Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Håvard Haarstad er mest å sjå til fots eller på el-lastesykkel. Geografen studerer korleis byar prøver å bli meir berekraftige. Kva er det som driv fram berekraftstiltaka og kva er det som hindrar byar i å nå målsetjingane sine? (Foto: Eivind Senneset / UiB).
Håvard Haarstad er mest å sjå til fots eller på el-lastesykkel. Geografen studerer korleis byar prøver å bli meir berekraftige. Kva er det som driv fram berekraftstiltaka og kva er det som hindrar byar i å nå målsetjingane sine? (Foto: Eivind Senneset / UiB).

Ei kule varmt for klimaet

FORSKARPORTRETT: Håvard Haarstad meiner forskarar må gi alt for å endre samfunnet i rett retning. Sjølv hamna han i arresten i New York i forsøket på å redde verda.

Publisert

– Det var ein demonstrasjon mot globalisering i New York i 2002. Vi var unge, og vi tenkte at problemet var frihandel, og at Starbucks og McDonalds tok over kloden. Det var berre nokre månader etter terrorangrepet på tvillingtårna, og det var enormt med politi over alt. Det enda med at eg måtte sitte i arrest i eitt døgn og rake lauv i Washington Square Park ein heil dag.

Det fortel Håvard Haarstad, som er leiar for UiBs Senter for klima og energiomstilling (CET). No er det ikkje lenger amerikanske burgarar som opptek forskaren, men klimaet. Senteret hans samlar det fremste av forskarar på tvers av fag for å finne løysingar på korleis samfunnet kan omstille seg etter oljen.

Heilt ferdig med burgar blir han nok likevel ikkje.

– På grunn av arresten må eg ha visum for å kome inn i USA. Då eg skulle fornye visumet hos ambassaden, måtte eg krysse «ja» på om eg har blitt arrestert i USA og så måtte eg svare på spørsmål om eg likar hamburgar.

Feltarbeid i Santa Cruz eller i Stavanger?

Haarstad kvir seg ikkje for å stikke handa ned i politiske vepsebol. Geografen tok doktorgraden sin på sosiale konfliktar rundt naturgassutvikling i Bolivia, men etter doktorgraden bestemte han seg for å styre engasjementet sitt for klima og samfunn heimover.

– Skulle eg dra på feltarbeid i Santa Cruz eller i Stavanger liksom? Eg valde det siste. Som forskar så kjenner ein seg lett distansert frå samfunnet, og eg er opptatt av det lokale og av å bringe kunnskap inn i det samfunnet som ein er ein del av, seier han.

For fire år sidan vart Haarstad del av rekrutteringsprogrammet til Trond Mohn stiftelse, noko som vart avgjerande for at Haarstad satsa på UiB. Haarstad fekk midlar til å tilsetje seg sjølv i fire år og ein avtale om å lyse ut ei fast stilling innan feltet. Dessutan fekk han tilsetje doktorgradsstipendiatar og ein postdoktor til å jobbe på prosjektet.

– Rekrutteringsstillinga skapte ei bru over i fast stilling, og for meg kom det på eit viktig tidspunkt i livet og i karrieren. Også for UiB er dette gunstig. Ein har gjerne dyktige folk, men ikkje ledige stillingar akkurat då og dermed risikerer ein å miste talent, seier han.

Lever som han preikar

Ser du Haarstad i byen, ser du han gjerne syklande på ein el-lastesykkel tunglasta med ungar. Køyrer han bil, så er det bil frå Bildeleringen.

– Eg prøver å leve som eg preikar og sjølv om eg ikkje eig ein bil, så må eg bruke ein av og til for å få alt til å gå opp, erkjenner han.

I Trond Mohn-prosjektet European cities as actors in climate and energy transformations studerer Haarstad korleis byar prøver å bli meir berekraftige. Kva er det som driv fram berekraftstiltaka og kva er det som hindrar byar i å nå målsetjingane sine?

– Vi har funne ut at det meste av politikkutviklinga på berekraft i byar skjer lokalt, og at dei typisk blir hindra i å omstille seg på grunn av at ulike aktørar jobbar parallelt med motstridande mål. Vi har difor utvikla metodar for å sette fragmentert politikk inn ei ein større samanheng, forklarer han.

Kritisk masse for klimasenter

Med Starting Grant frå Trond Mohn stiftelse i lomma var grunnlaget lagt for at Haarstad kunne bygge opp eit fagmiljø på klima og energiomstilling.

– Dette stipendet var heilt utslagsgivande for at eg oppnådde min draum om å bli professor på universitetet, og draumen om å skape eit fagleg fellesskap rundt det eg vil forske på. No har vi ei aktiv forskargruppe med dyktige og unge folk som kjem til å prege fagfeltet i mange år framover.

Stipendet var også utslagsgivande for å bygge opp klima og energiomstillingssenteret CET.

– Det har tatt forskjellige støtteordningar, men stipendet frå Trond Mohn stiftelse var det som gjorde at vi fekk kritisk masse slik at vi kom i gang, seier han.

Trond Mohn stiftelse

Trond Mohn stiftelse (tidligere Bergens forskningsstiftelse) fyller i år 15 år. Stiftelsen har siden 2004 tildelt mer enn en milliard kroner til forskningsinstitusjoner i Norge, basert på donasjoner fra Trond Mohn, Marit Mohn og Frederik Mohn.

Siden etableringen har stiftelsen ønsket å rekruttere framragende unge forskere til Bergen. I samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) er det etablert et 4-årig rekrutteringsprogram, Starting Grant-programmet, for å nå dette målet. I løpet av disse 15 årene, har 39 talentfulle unge forskere fått stipendet.