Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Det kan vere andre sider enn kven som eigar ei kraftutbygging som er mykje viktigare for å forstå kva som er ein bra måte å forvalte landskapet på. Til dømes – korleis er ulike former for energi skattelagt? Og kva er prisen for inngrepa, reint naturmessig? (Foto: mkant / Shutterstock / NTB scanpix)

Kva har eigarskap å seie for om vi aksepterer nye utbyggingar av fornybar energi?

Skal Hydro bygge ut fossen i heimkommunen din, eller ei gruppe lokale bønder? Dette kan ha lite å seie for folk flest, tyder ein ny studie på – derimot blir vi raskt utrygge og sinte om det skulle skje eit eigarskifte.

Publisert

Guleslettene i Sogn og Fjordane er eit utstrekt, ope og mjukt bølgjande landskap ved kysten i Bremanger. Du kan sjå langt der. Det bles mykje.

Staten godkjente utbygging av vindmøller der, og eit norsk privat selskap, Zephyr, fekk konsesjon. Sommaren 2018 stod vindkraftparken klar. Så, berre fire dagar etter at vindkraftverket var godkjent, blei det kjøpt opp av verdas største investeringsfond, BlackRock. Stein Malkenes, kommunestyrerepresentant i Flora, sa om eigarskiftet:

– Noreg reduserer seg sjølv til ein ressurskoloni der vi gir bort naturressursane vår til utanlandske investorar og sit tilbake med alle ulempene og nokre knappar og glansbilde.

Kvifor gjer folk som dei gjer?

Kjenslene hans kring eigarskiftet er ganske typiske, kan det vise seg. Nordmenn er klare til å akseptere eigarar av forskjellige slag innan kraftindustrien – men så snart det er eit skifte, reagerer dei med skepsis.

«Better the devil we know» er eit kjent engelsk uttrykk – og dette gjeld med stor tyngd når det gjeld kven som forvaltar naturen vår. Det meiner Phillip Toney – bachelorstudenten som har leia eit åtferdseksperiment om krafteigarskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Eksperimentet ble gjort i samråd med blant andre Kristin Linnerud, professor ved Institutt for miljø og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet . Studien er publisert i det vitenskaplege tidsskriftet Energy Policy.

Forandring er ubehageleg

Professor Kristin Linnerud er økonom og har vore spesielt interessert i økonomiske føresetnader for fornybar energi-utbygging og eigarskapsmodellar. Ho meiner det er svært viktig å undersøke folks haldningar til endring, nettopp fordi menneskeheita står overfor enorme endringar i tida som kjem.

Men endringar er som regel ubehagelege og uønskte blant folk flest – sjølv for dei mest miljømedvitne iblant oss.

– Dette er ei underleg og problematisk side ved menneskeleg psykologi. Vi motset oss ofte ting vi inst inne veit vil vere bra for oss, seiar Linnerud.

Store endringar innan eigarskap

Innan energifeltet er det store endringar. Gjennom hundre år var kraftproduksjonen i Noreg eigd av kommunale selskap. Så, dei siste par tiåra, har det komme inn nye eigarar av fleire slag.

På 2000-talet sette mange bønder i gang med å bygge småkraftverk i vassdrag. Sidan selde dei seg ut til småkraftselskap som dukka opp som paddehattar i ein periode. Då lønnsemda blei dårlegare enn venta, selde selskapa krafta vidare til multinasjonale selskap. Mykje av det same skjer innan vindkraft – og i større fart, sidan feltet er mindre statleg regulert.

Sette opp eit eksperiment

Mange private aktørar byrjar også å komme inn på eigarsida: OBOS, IKEA, KLP og reiaren Fred Olsen er blant dei som har byrja å investere i grøn energi. Tenkjer dei nye krafteigarane annleis? Og kva har eigarskap å seie for aksept av nye utbyggingar av fornybar energi?

Det siste spørsmålet såg bachelorstudenten Philip Toney på. Han brukte klasseromma på Campus Sogndal som laboratorium. Han delte studentar i to grupper, og presenterte eit kraftutbyggings-scenario for begge gruppene. Han skildra eit utbyggingsprosjekt som skulle finne stad i heimkommunen deira, og alle konsekvensane av utbygginga: kor mange arbeidsplassar det ville skape, og kor mykje anleggsbråk, naturskade, infrastruktur og skatteinntekter prosjektet ville generere.

Omstenda var heilt like i dei to scenarioa, bortsett frå ein ting: eigaren. I det eine tilfellet fekk gruppa presentert at det var Hydro som skulle bygge ut fossen – i det andre tilfellet var det eit lokalt bondelag som danna aksjeselskap.

Philip Toney i framgrunnen, leia eit eksperiment om eigarskap og fornybar energi. Her er han saman med medforfattarane av den nye studien, Kristin Linnerud og Erling Holden. (Foto: Katrine Sele).

