Annonse

Oppdrettstorsk sprer seg

Det har vore hevda at rømt oppdrettstorsk dør før han rekk blanda seg med sine ville artsfrendar. No viser omfattande forsøk at oppdrettstorsken klarar seg utmerkt ute i det fri. Det er lite som tyder på at han ikkje kjem til å blanda seg med villtorsken.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Oppdrettstorsk gyt i merdane, og treng ikkje å rømma for å spreia sitt genetiske materiale.

Torskeoppdrett er eit satsingsområde med stort vekstpotensial. Den årlege produksjonen er venta å koma på nivå med lofotfisket.

Det store ankepunktet mot næringa er risikoen for blanding av genetisk materiale frå vill- og oppdrettstorsk.

Det kan på sikt resultera i ei kritisk utarming av villtorsken.

Ventar på hybridane

Grundige undersøkingar så langt har dokumentert at tilhøva ligg til rette for slik kryssing.

Seniorforskar Knut E. Jørstad ved Havforskingsinstituttet trur det berre er eit spørsmål om tid før dei første hybridane ser dagens lys.

- Eg har vanskeleg for å sjå kva barriere som skal kunna halda villtorsk og oppdrettstorsk frå kvarandre, seier Jørstad.

Side om side

Undersøkingar gjorde av Havforskingsinstituttet i Heimarkspollen i Austevoll viser at oppdrettstorsken er levedyktig også når han veks opp utanfor det vante miljøet i merden.

Det er dokumentert at egg og larver frå merdane sprer seg i villtorsken sitt naturlege miljø.

I dei komande åra vil forskarane få svar på kva som skjer når villtorsk og oppdrettstorsk veks opp side om side.

Sårbar kysttorsk

Jørstad peikar på at fleire bestandar av kysttorsk ligg på eit lågmål. Desse bestandane er spesielt kjenslevare for påverknad frå rømt oppdrettstorsk.

I tillegg til risikoen for uheldig genblanding, kan oppdrettsfisken vera smitteberar og spre sjukdom til sine ville artsfrendar.

Men forskarane spør seg også om ei eventuell kryssing kan føra noko godt med seg. Oppdrettsfisk kan til dømes visa seg å styrka lokale torskestammer som slit.

Sikre svar i 2010

Forskarane følgjer forsøksfisken frå Heimmarkspollen med argusauge framover.

I 2009 reknar dei med å få sikre svar på om det førekjem kryssing. Spørsmåla som då melder seg er om desse hybridane er levedyktige og korleis innkryssinga påverkar villtorsken.

- Vi treng meir kunnskap om kva risiko det er for varige endringar i dei ville bestandane, seier Jørstad. 

Powered by Labrador CMS