FoU-pris til Elin Eriksen Ødegaard

FoU-prisen skal løne høg kvalitet i forsking og utviklingsarbeid. Mottakarar av prisen skal ha utført forsking, utviklingsarbeid, nyskaping eller kunstnerisk utviklingsarbeid som held høg kvalitet i nasjonal og internasjonal samanheng.

Juryen seier i si grunngjeving at Ødegaard har utmerka seg ved høg kvalitet i forsking og forskingsleiing. Ho har løfta fram barnehagen som fag- og forskingsfelt, og har særleg arbeidd med å utvikle kvalitet i forskinga innan det pedagogiske feltet, med vekt på barnehagen som danningsarena, skriv Høgskulen i Bergen på sine nettsider.

Ho bidreg til at aktivitetane ho leiar er nyskapande og framtidsretta, og at dei er i samsvar med høgskolens faglege mål og visjonar samt behova i profesjonsfeltet.

Eriksen Ødegaard leier prosjektet Barnehagen som danningsarena, som har fått midlar frå Forskningsrådet.

Powered by Labrador CMS