Fotballmolekyl i fast form oppdaga i rommet

NASA har oppdaga runde fotballmolekyl i fast form i verdsrommet for første gong. Den enorme mengda som er funne, svarar til volumet av 10 000 Mount Everest.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fotballmolekylet som består av seksti karbonatom forma som ein fotball, er funne omkring to stjerner som ligg 6500 lysår frå jorda. (Foto: NASA/JPL-Caltech)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Buckminsterfulleren:

Også kalla fotballmolekylet, buckyball, C60
Molekylet består av seksti karbonatom som saman dannar ei hol sfære som ser ut som ein fotball.

Oppkalt etter den skotske arkitekten Buckminster-Fuller som er kjend for sine byggverk med geodetiske kuplar.

Materialet har særeigne eigenskapar som gjer det interessant i blant anna medisin og industri.

Oppdaga første gong i eit laboratorium i 1985. Forskarane Harold Kroto, Robert Curl og Richard Smalley fekk Nobelprisen i kjemi for oppdaginga av C60 i 1996.

(Kjelde: snl.no og wikipedia.org)

Med NASAs Spitzer Space Telescope har forskarar for første gong oppdaga det runde fotballmolekylet i fast form i verdsrommet.

Fotballmolekylet, som eigentleg heiter buckminsterfulleren (også kalla buckyballar), er eit sært kjemisk molekyl som består av seksti karbonatom som er sett saman som ein fotball (sjå faktaboks).

Det faste stoffet laga av buckyballar er oppdaga som ørsmå partiklar rundt eit par stjerner kalla «XX Ophiuchi» som ligg 6500 lysår frå jorda.

Oppdaginga som er gjort av eit team av forskarar med professor Nye Evans ved Keele University i spissen, bli publisert i tidsskriftet Monthly Notices of the Royal Astronomical Society.

Mengda som er funne er berekna til å motsvare volumet av heile 10 000 Mount Everest-fjell.

Sjå NASA-video om buckyballar i rommet:

 

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no 

 

Powered by Labrador CMS