- Ein aktivitet som å køyre trillebårlass er med på å få opp pulsen. Det er god kondisjonstrening å gå fram og tilbake og kan bli som ei intervalløkt, seier førstelektor Bjørg Oddrun Hallås. (Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix)

Mye god trening i ein dugnad

Neste gang du blir kalt inn på dugnad, så tenk: Hurra, endelig en gratis treningsøkt. Og heilt fri for prestasjonspress og konkurranse. 

Dette meiner førstelektor Bjørg Oddrun Hallås.

Ho slår eit slag for den fysiske aktiviteten som ikkje nødvendigvis høyrer inn under det folk definerer som trening, men som kan ha like god effekt som ei treningsøkt på treningsstudio.

Hallås er opptatt av å løfte fram at svært mange kvardagsaktivitetar kan gi oss god belastning på kroppen. 

– Når folk spør deg om du trener, så svarar nokon nei fordi dei tenker at dei ikkje er medlem på eit treningssenter eller i eit idrettslag. Men så kan det vere at dei utfører ulikt fysisk manuelt kroppsarbeid i kvardagen, både regelmessig og med god belastning. Det kan ha ein treningseffekt, seier Hallås.

Ho vil at fleire skal bli bevisste på at det er mogleg å vere fysisk aktiv utan å måtte oppsøke eit treningsstudio eller vere medlem i eit idrettslag.

Lite prestasjonspress

Og nå som dugnadssesongen er her, meiner Hallås at dugnadsarbeid i form av variert kroppsarbeid er eit godt døme på fysisk aktivitet der ein får brukt kroppen og sveitta utan at ein nødvendigvis tenker at ein trenar.

Dugnadsarbeid kan vere mykje forskjellig, men på denne årstida er det ofte fysisk arbeid ute i natur- og kulturlandskap det handlar om. Det kan vere å halde ved like grøntområde, skjere tre, koste, rake, fordele bark og grus, løfte fram benkar og bord og plukke søppel for å gjere felles nær- og bumiljø fint og triveleg.

– Det som er fint med dugnaden, er at det ikkje er eit press om å prestere eller konkurrere, men at det å bidra for fellesskapet med si eiga arbeidskraft er motivasjonen. Mange som trenar på treningsstudio skal konkurrere med andre, dokumentere på sosiale media korleis det gjekk og kanskje slå nokre rekordar.

– Ein dugnad stiller ingen andre krav enn at folk i alle aldrar stiller opp og arbeider saman. Folk som stiller på dugnad, har fortalt meg at det sosiale fellesskapet er viktig, at det å få det fint ute betyr mykje og at å bruke kroppen gjer ei god kjensle, fortel Hallås.

Heilt vanlege kvardagsaktivitetar kan gi oss god belastning på kroppen, som til dømes å delta i den årlege dugnaden i sameiget. (Foto: Bjørn Sigurdsøn, NTB scanpix)

Få opp pulsen med trillebårkøyring

Så kva er det i dugnaden som kan gi god trening?

– Ein aktivitet som å køyre trillebårlass er med på å få opp pulsen. Det er god kondisjonstrening å gå fram og tilbake og det kan bli som ei intervalløkt.

– Andre typiske aktivitetar er å spa på grus eller mold eller å stå og sage ned tre. Dersom ein sagar ned tre, må ein også dra på greiner og tømmerstokkar. Det kan vere god styrketrening, seier Hallås.

Ho meiner det beste med dugnaden er at det ofte gjer ein veldig variert bruk av kroppen.

– Ein får brukt dei store muskelgruppene som mage, rygg, bein og armar. Dette er musklar som stabiliserer og som er viktige at vi bruker kvar einaste dag.

Blir støl og brukar nye musklar

Dugnaden inneber at vi gjer andre aktivitetar enn vi vanlegvis utfører. Resultatet kan vere at vi blir støle og kjenner at vi har musklar som vi ikkje har kjent eller brukt på ei stund. Det er berre fint for kroppen.

– Kanskje er det godt å kjenne at ein blir sveitt utan at ein stiller i treningstights, men i staden ei sliten dongeribukse og ei gammal jakke, seier Hallås.

– I dugnadsgjengen eg var med i for ei veke sidan, var det mange som arbeidde hardt, og fleire kommenterte at det var godt å kjenne at sveitten rann og at ein hadde jobba og brukt kroppen.

Ta med barna i dugnaden 

Hallås meiner at også barna bør bli med på dugnaden.

– Foreldre må tenke at barna også kan vere med på dette. Det er utruleg kva dei klarer om dei berre får sleppe til.

Hallås meiner barna til dømes kan dra på greiner eller løfte ting og bere ting vekk. Dermed får dei gjort manuelt fysisk arbeid. 

– Og om barna får klatre og leike litt innimellom, så får dei og brukt overkroppen som ofte blir lite brukt, seier ho. 

– Ei anna viktig side ved dugnaden er at når menneske med ulike dugleiker og varierte erfaringar arbeider saman, så lærer dei av kvarandre. Det er kjekt å lære bruk av reiskapar eller varierte arbeidsteknikkar frå dei som levde i ei tid då dette var ein naturleg del av arbeid og fritid. Og den livsvisdommen, kunnskapen og evnene som mange eldre menneske har kjem ofte fram i dugnadsprosjekt. 

Grøntområda i nærmiljøet – viktige arenaer for folkehelse

Bjørg Oddrun Hallås er opptatt av å sjå verdien av grøntområda i sitt eige nærmiljø, og å lære liten og stor gleda ved å ta vare på desse områda.

Ho meiner grøntområde i nærmiljøet er viktige møteplassar. Både som arenaer for leik og læring, men også som stader kor folk har gode sanseopplevingar og der området gir moglegheit for å vere fysisk aktiv. Lærarar og elevar treng slike arenaer til undervisning utandørs, og barnehagar har behov for naturleikeplassar til variert aktivitet ute.

– Det er ikkje alle som kan gå opp på ein fjelltopp, men grøntområda i nærmiljøet er tilgjengeleg for alle.

– Det å ha tilgang til grøntområde har vist seg å gi lågare sosial ulikskap i helse, viser ein studie frå Storbritannia. Vedlikehaldne grøntområde stimulerer til fysisk aktivitet og kan vere stressreduserande, seier Hallås.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS