Mest hummar i aust

For første gong på tre år er det Austlandet som har dei beste hummarfangstane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hummer. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Europeisk hummer

Latinsk navn: Homarus gammarus
Familie: Nephropidae
Utbredelses-, gyte- og beiteområde: På stein- og grusbunn, helst hvor de kan lage huler med flere innganger. Vanligst fra 5−40 meters dyp. Langs kysten fra svenskegrensen til Trøndelag, og sporadisk i Nordland, for eksempel Tysfjord.
Alder ved kjønnsmodning: 5−7 år.
Størrelse ved kjønnsmodning: 76−85 mm ryggskjold (22 til 25 cm totallengde). Minst ved Hvaler, gradvis større mot vest og nord.
Maksimal alder: 60 år (engelsk eksemplar).
Maksimal størrelse: Fanges sjeldent over 130 mm ryggskjold (35 cm totallengde).

(Kilde: Havforskningsinstituttet)

Hummarfangstane er generelt sakte på veg oppover; etter meir enn 40 år med låg hummarbestand og små fangstar.

Hummartala byggjer på fangstdagbøker som vel 200 fritidsfiskarar har ført dei tre siste åra. Analysane er utførde av forskar Alf Ring Kleiven på Havforskingsinstituttet.

Ulikt langs kysten

Hummaren er utbreitt langs kysten frå svenskegrensa og nord til polarsirkelen (berre sporadisk i Nordland). Hummardagbøkene dekkjer kysten frå Østfold til Møre og Romsdal.

I 2010 hadde Austlandet den høgaste fangstraten (hummar per teine per dag) i landet. Medan fangstraten på Austlandet har dobla seg på to år, søkkte raten på Vestlandet i fjor ned på 2008-nivå.

Ratane har i all hovudsak vore stabile i Aust- og Vest- Agder.

Fangstrate (hummar per teine per døger) i 2008, 2009 og 2010 rapportert gjennom standardiserte hummardagbøker sende inn av fritidsfiskarar. (Foto: (Illustrasjon: Havforskningsinstituttet))

Fleire årsaker

Kleiven seier at det er for tidleg å spekulera på årsakene til skiftet og understrekar at resultata er baserte på relativt enkle analysar og berre viser trendar. Han peiker likevel på nokre mogelege forklaringar:

I 2008 tråtte nye og strengare reguleringar for hummarfisket i kraft. Alle regionane hadde ein oppgang i fangstratane frå 2008 til 2009. Men i 2010 var det berre registrert auke på Austlandet.

– Tiltaka er jo gjennomførde i heile landet, og i så fall er responsen på dei nye reguleringane ulik frå region til region. Truleg er det fleire årsaker til utviklinga, seier Kleiven.

- Fangbarheit, fisketrykk og endringar i økosystemet kan forklara skilnadene frå region til region.

- Bestanden av hummar langs norskekysten er kraftig redusert samanlikna med 1950- og 1960-åra. Det gjenstår å sjå om dei nye forvaltningsreguleringane kan føre til en vidare vekst i bestanden, seier han.

Powered by Labrador CMS