– Viss vi antar at 20 høgdemeter av det vi ser på videoane er korallar, betyr det at revet er minst 4000 år gammalt, anslår havforskar Tina Kutti.
Det nyfunne Bukkarevet ligg på terskelen til Hardangerfjorden, ved Bukkaskjeret. Det strekker seg fleire hundre meter i kvar retning, akkurat innafor grensene til Miljødirektoratet sitt foreslåtte Ytre Hardangerfjorden verneområde (sjå faktaboks).
Fann nåla i høystakken
Forskarane har lenge hatt mistanke om Bukkarevet etter sporadiske korallfunn i området. Både Kutti og andre har leita etter det før. Men i tussmørket på 150 meters djup ser kameraet berre nokre meter framfor seg. Det er med andre ord som med nåla i høystakken.
– Det var utruleg kjekt å endeleg få bekrefta at revet faktisk finst. Og det med eit kamera som eg stod på dekk og heldt i, seier Kutti.
Den handhaldne videoriggen er laga av Havforskningsinstituttet og består av nokre pvc-røyr og GoPro-kamera i eit dykkehus. Her bemanna av Tina Kutti. (Foto: Vivian Husa / Havforskningsinstituttet)
Vil halde avstand mellom oppdrett og korall
Forskarane var på tokt for å lage ein «manual» for korleis oppdrettarar bør undersøke havbotnen før dei ber om å få plassere nye oppdrettsanlegg.
Botnen rett under anlegg, blir påverka av nedfallen skit og fôr frå merdane, eller innhegningane. Havforskarane vil generelt rå mot å plassere anlegg for nære korallar.
Bukkarevet ligg sør for Bukkaskjeret, på terskelen til Hardangerfjorden. Fem kilometer vest ligg industribyen Leirvik på Stord. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)
Veit lite om kystbotnen
– Funnet viser kor viktig det er å kartlegge unik natur på havbotnen. Vi har hatt fleire tokt i området, men ikkje sett dette revet før, seier Kutti.
Til havs samarbeider HI med Norges Geologiske Undersøking om systematisk havbotnkartlegging. Havbotnen langs kysten er lite kartlagt.