Åtte slike flasker, som var fylte med kvikksølv, er henta opp frå vraket av den senka ubåten. Berre ei av dei var heil og inneheldt kvikksølv. Likevel stammar ikkje kvikksølvet som ein finn i fisken rundt vraket frå denne kjelda. (Foto: Kystverket)

Kvikksølv i Fedje-fisken stammar ikkje frå ubåtvraket

Det viser kvikksølvet sitt eige «fingeravtrykk».

Ein skulle kanskje tru at fisken som sym rundt det gamle ubåtvraket ved Fedje var full av kvikksølv? Trass alt hadde den forliste ubåten frå andre verdskrig heile 67 tonn med kvikksølv om bord då han vart torpedert, og mykje av dette vart spreidd utover og ligg på botnen rundt vraket.

No har forskarane funne ein metode som viser at fisken rett nok har litt kvikksølv i seg, men at kvikksølvet i fisken ikkje kjem frå ubåten.

– Kvikksølvet som er i fisk ved Fedje kjem frå den generelle forureininga som vi ser i alle kystområda våre, og ikkje frå vraket.

Det seier forskar Sylvia Frantzen ved Havforskingsinstituttet.

Fingeravtrykket til kvikksølvet

Ved å bruke ein avansert metode som klarer å skilje mellom kvikksølv frå ulike kjelder kan forskarane sjå om kvikksølvet ein finn kjem frå kjende utsleppskjelder i nærmiljøet eller frå generell ureining.

Ulike kjelder av kvikksølv har ulik samansetjing av isotopar, som er atom av same grunnstoff med ulik masse og dermed ulik vekt. Ved å måle mengda av dei ulike isotopane med eit avansert måleinstrument kan dei finne ut korleis «fingeravtrykket» til kvikksølvet i ei prøve ser ut og samanlikne dette med andre prøver.

Undersøkingane ved Fedje viser at djupvassfisken brosme som lever på botnen rundt vraket, har det same kvikksølvet i seg som brosme som er fiska andre stader langs kysten. Han har ikkje eit spesielt Fedje-avtrykk, og kvikksølvet som ein finn i denne fisken må då kome frå ein annan plass enn ubåtvraket.

– Dette rimar med at vi i mange år har funne lite kvikksølv i brosma ved Fedje samanlikna med andre stader langs kysten. Dersom kvikksølvet frå vraket hadde enda opp i næringskjeda burde jo vi ha funne mykje kvikksølv i fisken i området. Vi finn ikkje spesielt høge nivå av kvikksølv verken i lever eller i filet her, seier Frantzen.

Hadde vore verre i ein fjord

Kvikksølv rundt ubåten ved Fedje:

  • Den tyske ubåten U-864 vart senka i 1945 med 67 tonn kvikksølv om bord. Han vart delt i to, og flytande metallisk kvikksølv enda på havbotnen.
  • Vraket vart funne igjen i 2003, og sidan 2004 har Havforskingsinstituttet på vegne av Kystverket kvart år målt kvikksølv i fisk og krabbe nær vraket.
  • Muskel av fisk og krabbe har ikkje høgare kvikksølvnivå her enn andre stader langs kysten, trass høge nivå av kvikksølv i botnsedimentet nær dei to ubåtdelane.

Kvikksølv er eit svært giftig tungmetall som i for store mengder mellom anna kan påverke funksjonen og utviklinga til hjernen, spesielt hos foster og små barn. Difor fyl norske myndigheiter med på at maten ikkje har meir av stoffet i seg enn vi kan tole å få i oss over tid.

Kvikksølvet som har rent ut frå ubåtvraket og ligg på botnen der er metallisk kvikksølv. Så lenge metallet har denne forma kan det ikkje bli tatt opp i levande organismar.

Mange er likevel bekymra for at kvikksølvet kan bli omdanna til ein annan og mykje farlegare kvikksølvtype, såkalla metylkvikksølv.

For at ei slik omdanning skal skje, må der vere organisk materiale, gjerne kombinert med lite oksygen, slik det til dømes er i ein djup og lukka fjord. Dette gir gode vilkår for at mikroorganismar kan danne om kvikksølvet til det giftige metylkvikksølvet. I ope hav som ved Fedje samlar det seg ikkje opp så mykje organisk materiale på botnen, og det er god sirkulasjon av vatnet.

– Hadde denne ubåten vore inne i ein fjord då han gjekk ned, hadde det nok vore eit heilt anna bilete, forklarer Frantzen.

