Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

– Ei slik støtte forpliktar, seier professor Bodil Holst. Ho vart den første forskaren som fekk rekrutteringsstipend frå Trond Mohn stiftelse. (Foto: Ingvild Festervoll Melien).

– Støtta kom på eit kritisk punkt

FORSKERPORTRETT: Utan støtta frå Trond Mohn Stiftelse hadde Bodil Holst jobba som patentrådgivar i München. I staden er ho ein av dei mest innovative forskarane ved Universitetet i Bergen.

Publisert

Ho har alltid visst at ho skulle bli forskar, ifølgje Bodil Holst sjølv.

– Heile livet har eg vore motivert av forstå korleis verda fungerer.

Ho fortel at ho som 12-åring vitja Niels Bohr-instituttet og fekk sjå ein demonstrasjon av eit instrument, ein syklotron, med eit sterkt magnetfelt, som gjorde at ei metallplate sokk svært sakte, medan ein kam fall mykje raskare ned.

– Det gløymde eg aldri. "Dette vil eg forstå", tenkte eg.

Valet av skulegang og utdanning vart prega av vitebegjæret, ho deltok på eit ungdomslaboratorium på gymnaset, arrangert av Københavns Universitet.

– Støtta kom på eit kritisk punkt

Rundt 2007 hadde Holst vore postdoktor i fleire år ved Max Planck-instituttet i Göttingen og Teknisk Universitet i Graz etter doktorgraden ved University of Cambridge.

Ved Universitetet i Bergen ville ho arbeide med eit uhyre komplekst og teknisk utfordrande prosjekt – eit helium-atommikroskop. Det var ein heilt ny mikroskopteknikk som bruker nøytrale helium-atom til å avbilda overflatestrukturar. Denne metoden er særleg eigna til å ta bilete av skrøpelege overflater og overflater med svært store variasjonar i breidd og høgde.

– Det var eit vanskelig prosjekt å få på beina, seier Holst.

Ville satsa på nanoforsking

Ho hadde vore i kontakt med Jan Petter Hansen, dåverande leiar ved Institutt for fysikk og teknologi. Han ville satsa på nanoforsking ved universitetet. Det mangla derimot pengar og ikkje minst eit laboratorium som Holst kunne bruka til den krevande forskinga si.

– Eg visste kva eg trengde, men kunne ikkje driva dette prosjektet utan pengar.

Eit halvt år seinare tok instituttleiaren kontakt att og sa han hadde funne ei løysing. Bodil Holst vart den første forskaren som fekk støtte av Bergen Forskningstiftelse, som no heiter Trond Mohn stiftelse, gjennom eit såkalla recruitment grant.

– Den støtta kom på eit kritisk punkt. Eg måtte ha ei fast stilling. Eg tenkte på å ta ein jobb i München som patentrådgjevar. I dag er eg svært glad for at det gjekk som det gjekk, seier Holst som i dag er professor ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

Rekrutterings-stipendet var ei løyving på totalt 16 millionar kroner, delt mellom stiftelsen og UiB. Eit par år seinare fekk ho ei ekstra løyving frå Trond Mohn til å etablere eit nanostruktur-laboratorium. Som ein del av rekrutterings-stipendet fekk ho fast stilling ved UiB og høvet til å realisere prosjektet med det unike mikroskopet.

Etter at prosjektperioden gjekk ut, koordinerte ho eit EU-prosjekt på området, og prosjektet går føre seg framleis.

– No er vi tett på å vere i mål. Støtta frå Mohn gjorde at vi kunne sjå langt fram i tid.

Ros på heimebane

Som vaksen trivst Holst med livet på Vestlandet, både som forskar og som privatperson.

– Eg likar å strikke og å gå tur.

Ho har ein gut på seks år, som byrjar å verta like nyfiken som ho var som barn.

– Vi lagar ofte mat saman og ein dag spurte han meg korleis deigen hevar. Eg klarte å kome opp med ei forklaring. Han sa eg forklarte betre enn dei tilsette i barnehagen, og det må eg jo ta som ein stor ros, smiler ho.

Ho fortel at ho er djupt takksam for støtta frå Trond Mohn stiftelse.

– Eg er svært nøgd med korleis livet mitt har blitt, og det kan eg jo takke støtta for. Som forskar har eg alltid hatt i bakhovudet at eg ikkje skulle svikta dei. Ei slik støtte forpliktar.

Trond Mohn stiftelse

Trond Mohn stiftelse (tidligere Bergens forskningsstiftelse) fyller i år 15 år. Stiftelsen har siden 2004 tildelt mer enn en milliard kroner til forskningsinstitusjoner i Norge, basert på donasjoner fra Trond Mohn, Marit Mohn og Frederik Mohn.

Siden etableringen har stiftelsen ønsket å rekruttere framragende unge forskere til Bergen. I samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) er det etablert et 4-årig rekrutteringsprogram, Starting Grant-programmet, for å nå dette målet. I løpet av disse 15 årene, har 39 talentfulle unge forskere fått stipendet.

Powered by Labrador CMS