Verdas eldste stein

Grunnfjell som stikk opp langs Hudson Bay i Canada kan vere heile 4,28 milliardar år gammalt – og dermed eldste kjende rest av den tidlige jordskorpa.

Published
(Foto: Science/AAAS)
(Foto: Science/AAAS)

Jordkloden er 4,6 milliardar år gammal. Den steinete skorpa som gir oss fotfeste, størkna like etter at planeten blei danna.

Men sidan jordskorpeplatene heile tida rører på seg (med mellom éin og ti centimeter i året), ny skorpe blir danna, og gammal skorpe sig ned igjen i den glødande magmaen og smeltar – er det ikkje mykje att av den tidlegaste steinen.

Det meste har blitt most, knust og resirkulert i jordas indre fleire gonger sidan kloden blei til. Mekanismane som sørgjer for dette er kalla platetektonikk.

(Foto: Science/AAAS)
(Foto: Science/AAAS)

Les meir om platetektonikk i denne artikkelen.

Så då er det kanskje ikkje så merkeleg at det blir litt oppstyr rundt stein som viser seg å vere 4,28 milliardar år gammal.

Grønstein

Dette er 250 millionar år eldre enn nokon annan stein som er undersøkt til no.

Grønsteinen i Nuvvuagittuq-beltet blei først lagt merke til i 2001, som ein mogeleg funnstad for veldig gammal stein.

Denne steinen har ei mineralsamansetjing som minner om vulkansk stein frå dei områda der jordskorpeplatene krasjar saman.

Geologar tok med seg prøver av steinen og undersøkte alderen ved å sjå på ørsmå variasjonar i den isotopiske samansetjinga av dei sjeldne grunnstoffa neodym og samarium.

Konklusjonen var at prøvene var frå 3,8 til 4,28 milliardar år gamle.

Zirkonar

I dateringa er det teke i bruk nokre modelleringar og antakingar, som gir ei viss uvisse, men undersøkinga gir uansett informasjon om den første tida då jordskorpa skilde seg frå mantelen.

(Foto: AAAS/Science)
(Foto: AAAS/Science)

- Det har vore gjort enda eldre dateringar frå Vest-Australia, for isolerte og hardføre mineralkorn kalla zirkonar, fortel Richard Carlson ved Carnegie Institution for Science i Washington i USA.

- Men dette er dei eldste heile steinane som er funne så langt, seier han i ei pressemelding.

Dei eldste zirkondateringane er på 4,36 millionar år.

Før denne undersøkinga, var dei eldste heile, daterte steinane frå eit steinområde kalla Acasta Gneiss i eit anna kanadisk område kalla Northwest Territories.

Her er steinen 4,03 milliardar år gammal.

Referanse:

Jonathan O’Neil, Richard W. Carlson; Don Francis & Ross K. Stevenson; Neodymium-142 Evidence for Hadean Mafic Crust; Science; 26. september 2008; doi: 10.1126/science.1161925.