Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Sjukehuset tok blodprøvar av pasienten for å måla nivået av legemiddelet i blodet.

Kva gjer ein når pasienten har tatt ein uvanleg høg legemiddeldose?

Dosen var høgare enn noko som var kjend frå før. Nyreseksjonen trong all sin kunnskap om legemiddelet, men vart litt overraska då prøvesvara kom.

Det vart eit uvanleg morgonmøte ved Nyreseksjonen på Rikshospitalet.

Eit par timar tidlegare var det blitt innlagt ein tidlegare nyretransplantert pasient, som no hadde fått i seg ein altfor høg dose av Mykofenolat.

Dette er ein medisin som mellom anna vert gjeven til organtransplanterte for at ikkje kroppen skal støyta frå seg det nye organet.

– Så høge dosar er sjeldne og berre sporadisk beskrivne i forskinga, seier Anders Åsberg, leiar av Nyrefysiologisk laboratorium ved Rikshospitalet og professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Etter fire–fem søk i tidlegare forsking måtte dei gje opp. Det fanst ingen dokumenterte tilfelle med liknande dosar som dei kunne støtta seg på.

Dei hadde ikkje anna enn sin eigen kunnskap om legemiddelet og korleis det vert teke opp og skilt ut av kroppen.

Fleire omgangar med oppkast

– Dosen som denne pasienten hadde teke, var over dobbelt så høg som det høgaste som var kjend fram til då. Vedkomande hadde teke ein dose som var 60 gonger høgare enn ein vanleg enkeltdose, fortel Åsberg.

Etter å ha teke dosen i 21-tida kvelden før, kasta pasienten opp fyrste gong ved midnatt. Ut på morgonsida fekk pasienten så store magesmerter at det vart taxitur til Rikshospitalet. Det kom fleire omgangar med oppkast, den siste etter at han var kommen til sjukehuset.

– Den vanlege behandlinga ved forgiftingar og for høge medikamentdosar er aktivt kol, som hindrar at verkestoffet vert teken opp i tarmen. Men pasienten sovna og sov så lenge at det ikkje lenger var noko hensikt i å gje kolet, seier Åsberg.

Vert teke opp på nytt

Men sidan så høge dosar med denne medisinen er ukjende, måtte sjukehuset vurdera andre tiltak enn dei vanlege. Då kom den farmasøytiske kompetansen til sin rett.

– Pårørande fortalde at dei ikkje hadde sett medisinrestar i oppkastet, slik at det meste av medisinen sannsynlegvis alt var teke opp i kroppen, fortel Åsberg.

Men mykofenolat vert faktisk teke opp i tarmen to gonger. Den fyrste gongen set kroppen til eit sukkermolekyl til mykofenolat. Denne metabolitten, altså stoffskifteproduktet, vert så skild ut av levra til tarmen igjen.

Bakteriar i tarmen fjernar sukkermolekylet att og dermed kan mykofenolat verta teke opp på nytt.

– Dette andre opptaket ynskte vi å hindra eller hemma. Vi brukte tre ulike legemiddel for å oppnå dette, som angreip opptaket på tre ulike måtar, forklarar Åsberg.

– Vi angreip opptaket av mykofenolat i tarmen med tre ulike legemiddel, forklarar Anders Åsberg.

Blodprøvar av pasienten

Den fyrste innfallsvinkelen var å gje pasienten kolestyramin, som bind seg til feittstoff og legemiddel i tarmen og dermed hindrar at mykofenolat vert teke opp på nytt.

Det andre var antibiotika, for å fjerna tarmbakteriane som tek bort sukkemolekyla frå mykofenolat og gjer det tilgjengeleg for eit andre opptak.

Det tredje tiltaket var å byta til ein eldre immunhemmande medisin enn han som pasienten stod på.

Immunhemmande medisinar vert gjeve til organtransplanterte pasientar så ikkje immunsystemet skal angripa det nye organet. I motsetning til den nyare medisinen hemmar den gamle utskiljinga av mykofenolat til tarmen.

Samstundes som tiltaka vart sette inn, vart det teke blodprøvar av pasienten. I tillegg til analysar ved Rikshospitalet vart det òg utført analysar ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo (UiO).

Fekk overrasking

– Her drog vi vekslar på det tette samarbeidet vi har med UiO, både for å verifisera dei veldig høge nivåa av mykofenolat som vart målte ved Rikshospitalet og for å få målt sukkermetabolitten.

– Sukkermetabolittmålinga kunne vi gjort her ved Rikshospitalet òg, men det ville teke lengre tid. Ved instituttet hadde dei opplegget klart, seier Åsberg.

Og då resultatet av prøvane var klart, fekk dei seg ei lita overrasking:

– Alt i dei fyrste oppfølgingsprøvane som var tekne av pasienten, var det meste av legemiddelet skilt ut av kroppen. Det var altså før nokon av tiltaka våre var sette inn. Kroppen hadde rett og slett ordna opp på eiga hand, fortel Åsberg.

Vondt i magen

Behandlarane var bekymra for at den høge dosen skulle gå ut over beinmargen til pasienten, sidan det er ein biverknad ved Mykofenolat som ikkje er uvanleg.

Men både dei innleiande prøvane og dei som har blitt tekne seinare, har vore heilt fine.

– Den einaste verknaden pasienten fekk, var fire–fem dagar med vondt i magen. Men det vil ein fort få av dei fleste medisinar etter ein slik høg dose.

Det hadde ikkje late seg gjera å gje forsøkspersonar slike dosar for å sjå kva verknaden ville vera. Derfor har episoden no munna ut i ein vitskapleg artikkel, slik at andre sjukehus verda over har meir å halda seg til om liknande tilfelle dukkar opp.

Ikkje like stressa

Men sjølv om pasienten truleg kunne klart seg heilt utan behandling, ville Åsberg gjort omtrent det same igjen.

– Dette er eit enkeltståande tilfelle, så vi kan ikkje seia at det same ville skje med andre pasientar òg. Vi ville gjeve dei same tiltaka og følgt opp med hyppige blodprøvar, slik som i dette tilfellet.

– Men vi ville nok ikkje vera like stressa om noko liknande skulle skje igjen.

Referanse:

Anders Åsberg mfl.: Severe Mycophenolate Intoxication in a Solid Organ Transplant Recipient—No Intervention Actually Needed. Transplantation Direct, 2020. Doi: 10.1097/TXD.0000000000001058

Powered by Labrador CMS