Gi oss i dag våre daglege basillar

Mange forskarar skuldar overdriven fokus på hygiene for at allergisjukdommar har auka så kraftig i den rike delen av verda. Er det slik at vårt problematiske forhold til skit øydelegg immunsystemet for våre born?

I følgje nye epidemiologiske studiar er sjansane for at du har astma eller allergi mindre dersom

  • du har eldre søsken (spesielt brødre)
  • dersom du sjeldan vaska ansiktet og hendene som born
  • dersom du har hatt mageinfeksjonar med mikroorganismar som stamma frå avføring
  • dersom du vaks opp på ein gard med dyr
  • dersom du har hund
  • dersom støvet heime hos deg er fylt av bakteriar
  • dersom du har budd i eit kommunistisk land heller enn i Vest-Europa.

Det er meir sannsynleg at du er allergisk dersom du fekk antibiotika som lite born.

Ei aukande sjukdomsform

Eit aukande nivå av allergiske sjukdommar (astma, høyfeber og eksem) - og andre immunsjukdommar, som diabetes, magebetennelsar og multippel sklerose, har vore synleg i vestlege land i fleire tiår, og dette uroar mange.

I enkelte av bykjernane i Europa og Amerika, melder ein om at heile 40 prosent av borna lid av allergisjukdommar. Ei slik dramatisk endring kan ikkje kome på grunn av genetiske endringar i befolkninga, meiner mange forskarar. Fleire og fleire støttar hygienehypotesen som den mest sannsynlege årsaka til auken av desse sjukdommane.

Hygienehypotesen

Samtidig som vi blir utsett for færre og færre mikroorganismar på grunn av hygiene og antibiotika, oppstår det store problem i immunsystemet. Etter å ha sett dette saman med aukande bevis for at visse mikrobiologiske komponentar spelar ei rolle for den rette modninga av immunsystemet, har ein begynt å legge ansvaret for endringane i sjukdomsmønsteret i rike land over på feil “programmering” av immunsystemet.

I den britiske journalen Biologist argumenterer Graham Rock med at immunsystemet på mange måtar liknar hjernen: Vi er født med “hardware”, men med avgrensa mengder “software”. For at immunsystemet skal fungere korrekt er vi avhengige av at systemet får inn den rette “informasjonen”, i rett rekkefølgje, frå fødselen av.

Rock er professor i medisinsk mikrobiologi ved University College Medical School, og forskingsdirektør ved SR Pharma.

Evolusjonen har forma immunsystemet

Informasjonsstraumen til immunsystemet bør ikkje vike for mykje frå det vår evolusjonære historie har sørgja for at systemet forventar, meiner han.

Pattedyr utvikla seg i mudder og slam, og menneska utvikla seg som jegerar, samlarar og jorddyrkarar - heile vegen i nærkontakt med jord og ubehandla vatn. Enkelte organismar som er svært vanlege i slam og ubehandla vatn, er sjeldne i betongmiljø eller i det klora vatnet mange av oss hentar frå springen.

Rock innrømmer at epidemiologiske studiar åleine ikkje kan bevise hygienehypotesen, men nemner andre funn som er med på å understøtte teorien. For eksempel er det no mogeleg å identifisere organismar vi ikkje lengre blir utsett for i særleg grad.

Bakteriar vernar mot sjukdommane

Nokre av desse kan nyttast til å behandle allergiar i eksperimentelle modellar, og ein er i ferd med å identifisere dei immunologiske funksjonane. Forsøk på menneske stadfestar at denne behandlingsforma er effektiv.

- Vestlige land lid av aukande epidemiske sjukdommar relatert til defekt immunregulering. Forsøk viser no at visse bakteriar gir vern mot desse sjukdommane i dyr og menneske, skriv Rock i augustutgåva av Biologist.

Parallell til diabetes

Rock trekk også parallellar mellom allergisjukdommar og autoimmune sjukdommar som diabetes, multippel sklerose og mageinfeksjonssjukdommar. Dette er sjukdommar der immunsystemet angrip kroppens eige vev eller mageinnhald, i staden for allergen frå lufta, som pollen, midd eller katteproteinar.

Desse sjukdommane er også i ferd med å bli meir og meir vanlege. Men sidan dei har starta opp som sjeldne tilstandar, er talet på tilfelle framleis ganske lavt. Likevel kan ein ved eit overblikk sjå at vestlige land opplever ein auke av sjukdommar skulda upassande aktivering av immunsystemet.

- Må vite når det ikkje skal reagere

- På tvers av den vanlege oppfatninga, er den viktigaste oppgåva til immunsystemet å vite når det IKKJE skal reagere. Systemet sjekkar konstant materiale frå vårt eige vev, og materiale som kjem utanfrå, skriv Rock, og gjettar at immunsystemet avgjer å ikkje setje i gong ein immunrespons 99,99 prosent av tida.

Nye vaksiner og behandlingsformer

Rock meiner dei nye forskingsresultata er spanande, fordi dei kan bane vegen for løysingar på problemet, for eksempel i form av endringar av vaksinasjonsprogram.

- Dersom undereksponering for visse bakteriar er årsaka til sjukdomsauken, bør det vere mogeleg å bruke bakteriartane som vernande eller terapeutiske vaksiner mot sjukdommane hos dyr og menneske, skriv han.

Andre tilnæmingar kan vere å bruke levande organismar som koloniserer tarmsystemet, eller å dyrke fram ønskelege bakterieflora ved å ete materiale som favoriserer veksten av denne arten.

Les meir:

Graham Rook and Laura Brunet (2002) Give us this day our daily germs. Biologist, 49, 145-149.
Biologist

Powered by Labrador CMS