Den tyske ubåten U-864 vart senka i 1945 utanfor Fedje i Hordaland med 67 tonn kvikksølv om bord. Båten vart delt i to, og flytande metallisk kvikksølv enda på havbotnen. (Foto: Kystverket)

Brosme gir eit godt bilete av kvikksølv i all fisk

Prøvene er tatt frå fisken brosme sidan det er mykje brosme rundt vraket, og fordi brosme ser ut til å vere spesielt godt eigna til å overvake innhaldet av kvikksølv i fisk.

Brosme er ein stadbunden fisk som lever på botnen, og han har difor kontakt med massane der kvikksølvet ligg. Han er samtidig ein rovfisk som er høgt oppe i næringskjeda, og han tek lett opp i seg det farlege metallet frå maten sin som er botndyr og annan fisk.

I andre område har brosme vist seg å ha høgare nivå av kvikksølv enn mange andre fiskeslag, og i fjordar som Hardangerfjorden, Byfjorden i Bergen og Sognefjorden har Mattilsynet åtvara mot å ete brosme på grunn av dei høge kvikksølvnivåa.

Målingar gjort tidlegare viste at annan matfisk i området rundt ubåtvraket har lågare innhald av kvikksølv enn det brosme har.

Tidlegare har forskarane målt høge verdiar av kvikksølv i sedimenta nær ubåten, samt tatt fingeravtrykksprøver både frå sedimenta og direkte frå den einaste intakte kvikksølvflaska som vart funne ved vraket.

Kvikksølv frå langt vekke

Kvikksølv spreier seg over lange avstandar i atmosfæren, så kvikksølv som til dømes er slept ut frå eit kolkraftverk i Kina kan falle ned med regnvatn i Noreg eller i Arktis.

Kvikksølv kan også spreie seg med vannmassane frå tett befolka område og område med industri. Langtransportert forureining er difor mange stader den viktigaste grunnen til at vi finn kvikksølv i miljøet.

Forskarane har også undersøkt fingeravtrykket til kvikksølvet som er i brosme andre stader langs kysten og inne i fjordar. Bortsett frå brosmene frå Hardangerfjorden, der kvikksølvet kan knytast til lokale industriutslepp, kan ikkje kvikksølvet i brosmene frå dei andre stadene knytast til bestemte kjelder.

Kvikksølvet i brosme fiska lenger nord, i Norskehavet, hadde eit litt ulikt fingeravtrykk frå brosme frå kysten mot Nordsjøen og Skagerrak.

– Det kan sjå ut til at til lenger nord ein kjem, til mindre finn ein av kvikksølv frå lokale kjelder, og til meir finn ein av typen som er langtransportert, seier Frantzen.

Referanse:

Ana Rua-Ibarz m.fl: Tracing Mercury Pollution along the Norwegian Coast via Elemental, Speciation, and Isotopic Analysis of Liver and Muscle Tissue of Deep-Water Marine Fish (Brosme brosme). Environmental Sceince and Technolgoy. 2019. DOI: 10.1021/acs.est.8b04706

Kvikksølv:

  • Kvikksølv er eit giftig tungmetall som finnast i ulike delar av miljøet. Det finnast både i luft, vatn og jord i svært lave mengder.
  • I miljøet kan kvikksølv bli omdanna til den giftigaste forma, metylkvikksølv. Denne forma kan lettare bli tatt opp av levande organismar.
  • Når dyr et, beheld dei meir metylkvikksølv frå alt dei et enn det som vert skilt ut, og konsentrasjonen aukar frå ledd til ledd oppover i næringskjeda. Dyr øvst i næringskjeda vil difor ha relativt høge kvikksølvnivå.
  • Kvikksølv er eit av dei viktigaste uønskte stoffa i sjømat over heile verda, og stoffet er hovudgrunnen til dei fleste koståtvaringar for sjømat.
  • Metylkvikksølv kan over tid gi problem hos foster, spedbarn og små barn. Dei kan få problem med utvikling av nervesystem og hjerne, samt åtferd- og lærevanskar.
  • Hos vaksne kan metylkvikksølv over tid føre til hjarte- og karsjukdom, og problem med nervesystemet, samt bevegelse hemming.
  • For å unngå at folk får i seg for mykje metylkvikksølv, er det i EU og Noreg sett grenseverdiar som seier kor høge konsentrasjonar det lovleg kan vere i fisk som blir seld som mat.
Powered by Labrador CMS