Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Pandemien ser ikkje ut til å ha påverka vaksne sin fysiske aktivitet. Mange sit mykje i ro.(Foto: Colourbox)
Vaksne sitt for mykje stille og er for lite fysisk aktive
80 prosent av oss sitt stille åtte timar eller meir kvar dag, og av dei er det berre tre av ti som oppfyller dei nye anbefalingane for fysisk aktivitet. Det viser nye tal frå Noregs idrettshøgskole og Folkehelseinstituttet.
– Fysisk aktivitet er bra for helse og livskvalitet gjennom heile
livet og er sentralt for å førebygge sjukdom. Resultata frå denne nye
kartlegginga av fysisk aktivitet og tid i ro viser at det framleis er
eit betydeleg potensial for å auke tid brukt til fysisk aktivitet i den norske
befolkninga.
– Særleg blant dei eldste, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole (NIH) og
forskar ved Folkehelseinstituttet (FHI).
Kartleggingssstudia
Stillesitting kan og
bør bli kompensert med fysisk aktivitet
Sidan førre gong vi målte, som var i 2014/15, har Helsedirektoratet justert anbefalingane.
– Den største skilnaden er at kravet til fysisk aktivitet i veka er
høgare for dei som til vanleg sitt stille åtte timar eller meir i løpet av
dagen. Dei blir nå anbefalt å vere i aktivitet minst fem timar i veka, seier
Ekelund og legg til:
– At så få som tre av ti oppfyller denne anbefalinga, gjev grunn til
bekymring. Å sitte mykje stille er ikkje bra for helsa. Fysisk inaktivitet er
ein viktig risikofaktor for å utvikle sjukdommar som kreft, diabetes, hjarte-
og karsjukdom. Det positive er at dersom du er bevisst på stillesittinga di
og er nok fysisk aktiv, vil dei uheldige konsekvensane bli eliminert,
understrekar Ekelund.
Kvart minutt tel
Ei anna justering i anbefalingane er at kvart minutt du er aktiv, tel.
Du treng ikkje sette av ein time til ei treningsøkt. Nå tel alt du gjer anten
det er å springe etter bussen, gjere husarbeid eller å gå i trapper.
– Men ei real treningsøkt der pulsen aukar og du må puste litt ekstra, er sjølvsagt veldig bra. Da kan du halvere tida som er anbefalt, seier Jostein
Steene-Johannesen, professor ved NIH.
Store forskjellar i
aktivitet
I snitt gjekk deltakarane i undersøkinga 8.000 skritt kvar dag.
– Det er bra, men forskjellen på dei som er veldig aktive og lite
aktive, er stor. Dei som beveger seg lite, går i gjennomsnitt 2.000 skritt om
dagen, mens dei som beveger seg mykje, tikkar inn over 16.000 skritt om
dagen, seier Steene-Johannesen.
Han meiner det er viktig å fylgje med på dette og ikkje berre sjå på
gjennomsnittet.
– Vi veit at dei med lågare utdanning er mindre fysisk aktive og er ei
gruppe som kan ha dårlegare helse. Derfor må vi nå gruppa som har det lågaste
aktivitetsnivået med gode tiltak, slik at også denne gruppa kan oppleve dei
positive gevinstane av auka fysisk aktivitet, presiserer Ulf Ekelund.
I aldersgruppa over 65 år er det ein tydeleg trend at aktivitetsnivået
fell med aukande alder. Dei over 80 år går i snitt halvparten så mange skritt
samanlikna med dei mellom 20-64 år.
Annonse
– Det er både naturleg og forståeleg at 80-åringar er mindre fysisk
aktive enn 25-åringar, men helsegevinsten ved fysisk aktivitet er stor i alle
aldersgrupper. Derfor er det viktig at det blir lagt til rette slik at alle
eldre får moglegheit til å vere fysisk aktive, meiner Ekelund.
For lite
styrketrening
Vi er betre på å gå på tur enn å drive med styrketrening. Å trene
styrke er viktig for alle vaksne og ikkje minst dei eldre.
Sjølv dei aller eldste kan halde seg mykje friskare, meir i aktivitet
og klare seg betre og lengre på eiga hand med regelmessig styrketrening.
Mange helseproblem og plager kan både bli førebygd og behandla ved
hjelp av styrketrening.
– Det er fleire måtar å trene styrke på. Du treng ikkje å gå på
treningssenter, men du kan også gjere mykje heime eller ute med eigen
kroppsvekt, forklarer Ekelund.
Stabilt sidan førre
måling
Kartlegging av fysisk aktivitet i befolkninga er viktig for å kunne
fylgje trendar og utviklingstrekk, og for å identifisere område der innsatsen
må aukast.
– Resultata frå denne undersøkinga viser oss mellom anna at pandemien
ikkje ser ut til å ha påverka vaksne sin fysiske aktivitet, seier Ekelund.
Sidan målingane begynte i 2008 var det ei auke i fysisk aktivitet fram
til 2014. Denne auka ser nå ut til å ha flata ut. Det vil seie at vi framleis
har et stykke igjen til vi når Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt mål.
Dei har sett seg mål om å redusere delen av befolkninga som ikkje når
dei nasjonale anbefalingane om fysisk aktivitet, med 15 prosent innan 2030.
Referanse:
Annonse
FHI og NIH, rapport om befolkningas aktivitetsnivå, Kan3, 2023. (Lansert kl. 08:00 25.04.23)
Om rapporten
Totalt har 3.006 personar delteke i alderen 20–80 år.
Eit atterhald er at utvalet som har takka ja til å vere med, er noko selektert. Fleire har høgare sosioøkonomisk status samanlikna med resten av befolkninga. Det betyr at måling av aktivitetsnivå truleg vil vere noko overestimert.