Annonse

Det rundaste objektet i verda

Målingar gjort av engelske forskarar viser at elektronet er så nær ei perfekt sfære som ein kjem. Likevel har fysikarar enno ikkje gitt opp håpet om å finne at elektronet er ørlite grann asymmetrisk.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Elektrona som svirrer kring kjernen i eit atom er omtrent så trill runde som det går an å bli avslører nye målingar. (Illustrasjon: Per Byhring)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Forskarar ved Imperial College London har gjort målingar som viser at elektronet kan vere det rundaste objektet vi veit om i universet.

– Det er ein heilt fantastisk presisjon i målingane som desse forskarane har gjort, seier partikkelfysikar Bjørn Samset ved CICERO.

– Viss vi kunne blåse opp elektronet slik at det blir på storleiken med solsystemet, så er det framleis kulerundt med ein feilmargin som ikkje er større enn tjukkleika til eit menneskehår, seier fysikar Edward Hinds som var leiar for forskarteamet.

Hinds og kollegaene hans kom fram til dette resultatet ved å studere korleis elektrona i molekyl av stoffet ytterbiumfluorid oppfører seg i sterke elektriske og magnetiske felt.

____________________

Les hele saken på NRK.no 

Powered by Labrador CMS