Seniorforskar Siv Marie Åsen og forskingsdirektør ved det nasjonale IOR-senteret Aksel Hiorth  (Foto: Mari Løvås)
Seniorforskar Siv Marie Åsen og forskingsdirektør ved det nasjonale IOR-senteret Aksel Hiorth (Foto: Mari Løvås)

- Forsking er nøkkelen til å hente opp oljereservene frå havbotnen

Ein aukande del av oljeproduksjonen skjer i dag på store havdjup og med avansert undervannsutstyr. Samstundes har styresmaktene og industrien sett seg djerve mål når det gjeld å henta opp endå meir av reservene under havbotnen.

– Dette er ei utfordring i høve til teknologien og utstyret som trengs for å auka utvinninga frå felta gjennom bruk av IOR (Improved oil recovery), og forsking er nøkkelen til at dette skal lukkast, seier Aksel Hiorth, professor ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Hiorth er forskingsdirektør ved det nasjonale IOR-senteret og har dermed ansvar både for arbeidet med oppskalering og forbetring av nye utvinningsmetodar og for at fotavtrykket frå IOR-arbeidet skal bli så lite som råd er.