Regjeringa og minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø føreslår ikkje pengar til sikringsprosjektet ved det planlagde Vikingtidsmuseet på Bygdøy. Her er ho flankert av prorektor Gro Bjørnerud Mo og museumsdirektør Håkon Glørstad.

Ingen pengar til sikringsprosjektet til Vikingtidsmuseet

Regjeringa har ikkje løyvd pengar til sikringsprosjektet ved det planlagde Vikingtidsmuseet.  – Då må me sjå korleis me skal handtera dette på ein annan måte, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.

16.5 2018 05:00

Det var i mars UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe  sende ei bøn til regjeringa om å leggja inn ei ekstra løyving på 11 millionar kroner til sikringsprosjektet ved det planlagde Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

Då revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram tirsdag, viste det seg at regjeringa ikkje har føreslått å løyva pengar til det prosjektet, får Uniforum stadfesta hos Statsbygg.

– Sikringsprosjektet må vera på plass

I eit brev som dei to toppleiarane ved Universitetet i Oslo sende til statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, den 13. mars, går det fram at dette er eit behov som Statsbygg allereie la inn som eit ynske til Kunnskapsdepartementet før regjeringa la fram budsjettforslaget for 2018.

Løyvinga blei likevel ikkje gitt. Difor håpa dei at regjeringa no kunne retta dette opp ved å tildela desse pengane i revidert nasjonalbudsjett for 2018. Tirsdag blei det altså lagt fram, og det har  heller ikkje kome pengar til prosjektet denne gongen.

– Nei, det er ingen pengar til sikringsprosjektet ved Vikingtidsmuseet, stadfestar kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statbygg overfor  Uniforum.  Ho vedgår at dette var ei strek i rekninga.

– Sikringsprosjektet må vera på plass før hovudprosjektet kan starta opp. No må me sjå korleis me kan handtera dette på ein annan måte. Så får me koma tilbake til det seinare, seier ei lettare overraska Hege Njaa Aschim.

Dermed blir neste sjanse til ei løyving til sikringsprosjektet når forslaget til statsbudsjett for 2019 blir lagt fram i oktober. 

Så langt Uniforum har funne ut, er det heller ikkje føreslått løyvd pengar til eit prosjekt som skal få dei mest talentfulle studentane i realfag og humaniora til Universitetet i Oslo. Det siste ynsket frå Universitetet i Oslo var å få tildelt pengar til den felles nasjonale satsinga på eit tematisk forskingsprogram i rettsvitskap. 

Det er ei satsing UiO vil gjera i samarbeid med universiteta i Bergen og i Tromsø. Heller ikkje dette ynsket fekk UiO oppfylt i revidert nasjonalbudsjett for 2018.

• Les mer i Uniforum: UiO ber om meir pengar til Vikingstidsmuseet

Satsar på IKT-sikkerheit

Satsinga på IKT-sikkerheit og kryptologi vil gi fleire med doktorgradsutdanning innanfor kryptologi  ved NTNU og ved Simula i samarbeid med Universitetet i Bergen.  Det går fram av forslaget til revidert statsbudsjett som finansminister Siv Jensen presenterte for Stortinget i dag.

Regjeringa vil også tildele ein million kroner til Universitets- og høgskolerådet for samarbeid i sektoren om IKT-sikkerheit i teknologiutdanningane.

– Kunnskap om kryptologi og IKT-sikkerheit er avgjerande for Noregs tryggleik. I dag har vi for få personar med høg kompetanse i kryptologi som kan sikkerheitsklarerast. Derfor er det viktig at vi styrker det langsiktige arbeidet med å bygge sterke fagmiljø, seier minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. 

Skal bli lettare å bygge studentbustader

Sidan 2015 har regjeringa tildelt midlar til å bygge 2 200 studentbustader kvart år, men alle desse bustadene er ikkje blitt bygde, blant anna fordi kostnadsrammene har vore for låge for entreprenørane. No føeslår regjeringa å auke rammene og satsane for dei 2 200 nye bustadene som Stortinget løyvde pengar til i 2018.

Det inneber at

  • kostnadsramma vert auka frå 800 000 kroner til 900 000 kroner i pressområda, og frå 700 000 kroner til 850 000 kroner elles i landet.
  • tilskotssatsen vert auka frå 300 000 kroner til 340 000 kroner i pressområda, og frå 240 000 kroner til 290 000 kroner elles i landet.

– Vi vil ha fart i utbygginga av studentbustader. Det er viktig at fleire studentar får eit rimeleg tilbod om bustad. Med auke i kostnadsrammene forventar vi at det vil bli bygd fleire bustader, seier Nybø.

Norsk studentorganisasjon (NSO) er glad for at statsråd Iselin Nybø no legg til rette for bygging  av endå  fleire studentbustader.

– Vi er glade for at det no  blir lettare å byggje studentbustader Her fylgjer regjeringa opp dei utfordringane vi løfta i haust, uttaler leiar i NSO, Mats J. Beldo i ei pressemelding.

Før justeringa av kostnadsramma som regjeringa no presenterer, har tilskotet  frå staten utgjort 34-37 prosent av kostnaden. Resten  blir betalt av studentane sjølve. Dette forholdet endrar seg ikkje med endringa  i revidert nasjonalbudsjett.

– Det er bra at også tilskotet blir heva slik  at ikkje ein endå større del blir betalt av studentane. Studentbustader er eit velferdstilbod, men det er også med på å sikre lik rett til utdanning. Bustad er den største utgifta til studentane og vi meiner at det bør byggjast endå fleire i åra  som kjem. o håpar vi at samskipnadene i Noreg endeleg får høvet til å sette spaden i jorda, seier Beldo.

Rekruttering av lærarar

Regjeringa føreslår også 10 millionar kroner til tiltak som kan bidra til å styrke rekruttering til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1 – 7. I arbeidet skal ein legge vekt på å rekruttere menn og personer med innvandrarbakgrunn.

– Fleire kvalifiserte lærarar er naudsynt for å sikre god kvalitet i skolen. Erfaringane tyder på at det å støtte lokale rekrutteringstiltak ved universitet og høgskolar, er ei god investering. Utdanningsinstitusjonane er medvitne om korleis rekrutterings- og informasjonstiltak kan få ei truverdig fagleg vinkling, seier forskings- og høgare utdanningsministeren.

Regjeringa føreslår også 6 millionar kroner til vitskapleg utstyr til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og 4 millionar til Universitetet i Stavanger (UiS).

Vil løyve 17,5 millionar kroner til ny teknologi for vatn og avløp

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å løyve 17,5 millionar kroner til etablering av Nasjonalt kompetansesenter for vass- og avløpsinfrastruktur. 

– Noreg står overfor ei omfattande fornying av vatn- og avløpsstrukturen dei neste 20 åra. Skal vi lukkast med å få ei fornying som både er berekraftig og kostnadseffektiv, vil vi trenge grønare og meir framtidsretta teknologi, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Noreg må investere 280 milliardar kroner innan vatn og avløp fram mot 2040. Nasjonalt kompetansesenter for vann- og avløpsinfrastruktur ved Campus Ås jobbar med å finne løysingar på utfordringar med mellom anna ekstremnedbør og rein og sikker vassforsyning. Senteret fekk 2,5 millionar kroner til å starta opp i 2017. 

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Annonse

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Annonse

Annonse