lege. Frå andre studiar veit vi nemleg at pasientar kan bli gåande på medisinar som dei ikkje har bruk for lenger.

– Heile 59 prosent fekk kombinasjonar av medisinar som påverka kvarandre, fortel Anette Vik Jøsendal.

Farmasøyten er eit ekstra kontrolledd

– I nokre tilfelle kan det til dømes vera at legemiddelet er føreskrive av ein spesialist og at fastlegen derfor vegrar seg for å gjera endringar. I andre tilfelle kan det vera nærmast av gammal vane, fordi legen ser pasienten sjeldnare og ikkje får vita om tilstanden endrar seg.

Men sjølv om bruk av multidose kan auka avstanden mellom lege og pasient ytterlegare, understrekar Jøsendal fordelen av dei nesten komplette listene vi har over kva legemiddel multidosepasientar brukar.

– Når talet på pasientar med potensielt alvorlege kombinasjonar trass alt ikkje er høgare enn tre prosent, kan det jo vera fordi farmasøyten kjem inn som eit ekstra kontrolledd som ser heile porteføljen under eitt.

– Det verkar i alle fall som at vi klarar å plukka ut ein god del av dei kombinasjonane der legemidla påverkar kvarandre. Men på uhensiktsmessige føreskrivingar ser det ut til at vi enno har ein del å henta, seier Anette Vik Jøsendal.

Referanse:

Anette Vik Josendal mfl: Potentially inappropriate prescribing to older patients receiving multidose drug dispensing. BMC Geriatrics, 2020. https://doi.org/10.1186/s12877-020-01665-x

Powered by Labrador CMS