Så mykje sild finst det i Noreg

I norske farvatn sym det berre halvparten så mykje sild som for berre nokre få år sidan, og sildebestanden vert karakterisert som liten. Men kor lite – eller mykje – sild er det eigentlig snakk om?

Publisert
Silda er den viktigaste villfanga fisken i norske farvatn. (Foto: Havforskningsinstituttet)
Silda er den viktigaste villfanga fisken i norske farvatn. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Det norske sildefisket:

Skjer i hovudsak på vinteren når silda sig inn til kysten for å gyte.

På denne tida er det best kvailtet på silda

Ei sild kan leva i 25 år, og blir maks 40 cm og 500 g

Det er ikkje lov å fiska sild som er mindre enn 25 cm

Dersom vi samlar all silda vår i ein stim på tjue gonger tusen meter, blir den cirka 615 kilometer lang. 

Stimen hadde tatt oss tørrskodd eit langt stykke nedover kysten.

Fire millionar tonn sild

Det er sildeekspert Erling Kåre Stenevik og kollegaene på Havforskingsinstituttet som har gjort det vesle reknestykket som viser at dagens sildebestand på vel fire millionar tonn utgjer ein 20 meter djup, 1000 meter brei og 615 kilometer lang stim.

615 kilometer tilsvarar sånn omtrentleg avstanden mellom Røst i Lofoten og Mørekysten, der silda gyter.

Heilt tørrskodd kjem ein seg riktig nok ikkje nedover kysten. Ute i naturen vil det vera ein viss avstand mellom kvar sild i stimen.

– Men denne tenkte monsterstimen illustrerer dimensjonane på sildebestanden og fortel oss også at havet er stort, seier Stenevik.

Normalt vandrar jo silda i stim mellom oppvekst-, beite- og gyteområde i eit havområde som er eit par gonger større enn Noreg.

– Og det seier litt om kor krevjande det kan vera å forvalta ein så mobil fiskebestand, seier Stenevik.

Liten bestand som lett kan fiskast

Saman med torsk og makrell, er silda den viktigaste villfanga fisken i norske farvatn. Dei siste åra har det norske sildefiskeriet hatt ein verdi på vel tre milliardar kroner årleg.

I 2014 er det anbefalt ein sildekvote på 419 000 tonn, som er vel 200 000 tonn lågare enn 2013-rådet. Noreg har cirka 60 prosent av totalkvoten.

Årets sildefiske er i gang, og frå fiskefelta vert det meldt om enorme mengder sild. Det rimar dårleg med forskarane sine nedslåande bestandsmålingar og etterfølgjande kutt i sildekvotane.

Stenevik forklarar at silda er ein stimfisk som – spesielt i gyteperioden – klumpar seg saman i store mengder på eit avgrensa areal.

Slik blir ho svært lett tilgjengelig for fiske, og dermed kan det fort bli skapt eit inntrykk av at det er langt meir sild i havet enn det faktisk er.

– Det vert kalla ”hyperstabilitet” når silda står tett i tett på eit lite område. Det same vart observert under sildekollapsen på 1960-talet. I 1966 vart det fiska nesten to millioner tonn sild, mens gytebestanden var 2,8 millioner tonn og på full fart nedover, seier Stenevik.

Føre var eller etter snar?

Dei låge kvotane skuldast at sildebestanden i seg sjølv er i nedgang. I tillegg har føre-var-mekanismane i haustingsregelen for sild slått inn.

Haustingsregelen seier at sildebestanden ikkje skal under 2,5 millionar tonn. For å unngå det vert fiskepresset redusert når bestanden kjem under fem millionar tonn. 

– Silda har ikkje produsert ein god årsklasse på ti år, og når silda etter kvart døyr; anten naturleg eller av di ho vert fiska, minkar logisk nok bestanden, forklarar Stenevik. 

– Vi forskarar gjev kvoteråd, men dei er altså baserte på ein haustingsregel som er bestemt av politikarane.

Treng påfyll av gode årsklassar

Vi må tilbake til 2009 for å finna det siste toppåret for silda; då var gytebestanden meir enn dobbelt så stor som i dag.

No ventar forskarane på ein ny superårsklasse som kan bidra positivt til bestanden.

Fjorårets kull ser lovande ut, men det vil ta fire til fem år før desse eittåringane eventuelt byrjar å markera seg, og kvotane kan setjast opp.

Havforskingsinstituttets faste tokt i mai vil visa om 2013-årgangen er så god som han teikna på fjorårets økosystemtokt, der årets kull av sild og annan fisk vart målte.

– Mai-toktet, der fem fartøy deltar, gjev ei svært god dekning av silda, seier Stenevik. 

Han fortel at det alltid er uvisse knytt til berekningane av gytebestanden.

– Men det er viktig å hugsa på at denne uvissa like gjerne kan føra til at vi overvurderer bestanden som at vi undervurderer den, seier forskaren.

Taiming, taiming, taiming 

Det er ikkje uvanleg at sildebestanden går lengre periodar utan å produsera sterke årsklassar. Det kan skje sjølv om gytebestanden er stor.

Kvifor styrken på årsklassane varierer, er eit spørsmål som forskarane har arbeidd med i mange år. Ulike forhold spelar inn på overlevinga, og det kan skifta frå år til år kva som er viktig for at sildelarvene skal klara seg.

Silda gyt relativt tidleg på året og dei nyklekte larvene treng mat tidsnok for å overleva.

Dette klaffar ikkje alltid; det hender at våroppblomstringa kjem for seint for larvene, fortel Stenevik.

– Sildelarvene risikerer også å bøta med livet undervegs til oppvekstområda i Barentshavet. Makrellen kan beita på sildelarvene; og ei hypotese går ut på at larvene må driva raskt nordover for unngå stort ”overlapp” med predatorar som nettopp makrellen.