Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Farmasøyten på apoteket kan fortelja kva medisinar som er trygge å ta og korleis ein skal ta dei.
Farmasøyten på apoteket kan fortelja kva medisinar som er trygge å ta og korleis ein skal ta dei.

Samtalen som kan hjelpe gravide med å takle morgonkvalme

Éin samtale med farmasøyt tidleg i svangerskapet kan vera nok til å auka livskvaliteten til gravide som er plaga med mykje svangerskapskvalme.

Mange gravide er plaga med morgonkvalme i innleiinga av svangerskapet. For nokre er plagene ikkje verre enn at dei er til å leva med. Men for dei som har det verst, kan det bli så ille at dei vurderer abort.

– Men slik treng det ikkje vera, seier Maria Bich-Thuy Truong, stipendiat ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Ho forklarar at alle gravide får tilbod om svangerskapskontrollar. Men den fyrste av desse kjem mellom veke 6 og veke 12, medan kvalmeplagene oppstår tidlegare i svangerskapet.

Nyttig og tryggjande

– Dermed må kvinner gå i vekevis, kanskje månadar, før dei får rådgjeving frå helsepersonell. For ein del gravide kan tilbodet koma så seint at perioden med svangerskapskvalme er gått over av seg sjølv, seier Truong.

Men dei plagene desse kvinnene har gått med, kunne vore unngått, eller i alle fall redusert betydeleg.

Truong har som den fyrste i Noreg undersøkt effekten av ein tidleg samtale med ein farmasøyt på apotek og samanlikna med gravide som ikkje hadde ein slik samtale.

– Deltakarane rapporterte at dei opplevde samtalen som nyttig og tryggjande. Ut over det fann vi ingen merkbart auka livskvalitet under svangerskapet – med eitt unntak, fortel Truong.

Ikkje bli dehydrert

Unntaket var altså dei med mykje kvalmeplager. Samtalen med farmasøyten sette dei betre i stand til å handtera plagene.

– Nokre av råda er ganske enkle og knyter seg til mat og drikke: Et nok til at magesekken ikkje vert heilt tom, for ein tom mage vert lettare kvalm. Ein del gruar seg til å eta fordi dei reknar med å bli kvalme, men å utsetja måltida gjer berre problemet verre, forklarar Truong.

– Om ein let vera å ta nødvendige medisinar når ein har betydelege symptom, kan utfallet faktisk verta verre, seier Maria Bich-Thuy Truong.
– Om ein let vera å ta nødvendige medisinar når ein har betydelege symptom, kan utfallet faktisk verta verre, seier Maria Bich-Thuy Truong.

– Ein må òg passa på å drikka nok til at ein ikkje vert dehydrert.

Betydelege symptom

Men for ein del er plagene så store at slike tiltak ikkje er nok, og ein må ha medikamentell hjelp. Truong fortel at det finst kvalmestillande medisinar som vert rekna som trygge å bruke for gravide.

– Den generelle haldninga, blant gravide og òg ein del legar, er at ein helst skal unngå medisinar under svangerskapet, slår Truong fast.

– Det er ikkje feil at ein skal vera meir forsiktig enn til vanleg. Men om ein let vera å ta nødvendige medisinar når ein har betydelege symptom, kan utfallet faktisk verta verre. Dette gjeld ikkje berre kvalme, men òg andre sjukdommar. Ved til dømes diabetes er medisinsk behandling under svangerskapet heilt nødvendig.

– Nokre tenkjer vel òg at kvalmen er ein naturleg del av det å vera gravid og at ein dermed må halda ut.

Kastar opp på direkten

Slike ting er det ein enkel samtale med ein farmasøyt på næraste apotek, kan bidra til å klargjera. Farmasøyten er kunnskapsrik, lett tilgjengeleg og kan vurdere kor alvorleg kvalmen er og tilrå behandling.

Han eller ho kan òg fortelja kva medisinar som er trygge å ta og like viktig: korleis ein skal ta dei.

– Kvalmestillande medisinar bør takast førebyggjande, før kvalmen når toppen. Alle som er plaga med reisesykje, veit at tablettane skal takast eit par timar før reisa. Det same prinsippet gjeld ved svangerskapskvalme, forklarar Truong.

– Men dersom den gravide utset å ta kvalmestillande ut frå ein ugrunna skepsis, kan det bli for seint. Dersom du har blitt så kvalm når du til slutt tek medisinen at du kastar han opp på direkten, har han sjølvsagt ingen effekt.

Bidra med informasjon og støtte

Truong forklarar vidare at kvalmestillande bør takast samanhengande over fleire dagar for at dei skal gje effekt. Mange tek kanskje ein tablett, men sluttar så behandlinga på eige initiativ dersom dei ikkje merkar nokon forskjell med ein gong. Farmasøyten kan vera med på å gje denne informasjonen og trygga kvinnene med behandlinga.

Truong seier tidspunktet for samtalen er avgjerande.

– Denne eine, tidlege samtalen kan altså ikkje berre bidra til at plagene der og då vert mindre, men òg at livskvaliteten vert betre seinare i svangerskapet for dei det gjeld.

Ho understrekar at behandling med kvalmestillande medisinar alltid må skje i samråd med lege, men at apotekfarmasøytar kan bidra med viktig informasjon og støtte til den gravide.

Referanse:

Maria Bich-Thuy Truong mfl.: The effect of a pharmacist consultation on pregnant women’s quality of life with a special focus on nausea and vomiting: an intervention study. BMC Pregnancy and Childbirth, 2020. Doi.org/10.1186/s12884-020-03472-z


Powered by Labrador CMS