Vi vil at alt skal vere som før

Basert på den norske vasskrafthistoria, skulle ein kanskje tru at nært er kjært, og at lokale eigarar ville vere dei mest populære. Men slik var det ikkje. Toney fann ut at dei to gruppene var like positive til ei hypotetisk utbygging, uavhengig av om det var Hydro eller lokale bønder som stod bak.

Men så fortalde han at det skulle skje ei endring i eigarskapet. Gruppa som hadde hatt Hydro som eigar, fekk no vite at ei gruppe lokale grunneigarar skulle ta over prosjektet – mens gruppa med dei lokale krafteigarane, fekk vite at Hydro kom inn og kjøpte ut bøndene. Det som skjedde då, var svært interessant, syntest Toney.

– Begge gruppene blei med eitt sterkt skeptiske til utbygginga. Og dei var like skeptiske, uavhengig av kva veg eigarbytet hadde skjedd. Dette skal vi ikkje ha noko av, var haldninga, seiar Toney.

Toney har sett resultatet i samanheng med teoriane til nobelprisvinnar Daniel Kahnemann – forfattaren av boka Tenke fort - eller langsomt. Der skildrar han menneskeleg psykologi knytt til avgjerder, og det er spesielt eit element Toney meiner har slått sterkt ut i eigarskapseksperimentet: det som kallast status quo bias. Enkelt forklart betyr det tendensen vår til å ville at alt skal vere som før.

– Vi menneske vegrar oss for endring, for endring kan innebere tap. Sjølv i dei tilfella der endring truleg er både bra og nødvendig, nøler vi veldig med å akseptere det. Tapsaversjonen er så sterk at vinninga verkar lite tiltrekkande.

Store verdiar på spel

Dermed verkar det som vi er lite opptekne av kven som forvaltar naturen vår – så lenge det er dei same eigarane som held fram med å gjere det.

Ein må riktig nok vere oppmerksam på at desse konklusjonane er basert på eit lite utval studentar, og det er ikkje sikkert at resultata kan generaliserast til å gjelde heile befolkninga.

Det siste året har ein masterstudent jobba med same problemstillinga som Toney, berre med nasjonale versus internasjonale aktørar. Same tendensen ser ut til å vise seg i hans studium – haldningane til eigarskap er mest positive når den er konstant.

Så kva betyr folks konservative haldningar til eigarskap for miljøet og samfunnet? Svaret på dette er ikkje rett fram, meiner Toney.

– Tapsaversjon er ein måte hjernen forsvarer oss på. Vanlegvis er det tryggast å gå for det kjente. Men i visse tilfelle forsvarer den oss kanskje for mykje, seier Toney.

Skepsis til endringar i eigarskap kan skape unødig støy kring ei avgjerd, trur han og professor Kristin Linnerud. Det kan vere andre sider av saka som er mykje viktigare for å forstå kva som er ein bra måte å forvalte landskapet på. Til dømes – korleis er ulike former for energi skattelagt? Og kva er prisen for inngrepa, reint naturmessig?

– Viss vi vil at folk skal føle seg trygge på eit utbyggingsprosjekt er det viktig at flest moglege detaljar er på plass, og at det ikkje skjer for mange endringar undervegs i prosjektet. For det skaper uvisse og mistru, seier Toney.

På same tid må folk kanskje også bli flinkare til å tole endring i tida som kjem, meiner Linnerud. Vi treng store endringar innan energiproduksjonen, og raskt – elles øydelegg vi framtida for oss sjølve. Då er det også nødvendig med mange ulike typar eigarskap, trur ho – og det er ikkje gitt i utgangspunktet kva type eigar som er best.

– Har gått for langt i å sleppe den nasjonale kontrollen

– Men kan det ikkje også vere lurt å vere skeptisk til eigarskifte i blant?

– Jo. Vi treng både skepsis og endringsvilje. Personleg synst eg at vi innan vindkraft har gått for langt i å sleppe den nasjonale kontrollen på ressursane. Vindkraft bør skattleggast like mykje som vasskraft, no som det har blitt lønsamt å bygge ut, seier Linnerud.

– Vi må sikre at verdien av at den norske naturen går tilbake til det norske fellesskapet – og at det kostar å bygge ut. Djupast sett handlar det om å sette pris på naturen vår. Vi må ikkje selje den for billeg.

Referansar:

Linnerud, K., Toney, P., Simonsen, M. & Holden, E.: "Does change in ownership affect community attitudes toward renewable energy projects? Evidence of a status quo bias". Energy Policy, 1. mai 2019. Samandrag

Renewable Energy Projects: Local Impacts and Sustainability (RELEASE) (2016-2021). Forskningsprosjekt finansiert av Forskningsrådet, næringslivet og offentlege instanser med ein total budsjettramme på 25 millioner.

Powered by Labrador CMS